Hopp til innhold

Fekk kontrakt etter 19 år

Han har hatt trua på bølgjekraft i årevis, men det skulle ta 19 år før Geir Arne Solheim endeleg skulle få sin første kontrakt.

Geir Arne Solheim

NØGD: Geir Arne Solheim jublar etter å ha fått kontrakt med firmaet sitt Havkraft AS.

Foto: Privat

– Eg kan ikkje gå ut med namnet, men det er ein norsk aktør som har teikna kontrakt med oss, seier Solheim, som er dagleg leiar i Havkraft AS.

Selskapet held til på Raudeberg utanfor Måløy, og har satsa stort på å utvikle straum frå bølgjene i havet på kysten vår. Dei har alltid hatt trua på sine eigne løysingar, men har stonga hovudet i veggen ei stund no.

– For meg er dette ei stor milepæl. Eg tenkjer at dette opnar for at vi kan utvikle lokale løysingar som kan ende opp som eksport, seier Solheim, som også er gründeren bak og eigar av selskapet.

Les også: Havkraft har fått 4,5 millionar av Innovasjon Noreg

Satsar på eigen patent

Geir Arne Solheim har bygd opp selskapet, og eig i dag rundt 50 prosent av det. Fjord Invest, Stadtyard og Kvernevik Engineering AS eig resten. Innovasjon Noreg har støtte føretaket med eit millionbeløp, og tanken har alltid vore å utnytte løft og skyv i bølgjene til å produsere elektrisk kraft.

Solheim fortel at Havkraft har brukt mange år på å utvikle ein patent som kan nyttast til dette, og at det er denne som no har skaffa dei sin første kontrakt.

– Vi har utvikla ein patent på ein bølgjekraftkonverter, og det er det som er kjernen i teknologien som vi no satsar på.

Bølgjekraftskipet til Geir Arne Solheim

HAR SATSA LENGE: Det er 19 år sidan geir Arne Solheim og Havkraft AS byrja å jobbe med bølgjekraft.

Foto: Kristin Blaalid

Har aldri vurdert å gje opp

Sjølv om det tok 19 år før Solheim fekk napp på ideane sine, har han aldri vurdert å gje opp på satsinga si.

– Eg har hatt nokre tunge stunder. Det er tøff konkurranse og mange gode aktørar i bransjen, men eg har vel eigentleg aldri hatt vit til å tenkje at eg burde gje meg, seier Solheim.

Modell av bølgjekraftverk

SLIK SKAL DET SJÅ UT: Ein illustrasjon som syner bølgjekraftverket til Havkraft

Foto: Havkraft

Les også: No skal Havkraft revolusjonære kraftproduksjonen

At han endeleg får suksess med bedrifta si, trur han er mogleg fordi han har lært seg å vere fleksibel.

– Eg har lært meg å leve med uvissa, og heile tida tenke ut nye idear. Og ikkje minst er det viktig å la andre sjå deg i korta, og gje deg motstand. Det blir ingen energi utan motstand, så ein må tole litt juling.