NRK Meny
Normal

Ein gong var dette ein fiskebåt - no skal den revolusjonere kraftproduksjonen

Geir Arne Solheim og selskapet Havkraft skal i haust teste eit anlegg dei meiner kjem til å revolusjonere bølgjekraftproduksjonen. Det ferdige anlegget vil ligge om bord i ein gamal fiskebåt.

MS Havkraft

FRÅ FISKEBÅT TIL KRAFTANLEGG: Fiskebåten Stålholm skal vere flytaren, og inni skal kraftverket som Geir Arne Solheim meiner er revolusjonerande ligge.

Foto: Privat

– Vi lagar ein fullskala modul av kjerneteknologien. Til sjuande og sist kan vi ende opp med flytande plattformer. Men for små kraftverk brukar vi båtskrog. Det gjer vi for å spare kostnadar, og vi byggjer om fiskebåten Stålholm i staden for å starte frå scratch, seier Solheim.

Geir Arne Solheim har drive med bølgjekraft i 16 år, og har bygd opp selskapet Havkraft. Han eig litt over 50 prosent av selskapet. Fjord Invest, Stadtyard og Stadtvind eig resten.

Havkraft har spesialisert seg på bølgjekraft og marin fornybar energi.

– Vi har fire patenter på teknologien og utviklar fullskala anlegg for kraftproduksjon til havs. Vi ynskjer å levere teknologien til selskap som ønskjer å produsere marin, fornybar energi til havs.

– Unik teknologi

Teknologiprosjektet er eit samarbeid med Innovasjon Norge, gjennom Miljøteknologiordninga. Prosjekt har ei kostnadsramme på ti millionar kroner, og skal resultere i eit fullskala, funksjonelt kraftverk.

Bølgjekraftverk som utnyttar både løft og skyv i bølgjene til å produsere elektrisk kraft. Solheim har aldri høyrt om andre som har gjort det på same måte som Havkraft.

– Det har med teknologien å gjere, det er ingen andre som har den teknologien. Han er unik. Bølgjer løfter og skyver seg framover i sjøen. Når bølgjene treff vårt anlegg, så blir det omdanna til svingande vassøyler. I staden for roterande rørsle vert det opp og ned rørsle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stålholm

FØR: Slik såg båten ut då han var ein vanleg fiskebåt. Havkraft nyttar båtskrog fordi det reduserer kostnadane.

Foto: Privat

Han hevdar at det har vore gjort mange forsøk med dette gjennom 60–70 år, og at det har fungert, men med liten effekt.

– Vi optimalisert det og funne ein veldig god måte å reflektere bølgjene inn i anlegget på, slik at vi får mest mogleg svingingar og mest mogleg kraft.

Dette gjer dei på ulike frekvensar, seier han. Små bølgjer går inn i ein del av anlegget, større bølgjer i andre deler.

– Vi oppnår å produsere over lengre tidsrom i løpet av året. Når du tar alle bølgjetypane, produserer du meir eller mindre kontinuerleg i havet. Får veldig mange driftstimar.

Meiner det er revolusjonerande

Solheim meiner dette er revolusjonerande, og seier dei har gjort det svært enkelt.

– Det er på ein måte vasskraft til havs. Det revolusjonerande er både at energiopptaket er veldig høgt og kostnadsbiletet veldig lågt; både investerings- og driftskostnadane på dette vert veldig låge. Det gjer at det er eitt av dei prosjekta i verda som kan lukkast med å lage eit kommersielt bølgjekraftverk, seier han.

Men som med alle investeringar er utfordringa å få det til å betale seg. Med andre ord å få selskap til å betale for teknologien.

– Ein ting er at vi lukkast teknisk, men neste fase vert forretningspotensial og kva partnarar vi får med oss. Men det er veldig godt tilpassa verftsmiljøet i Sogn og Fjordane. Vi bruker veldig mykje lokale leverandørar for å ha mest mogleg komplett verdikjede i nærmiljøet, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Arne Solheim

TEST I HAUST: I haust skal fiskebåten med kraftverket ut på Stadthavet for testing. Geir Arne Solheim kallar det ein milestolpe etter mange års prøving.

Foto: Privat

Skal testast i haust

– Vi treng berre å teste ein modul. Den er klar, turbinane er komne og no er båten i klargjering for å få turbinane og konverterande om bord, seier Solheim.

Og snart skal dei teste anlegget ute på havet.

– Vi har eit håp om å teste anlegget tidleg i haust. Vi har konsesjonsområde på Testområdet Stadt. Så det blir testa i Selje i første omgang.

– Det blir spanande?

– Det blir ein milestolpe etter mange år med prøving. Vi legg ut på eitt av verdas beste bølgjeklima. Av same årsak som vi treng skipstunnel for skipstrafikken, så treng vi bølgjekraft for å utnytte dei store kreftene som er der gjennom året. Det som er gale for nokre, er bra for oss, seier Solheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser