Hopp til innhold

Fekk beskjed om å halde seg vekke frå sentrum

To unge karar rauk i tottane på kvarandre natt til laurdag.

Ein gut på 17 år og ein mann på 21 år hamna i slåstkamp i Førde. Det heile enda med at den eine personen blei vist vekk frå Førde sentrum fram til laurdag morgon.

Politiet hadde fleire ting dei måtte hanskast med i inngangen til helga.

Kl. 00.20 kom det melding om eit knust vindauge på ein skule i Årdal. Politiet har varsla kommunen om skadeverket.

Bilist målt til 110 km/t

Under ein kontroll ved Strendene på fv. 53 delte politiet ut fem forenkla førelegg. Høgste fart var målt til 110 km/t.

Ein bilist ville ikkje godta eit forenkla førelegg frå politiet, og er difor meld.

Det same skjedde under ein laserkontroll på E16 ved Bjørkum. UP delte ut tre forenkla førelegg, men ein av bilistane ville ikkje godta førelegget. Bilisten er no meld til politiet.

Mistanke om promillekøyring i Vågsøy

I Måløy blei ein mann i 30-åra tatt med til blodprøve etter mistanke om promillekøyring.

Politiet har oppretta sak på hendinga.