Hopp til innhold

Farevarsel: Åtvarar om vanskelege køyreforhold og snøfokk

Skal du ferdast på vegane bør du belage deg på glatt og dårleg føre. Eit lågtrykk fører til vêrskifte med vind og bygevêr.

Eit av vogntoga som sperrar vegen på fylkesveg 60 over Utvikfjellet i stryn kommune.

NYSNØ: Fleire vogntog stod fast på Utvikfjellet på fylkesveg 60 i Stryn kommune måndag kveld. Dette er ein av stadane det er meldig om vanskeleg køyreforhold.

Foto: Lorena Rodríguez Peinado

Eit lågtrykk mellom Noreg og Island fører til kraftig bygevær.

Verst råka blir Vestland fylke og delar av Rogaland.

Her er det også venta mykje snø i fjellstrøka over 200 meter dei neste 30 timane.

– Vi reknar også med ein del vind, snøfokk og utfordrande køyreforhold enkelte stader, seier vakthavande meterolog Hanne Beate Skattør.

Skjermdump hjå meterologane.

MYKJE NEDBØR: Kraftig bygevær gjer at det er vanta mykje snø i fjellstrøka dei neste dagane.

Snøskredfare i heile landet

Men det er ikkje berre i vest ein får merke lågtrykket som kjem sigande inn frå Norskehavet.

Blant anna har det gått eit stort snøskred like sør for Hammerfest.

Både i nord og sør er det betydeleg snøskredfare. Både Salten, Svartisen og Voss er merka med grad rødt farevarsel dei neste dagane hjå varsom.no. Det vil seie at ein må unngå skredterreng. Snøskreda kan bli store og nå ned til skredutsette vegar og bebygging.

Kraftig vind og snø gir auka skredfare fleire stader framover.

Rødt farevarsel for snøskred

SNØSKREDFARE: Skjermdump som gjeld tysdag 4.januar.

Foto: Varsom.no

Høge bølgjer og ising på båtar i Nord-Noreg

I løpet av tysdag natt vil det komme omkring sju meter høge bølgjer på kysten av Vestlandet.

Dette kallar meterologane «signifikant bølgehøgde».

Sju meter er berre snitthøgden av bølgjane. Dermed kan det lokalt komme høgare bølgjer.

– I Nord-Noreg er det ganske kaldt og ein del vind frå indre strøk bles ut fjordane. Dette gjer at sjøsprøyten fryser til is på skip. Det gjer at vi har ute eit farevarsel for ising på fartøy, seier meterolog Hanne Beate Skattør.