Hopp til innhold

Oppjusterer farevarsel: – Ein bør vurdere om ein må reise på tur

NVE utvidar farevarselet for jordskred og oppjusterer flaumvarselet på Vestlandet. – Ein må vurdere om ein bør legge ut på turen eller ikkje, seier regionsjef.

Stor fare for flaum og jordskred på Vestlandet.

ORANSJE: Varsom.no har sendt ut oransje farevarsel om jord- og flaumskred. Varselet gjeld for deler av Vestlandet. Varsom.no er eit samarbeid mellom NVE, Vegvesenet og Meteorologisk institutt.

Foto: Skjermdump / varsom.no

Meteorologane varslar 60-90 millimeter nedbør på 24 timar. Med nedbøren som allereie er komen, kan det få følgjer.

– Vi ventar store elvar og ein del flaum- og jordskred, seier regionsjef Aart Verhage i NVE.

Gårsdagens varsel om jord- og flaumskred er oppjustert til heile Vestland, sørlege delar av Møre og Romsdal og nordlege delar av Rogaland.

Aart Verhage, regionsjef NVE region vest

Aart Verhage, regionssjef i NVE region Vest, fortel at vi ventar nedbør som gjer at vassmetninga i bakken blir høg.

Foto: ODDMUND REISÆTER HAUGEN / NRK

I tillegg er gult varsel for flaum oppjustert til oransje for heile regionen. Dei mest omfattande område er framleis i midtre og indre strok.

– Det er ikkje ofte vi har varsel som dekker eit så stort geografisk område, vedgår Verhage.

Varsel til laurdag

Faren for flaum og skred varer til fredag kveld. Meteorologane har også ute gult varsel for nedbør som varer til natt til laurdag.

Oransje farevarsel betyr at det er ein alvorleg situasjon som sjeldan skjer og kan medføre store skader.

NVE ventar fleire skredhendingar, der nokre av dei kan få store konsekvensar. Veg, jernbane og bygningar kan bli råka.

– Folk bør følgje med på varsel og i media. Kanskje bør ein vurdere om ein skal dra på tur om ein absolutt ikkje må, seier Verhage.

Styresmaktene har fleire tilrådingar til folk i områda som er venta råka av uvêret:

  • Hald deg oppdatert på utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen.
  • Unngå bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring.
  • Hald stikkrenner, kummer og andre vassvegar frie for snø, is, grus, boss, kvist og lauv.

– Det er venta mykje regn og kraftige regnbyer somme stader fram til fredag kveld. Indre strøk av Vestlandet vil få dei største mengdene, skriv varsom.no.

Les også Fem år etter storflaumen har NVE framleis ikkje bestemt seg: – Dei forstår ikkje alvoret

Sverre Sedvardsen på Minigolfen Pub og Kafe under oktoberflommen 2014

Mykje nedbør

Folk blir oppmoda om å halde seg unna bratte skråningar, og bekker og elveløp som raskt kan få stor vassføring.

Vi ventar nedbør som gjer at vassmetninga i bakken blir høg. Då aukar faren for flaumskred betrakteleg, seier Verhage.

Indre delar av Nordfjord, Sogn og Hardanger, er ekstra utsette. Lokalt er det venta kraftige regnbyer.

Det er venta kraftig regn fram til natt til laurdag.

Vestlandet går våte døgn i møte.

Foto: Skjermdump / varsom.no

Verhage oppmodar folk først og fremst til å følgje med på varselet og varsom.no.

I tillegg bør privatpersonar rydde eigen eigedom, og halde avløp og slukar opne.

Mykje nedbør over mange dagar kan potensielt få store følgjer. Mange kommunar kan bli råka av vêret, seier han og viser til storflaumen i 2014.

Haustflaumen raserte fleire bustadhus i Odda og Flåm.

Haavard Stensvand

– Det er ikkje mange slike varsel vi får i året, seier fylkesberedskapssjef hos statsforvaltaren i Vestland, Haavard Stensvand.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Fylkesberedskapssjef hos statsforvaltaren i Vestland, Haavard Stensvand, fortel at dei har seint ut varsel til kommunane.

Det er ikkje så mange slike varsel vi får i året, seier han. Stensvand meiner det er god grunn til å ta varselet på alvor.

Statsforvaltaren er i tett dialog med kommunar som varselet gjeld. Stensvand ber kommunane igjen ha dialog med lokalt politi.

Det er klart at vi tek det på alvor i høgste grad, og det er grunn til at publikum og kommunar tek det på alvor, seier han.

Varsla innbyggarane

Voss Herad er ein av kommunane som kan bli ekstra hardt råka av uvêret.

– Vi har lagt ut melding til innbyggarane at det er eit oransje varsel for jord- og flaumskred, seier Tor Halvorsen, stabssjef for innbyggjarservice i Voss Herad

I tillegg er teknisk drift i kommunen i gang med å sjå etter at kummar og stikkrenner er frie.

– I den grad vi kan vere førebudde, er vi det. Det er ikkje heilt uvanleg med den type varsel.

Les også Stortinget vil likevel verne vassdraga

bucOf_Oeg1g