Hopp til innhold

Faren for straumrasjonering er nesten vekke

Mykje nedbør gjer at «rasjoneringsspøkjelset» nesten er borte. Statnett ventar likevel med å senke beredskapsnivået frå gult til grønt.

Vannmagasin - fyllingsgrad

MINDRE SJANSE: – Sjansane for at vi kjem i ein situasjonen med rasjonering har vorte lågare, seier Statnett.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Nye tal frå NVE viser at fyllingsgrada i norske magasin er 78,6 prosent ved utgangen av veke 44.

Det er ein auke med 16 prosentpoeng dei siste seks vekene.

I fjor var fyllingsgrada 72,3 prosent på same tid.

Sjansane for at vi kjem i ein situasjonen med rasjonering har vorte lågare, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje.

Han varslar samstundes at dei vil «gjere ein ny vurdering av kraftsituasjonen mot slutten av sesongen».

Lav vannstad i vannmagasin

Slik såg det ut i Vatnedalsvatn, det største magasinet i Otravassdraget, i august. Men ikkje no lenger.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

«Inntil 20 prosent sjanse» for rasjonering

I juli innførte NVE ei mellombels rapporteringsordning for produksjon av regulerbar kraft i sørlege Noreg.

Eller enklare fortald: Kraftprodusentane vart sett under observasjon

Bakgrunnen var Statnetts vurdering om at kraftsituasjonen var «stram» og at det var «inntil 20 prosent sjanse» (gult beredskapsnivå, sjå under) for at det kunne bli naudsynt med straumrasjonering.

Risiko for rasjonering
Foto: NVE

«Vi følgjer situasjonen tett og varslar at forsyningssituasjonen kan bli anstrengt i enkelte situasjonar opp mot og gjennom vinteren 2023», kunngjorde Statnett.

Øvst på lista over moglege tiltak var redusert bruk av gatelys, hyttestraum og varme i offentlege bygg.

– Tenk på korleis du kan spare straum, uttalte olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Olje- og energiminister Terje Aasland

– Det å dempe bruk av straum til oppvarming og erstatte det med andre energikjelder kan vere ein god idé, men kvart hushald må finne ut av korleis dei vil spare straum sjølv, sa Terje Aasland i juli.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Større risiko for priskrise enn forsyningskrise

Men no er det teikn til at rasjoneringsspøkjelset er drive vekk. Det seier fleire kjelder som NRK har vore i kontakt med:

  • Knut Fjerdingstad, Statkraft: Fyllingsgrada i magasina har teke seg betydeleg opp. Vi meiner, og har heile tida meint, at sjansane for rasjonering er låg. På den andre sida kan vi ikkje sjå bort frå rasjonering i andre land, noko som i sin tur kan avgrense moglegheita for import til Noreg. Det er difor større risiko for priskrise enn forsyningskrise.
  • Aslak Øverås, Energi Noreg: Fyllingsgrada er no over 80 prosent i alle prisområde, bortsett frå Sørlandet (NO2). Dette lovar bra for vinteren. Men det er framleis stor uvisse rundt energisituasjonen i Europa, så vi kan ikkje senke skuldrene heilt enno.
  • Inga Nordberg, NVE: Det er låg risiko for rasjonering kommande vår. På same tid kan den urolege situasjonen i Europa, og muligheten for eit tørt vêr og ein kald vinter, gjere at situasjonen i sørlege Noreg kan bli krevjande til våren.

Spørsmålet om rasjonering vart også diskutert i NRK Debatten tysdag kveld.

Alternativ energikommisjon vil ha full statlig kontroll over vannkraften.

Kan vente ein mild vinter med mykje nedbør

Onsdag var døgnprisen på straum i Sør-Noreg 42,6 øre/kWh.

Det gjer 9. november til den tredje billigaste kvardagen hittil i år.

Fordi prisane er lågare i Noreg enn i Storbritannia var nettoeksporten same dag på 101 GWh (straumen flyt dit han kostar mest, i dette tilfellet Storbritannia).

Ein oversikt i Europower viser at snittprisen dei første ni dagane i november er 45 prosent lågare enn på same tid i fjor.

Forklaringa er kombinasjonen av høge temperaturar, mykje nedbør og gode vindforhold.

På toppen kjem prognosane for vinteren, som seier at vi kan vente oss ein mild vinter med mykje nedbør.

For Noreg sin del viser prognosane ein temperatur som ligg 1,5 – 2 grader over normalt gjennom heile vinteren.