Hopp til innhold

Færre med afrikansk bakgrunn tar vaksinen: – Foreldra tenker at dei ikkje skal ha sex

KRONSTAD, BERGEN (NRK): Færre jenter med afrikanske foreldre tar HPV-vaksine enn jenter med norske foreldre. Legar og helsesøstrer varslar behov for informasjonsløft.

HPV Vaksine

VAKSINE: Jenter med familiebakgrunn frå afrikanske land i mindre grad tek vaksinen enn jenter med norske foreldre.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Eg tok ikkje vaksinen i første runde, fordi mor mi var litt skeptisk, fortel Ingrid Lekve Handeland.

Høgskulestudenten er fødd i 1997, og var difor i det første kullet som frå 2006 fekk tilbod om gratis HPV-vaksine i 7. klasse.

– Men etter å ha lese litt, meinte også ho at det var riktig å ta den. Så andre gongen vi fekk tilbodet, fekk også eg vaksinen, seier Handeland.

Nettopp kva foreldra meiner, har mykje å seie for om jentene får HPV-vaksinen eller ikkje, viser ein analyse Kreftregisteret har gjort av barnevaksinasjonsprogrammet.

Der kjem det fram at jenter med familiebakgrunn frå afrikanske land i mindre grad tek vaksinen enn jenter med norske foreldre. Døtrer av asiatiske foreldre har på den andre sida langt høgare oppslutning om vaksinen:

Sjølv om kartlegginga blei gjort i 2015, meiner forskarane ved Kreftregisteret at den er like representativ i dag.

– Det er nærliggande å tru at informasjon kan vere ei forklaring på kvifor nokre grupper bruker vaksinen mindre enn andre. Det er viktig å tenke på korleis vi kommuniserer tilbodet, seier Bo Terning Hansen.

– Heng saman med sex og ekteskap

Overlege ved Universitetssykehuset i Nord-Norge, Sveinung Wergeland Sørbye, trur ulike tankar om sex og ekteskap speler inn.

– Foreldre i enkelte kulturar tenker at døtrene deira ikkje skal ha sex før dei giftar seg, og då treng dei ikkje vaksine. Det dei ikkje tar omsyn til, er at mannen kanskje har hatt sex med andre før han gifter seg med henne, seier Sørbye.

– Men ein kan jo snu på det, og seie at fordi dette er ei ung kvinne som skal gifte seg, bør ho beskyttast mot viruset mannen kan ha.

Han legg til at vaksinen har best effekt om den blir tatt før seksuell debut.

Agnes Giertsen

OPPLEVER SKEPSIS: – Dei som oppsøker oss er stort sett etnisk norske ungdommar. Veldig få minoritetsungdommar som oppsøker oss, seier Agnes Giertsen, høgskulelektor og helsesøster i Bergen kommune.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Også høgskulelektor og helsesøster Agnes Giertsen trur nokre foreldre vegrar seg fordi HPV-viruset smittar gjennom sex.

– Det er veldig få minoritetsungdommar som oppsøker oss, seier Giertsen.

Etterlyser meir informasjon

Friha Aftab

VIL NÅ UT: Lege Friha Aftab ved Oslo universitetssjukehus meiner det framleis er eit stort behov for informasjon om HPV-vaksinen.

Foto: Privat

– Hovudsakleg trur eg det er snakk om ein informasjonsbrist, og at enkelte ikkje veit nok om fordelane ved å vere vaksinert, seier lege Friha Aftab ved Oslo universitetssjukehus.

Ho har tidlegare engasjert seg i å gi minoritetsmiljø betre informasjon om vaksinen (ekstern lenke).

Frå i haust får også gutar på 7. trinn tilbod om gratis HPV-vaksine. Aftab trur det vil hjelpe, men meiner det framleis er eit stort behov for informasjon.

– Det er viktig at vi når ut med informasjon også til foreldre med minoritetsbakgrunn, slik at barna får moglegheita til å ta vaksinen.

– Alle kvinner kan få livmorhalskreft

Kreftregisteret undersøker no kva foreldra sin landsbakgrunn har å seie for unge kvinner som har fått tilbod om gratis vaksine gjennom det såkalla opphentingsprogrammet, der kvinner føydd i 1991 eller seinare får tilbod om gratis vaksinering.

Handeland sin medstudent Cheima Ouerfelli (25) har foreldre frå Tunisia. Ho var ferdig med 7. klasse lenge før ein fekk vaksinen der, men kontakta sjølv fastlegen for å få han gjennom opphentingsprogrammet, for kvinner fødd etter 1990.

– Eg tenker at alle må ta denne vaksinen, seier Ouerfelli.