Hopp til innhold

Aktiv ferie er den store vinnaren – sightseeing-turisme køyrer med tomme sete

Sjølv om Vestlandet er feriefavoritten i sommar, ser det mørkt ut for reiselivsbedrifter som er avhengige av cruiseturistar. Norske turistar vil ha aktiv ferie i naturen.

Oldedalen Skyss i Briksdalen.

FULLT: Før korona var desse bilane fulle av cruiseturistar. No er det langt mellom turistane på bilseta.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi saknar utanlandske turistar, seier dagleg leiar for Oldedalen Skyss, Rogeir Haugen.

Inst i Nordfjord skyssar selskapet turistar til Briksdalsbreen. Før pandemien hadde Haugen 700.000 passasjerar. I dag har han ein skarve tidel.

– Dei norske turistane går opp til breen, medan dei utanlandske oftare nytta seg av transporten, både fram og tilbake, seier Haugen.

Utanlandske turistar ville dessutan skyssast til breen frå mai til november. No sit turistnæringa att med berre nokre få hektiske turistveker midt på sommaren.

– Det er forferdeleg trasig. Vi har mange ungdommar som brukar å ha sommarjobb her, og eg har ikkje kunne tilsett så mange i år, seier Haugen.

Rogeir Haugen dagleg leiar Oldedalen Skyss, Briksdalen.

HÅPAR: – Eg er sterk i trua når det kjem til neste år, og håpar vi kjem tilbake til normaldrift om ikkje så altfor lenge, seier dagleg leiar i Oldedalen Skyss Rogeir Haugen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Merker godt at utanlandske turistar blir borte

– Norske turistar som er på ferie i Noreg ynsker overnattingstilbod som er ei oppleving i seg sjølv. Vi ynskjer å bruke naturen og ha aktive feriar, seier leiar for Virke Reiseliv, Astrid Bergmål.

Virke si reisepuls-undersøking viser at Vestlandet er feriefavoritten blant nordmenn i sommar.

Likevel merkar reiselivsbedriftene som satsar på utanlandske turistar godt at dei ikkje har dukka opp.

– Alle dei som har levd av å tilby opplevingar for cruisegjestar har det utruleg tøft, seier leiaren.

Dei er framleis taparane og har vore det heilt sidan pandemien trefte oss.

Spesielt kjente turiststadar som Flåm og Nordkapp merkar mindre gruppe- og cruiseturistar.

For selskap som baserer seg på aktive turistar går det derimot langt betre.

Flåmsbanen

POPULÆRT: Men dei norske turistane dekkjer ikkje inn for mangelen av utanlandske.

Foto: NTB/ SCANPIX

– Vi har klart oss aldeles utmerkt

Nokre få mil frå Briksdalsbreen står hotelldirektør Rikard Grov og ser på at folk går i kø oppover den stupbratte fjellsida. Dotterselskapet Loen Active driftar den populære Via Ferrrataen i Loen.

– Vi var veldig spente for 2021 og vi er umåteleg glade for pågangen som har vore i så langt år.

Hotelldirektøren melder om høge besøkstal på Via Ferrataen, sjølv om utanlandske turistar ikkje kjem i like stor grad som tidlegare. Åtte av ti besøkande er nordmenn.

Han trur det er søk etter spenning som gjer at so mange vel å klatre opp mot fjellet Hoven.

Brua over Via ferrata i Loen.

STREKKE GRENSER: Rikard Grov trur det er jakta på spenning som gjer at så mange vil krysse denne brua på Via Ferrataen i Loen.

Foto: Jan Heggheim

Færre tek spektakulær togtur

I turistbygda Flåm inst i Aurlandsfjorden, har dagleg leiar for Flåmsbana, Sivert Bakk merka mangelen av utanlandske gjestar.

I 2019 hadde Flåmsbana nesten ein million reisande.

Så kom koronaen.

I 2020 hadde den spektakulære togturen knappe 150.000 reisande. Og i år ser det ut til å kanskje bli enno færre.

– Færre utanlandske turistar og koronapandemien påverkar oss veldig, seier Bakk.

Flåmsbana er som Oldedalen Skyss, avhengig av utanlandske turistar som kjem i bussgrupper eller via cruisebåtar.

– Viss vi no ikkje får ei opning for større cruiseskip i august og utover hausten vert det ein vanskeleg vinter, seier Bakk.

Turistar tek bilete frå Flåmsbana

FÅ FOTOGRAFAR: Det er ei stund sidan like mange fotografiapparat hang dinglande ut vindaugskarmen på Flåmsbana.

Foto: Sverre Hjornevik