– Nord Stream 2 er den største utanrikspolitiske tabben i Tyskland sidan andre verdskrig.
Det seier Joseph Martin «Joschka» Fischer, tidlegare visekanslar og utanriksminister i Tyskland, til Klassekampen.
Den 1234 kilometer lange gassrøyrleidninga skulle sikre energiforsyninga mellom Russland og Tyskland, men har sidan vorte til politisk sjenanse for tyskarane som no ynskjer å frigjere seg frå russisk gass.
– Den største geopolitiske blunderen på europeisk jord på svært lenge, er dommen til Arild Hermstad, som er nestleiar i MDG.
Gassrøyrleidninga har lenge vore omstridd, og uttalen til Fischer kan lesast som eit ekko av president Donald Trump, som i 2018 sa at gassrøyrleidninga vil gjere Tyskland «til eit gissel for Russland».
– Å stole på éin enkelt utanlandsk leverandør kan gjere ein nasjon sårbar for utpressing og truslar, sa han i ein tale til FNs generalforsamling.
Også det Det internasjonale energibyrået, IEA, har skulda Russland for å bruke gass til å utøve politisk press.
I Dagsavisen-kommentaren «Då The Donald hadde rett» vert åtvaringane til den tidlegare presidenten omtala som «den mest presise analysen eg har sett av den europeiske energikrisa».
– Deira mest idiotiske avgjerd sidan krigen
Påstandar om dårlege, tyske vurderingar, med krigen som tidshorisont, er ikkje nye.
I 2011 vedtok Tyskland å avvikle all atomkraft. Deira «mest idiotiske avgjerd» sidan krigen, kvitterte Nettavisen-spaltist Kjell-Magne Rystad.
I lys av Ukraina-krigen har også fleire tyske (og belgiske) politikarar spurt seg om kjernekraft-avviklinga kan ha vore prematur, men ikkje Joschka Fischer.
– Det er ei avgjerd basert på ein brei majoritet av det tyske folk. Det er ein avgjerd som eg personleg ikkje trur kan reverserast, seier han til Klassekampen.
Prosessen med å godkjenne Nord Stream 2 vart sett på vent då Russland anerkjente Donetsk og Luhansk som uavhengige utbrytarregionar 22. februar, og sidan har tyskarane påskunda planane om å gå over til fornybar energi.
Det nye målet er å vere hundre prosent grøne innan 2035. Tidlegare var målet «godt før 2040».
I ein tale til Forbundsdagen gjorde forbundskanslar Olaf Scholz det klart at ein «ansvarleg, framskuande energipolitikk» ikkje berre er eit klima- og kraftspørsmål, men også eit spørsmål om tryggleik.
Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo seier Tyskland «syner veg for resten av Europa»:
– Sikkerheitspolitikk og energipolitikk vil frå no av vere uløyseleg knytt til kvarandre, seier han.
Han legg til:
– På same måte som europeiske demokrati samarbeider stadig tettare om forsvars- og sikkerheitspolitikk, vil vi no ha felles interesser av å samarbeide om raskast mogeleg utfasing av fossil energi som i dag gjer oss avhengige av import frå diktatur som Russland og Saudi-Arabia.
– EU si utsette stilling er overdrive
De siste åra har Russland seld rundt 150 milliardar standardkubikkmeter (Sm3) gass i året til EU. Det er rundt 45 prosent av EUs import, og ein tredjedel av totalforbruket i Europa.
Til samanlikning sel Noreg rundt 110 milliardar Sm3 til EU.
Nick Sitter, professor i politisk økonomi ved Institutt for rettsvitskap og styring på Handelshøyskolen BI, meiner likevel at EUs avhengigheit av russisk gass er overdrive og at tapet kan kompenserast med meir flytande gass frå resten av verda.
– På kort sikt kan EU klare seg rimeleg bra utan russisk gass. EU si utsette stilling er alvorleg, men ofte overdrive, skriv han i ein kommentar i DN.