Hopp til innhold

Etterlyser 47 milliardar: – Skal ein skulebuss bli teken av ras først?

FLORØ (NRK): Det trengst ifølgje Statens vegvesen 71 milliardar kroner å rassikre vegnettet, men politikarane vil bruke berre 24 milliardar.

Åshild Kjelsnes, leiar i nasjonal rassikringsgruppe.

SLÅR ALARM: Skal vi måtte oppleve ein nasjonal raskatastrofe der mange liv går tapt før politikarane forstår alvoret, spør Åshild Kjelsnes, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg er frykteleg redd vi må oppleve ein nasjonal rastragedie der til dømes ein skulebuss blir teken før politikarane på Stortinget forstår alvoret. Det kviler eit enormt ansvar på skuldrene deira, seier Åshild Kjelsnes som er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Larmen frå vogntog som dundrar forbi er så høg at det er vanskeleg å høyre kva Åshild Kjelsnes seier. Vi er på riksveg 5 mellom Naustdal og Florø i Vestland fylke. 63-åringen ser oppover mot den bratte fjellsida der det har rasa fleire gonger.

– Eg fryktar at flaksen vil ta slutt, at det skal gå skikkeleg gale, seier ho. Statens vegvesen har karakterisert rasfaren på staden som høg, og området er mellombels sikra med fanggjerde og boltar. Men dette er ikkje godt nok dersom dei kjempestore steinane, som vi ser godt frå vegen, lausnar.

Ras isolerer Florø

MANGE RAS: Det har gått mange farlege ras på riksveg 5 mellom Naustdal og Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Enormt sprik

Den tidlegare fylkesordføraren for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har leia den nasjonale rassikringsgruppa sidan 2006, men aldri før har spriket mellom behov for sikring og det politikarane vil gje av midlar vore større.

I desember i fjor la Statens vegvesen fram dei siste oppdaterte tala som viser at det trengst 71 milliardar kroner til å rassikre det norske vegnettet på nær 1200 ulike stader.

På Vestlandet trengst det åleine 40 milliardar. I Nord-Noreg er det behov for 23 milliardar og i Midt-Noreg nær fem milliardar. Til saman tre milliardar trengst på Austlandet og på Sørlandet.

– Det er openbart for alle som kan rekne at dei 24 milliardane som politikarane har sett av for perioden 2018 til 2029 vil gje ein manko på 47 milliardar kroner, seier Kjelsnes.

Ho viser vidare til klimaendringane og ulike rapportar der det går fram at det vil bli meir ekstremvær og ras i åra som kjem.

– Dersom vi ikkje tek eit skippertak no vil situasjonen bli fullstendig uhandterleg, seier Kjelsnes.

Vil ikkje love konkret sum

Nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Morten Stordalen (Frp), påpeikar at det blir løyvd mykje pengar til skred og rassikring frå regjeringa i Nasjonal Transportplan.

– Men vi må satse endå meir på dette i åra som kjem, seier han.

– Kan du talfeste kor mykje Frp vil bruke på rassikring i åra som kjem?

– Nei, eg vil ikkje det no. Det eg kan seie er at vi ønskjer ei vesentleg styrking av rassikringa, seier han.

Stordalen viser til at regjeringa har auka løyvingane til vegbygging med 80 prosent, noko han meiner har bidrege til å gjere det tryggare for bilistane.

Morten Stordalen

VIL IKKJE LOVE KONKRET BELØP: Nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Morten Stordalen (Frp), kan ikkje love at det vil bli løyvd ytterlegare 47 milliardar kroner for å sikre vegnettet i Noreg.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

– Mange svært farlege punkt

Geolog Trine Helle Simmenes frå Dalekvam i Vestland støttar Åshild Kjelsnes fullt ut i at det er behov for langt større løyvingar til rassikring.

– Det kostar veldig mykje å sikre vegane og det einaste som hjelp er å opne pengesekken. Naturkreftene jobbar kontinuerleg og katastrofar vil skje dersom vi ikkje gjennomfører sikringstiltak, seier ho.

Trine Helle Simmenes

BER OM MEIR PENGAR: Det trengst mykje meir pengar til rassikring av veg- og jarnbanenettet i Noreg, seier geolog Trine Helle Simmenes frå Dalekvam i Vestland. I 2013 var ho og dei tre barna hennar nær å bli tekne av eit stort ras.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Simmens har sjølv opplevd ras på nært hald. I april 2013 hadde ho akkurat henta dei tre borna sine då det gjekk eit stort ras ved Stanghelletunnelen på E16 mellom Voss og Bergen.

«Det er livsfarleg å køyre her. Fjellet er totalt oppsprekt og det er bratt. Blokker av alle storleikar kan kome ned», skreiv ho mellom anna på sosiale media.

– Nokre stader er sikra, men det er framleis mange svært farlege rasområde på strekninga Voss-Bergen. Det gjeld både veg og jarnbane, seier ho. Simmens jobbar i dag som geolog i Bane Nor.

Vil ha nasjonal skredsikringsplan

Kjelsnes meiner politikarane må vedta ein nasjonal skredsikringsplan for dei kjende skredpunkta på riks- og fylkesvegnettet.

– Her må den klåre målsetjinga vere å eliminere skredfaren på vegane våre. Vi må handle no, før det er for seint, seier ho.