Hopp til innhold

Strekningar med ekstrem rasfare blir nedprioritert

Breie snøskred skal prioriterast framfor steinras i kampen om rassikringsmidlane. Fylkeskommunar protesterer kraftig mot forslaget.

Anders Kjeldsen klarte så vidt å unnslippe da en svær stein braste ned på E16 i Gudvangen.

Anders Kjeldsen klarte så vidt å sleppe unna då ein svær stein brasa ned på E16 i Gudvangen.

– Vi kan ikkje akseptere den nye modellen, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland.

Når fylkesordføraren reiser rundt på smale vestlandsvegar ligg steinsprang frå bratte fjellsider heile tida på lur. Blir ein treft, får det ofte fatale følgjer.

Men i Statens vegvesen sin føreslegne modell for det nasjonale rassikringsarbeidet skal breie snøskred prioriterast opp. Smale steinskred, som det er flest av i Vestland, blir skuva ned.

Mellom anna rykkjer svært rasutsette Heilevang mellom Førde og Askvoll ned 1269 plassar på prioriteringslista med den nye modellen.

2200 fylkesvegar står på den nasjonale lista.

I Vestland kjem sju av ti skredpunkt dårlegare ut i den nye modellen.

Ras på fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Askvoll og Førde.

NEDPRIORITERT: Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll ved Heilevang er ofte stengt fordi det har gått ras. Strekket er skyva 1269 plassar nedover på lista i den nye modellen over farlege raspunkt i Noreg.

Foto: Skule Jacobsen / Vestland fylkeskommune

– Stort psykisk press

Fylkespolitikarane i Vestland vedtok nyleg å «protestere kraftig». Det blir mellom anna vist til at det er eit «stort psykisk press» å ferdast på rasfarlege vegar, og at denne redsla er «uavhengig av skredbreidde eller kor stor trafikken er».

Også Rogaland og Møre og Romsdal, som har mange små steinskred, protesterer mot den nye modellen.

Frå Statens vegvesen si side blir det vist til at det er større fare for at breie skred vil treffe køyretøy, og at dei breie skreda fører til lengre stengingar.

Det blir også påpeika at den nye modellen vil gje eit betre samanlikningsgrunnlag av ulike skredproblem på tvers av område og skredtypar.

Fylkesordførar Jon Askeland og Vik-ordføraren synfarer vegen til Arnafjorden.

RASFARE: Fylkesordførar Jon Askeland og ordføraren i Vik, Roy Egil Stadheim, inspiserer fylkesvegen mellom Vik og Arnafjorden i Sogn. Fleire skredpunkt på vegstrekket blir prioritert nedover i den nye modellen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Slår positivt ut i Nord-Noreg

Revisjonen av skredfaktormodellen blir utført som ein del av arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2025 til 2036.

Den nye modellen vil bli ein viktig premissleverandør for løyvingar til rasfarlege vegstrekningar i tidsperioden.

Registrerte skred på vegnettet

Skredfrekvens (skred pr. år snitt)

Fylkesvegar

Andel

Riksvegar

Andel

Total

2350

100%

648,27

100%

Vestland

1245

52,5%

331,93

51,2%

Nordland

163

6,9%

27,53

4,2%

Troms og Finnmark

144

6,1%

50,36

7,8%

Møre og Romsdal

142

6,0%

5,46

0,8%

Rogaland

92

3,9

92,65

14,3%

Andre

574

24,4%

140,34

21,6%

Medan fylkeskommunane på Vestlandet protesterer kraftig, vil den nye modellen slå betre ut i Nordland og Troms og Finnmark, der det oftare går store og breie snøskred. Nordland fylkeskommune har mellom anna vedteke at den nye modellen «må legges til grunn for fordeling av skredmidler».

Vi støttar den nye modellen først og fremst fordi skredsannsyn og faktorar som påverkar skredfaren får større vekt. Den nye modellen er meir balansert mellom skredtypane, seier Monika Sande, fylkesråd for transport og infrastruktur i Nordland.

Det største problemet med dagens modell er ifølgje Sande at skredpunkt raskt får stor utteljing på omkøyring, sjølv om omkøyringa berre er på ein til to timar

Den nye modellen favoriserer også riksvegar framfor fylkesvegar.

Snøskred i Tamokdalen i Troms.

STORT: Fleire store snøskred blokkerer fylkesveg 87 i Tamokdalen i Troms. I den nye rassikringsmodellen blir det føreslått at strekningar med breie snøskred av denne type må rassikrast betre.

Foto: Aadne Olsrud

Ber om at arbeidet startar på nytt

Jenny Følling som er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe er ikkje imponert over forslaget.

– Det er alvorleg og uforståeleg når dei mest rasfarlege strekningane i Vestland har hamna langt nede på lista i den nye modellen, seier ho.

Ho meiner arbeidet med ny modell har kome så skeivt ut at det bør startast på nytt.

– Mellom anna har fylkeskommunane vore altfor lite involverte i arbeidet, seier ho.

Jenny Følling, fylkesordførarogn og Fjordane

OPPGITT: Jenny Følling er leiar i den nasjonale rassikringsgruppa. Ho ber om 4 milliardar kroner meir per år til rassikring i Noreg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Vil ta 120 år å sikre vegane

Eit endå større problem, ifølgje Følling, er at staten løyver altfor lite pengar til rassikring.

– Det trengst 90 milliardar kroner for å sikre dei farlegaste raspunkta på fylkes- og riksvegnettet, seier ho.

Med dagens løyvingar vil arbeidet ta 120 år.

Rassikringsgruppa ber om at årlege løyvingane blir auka frå to til 6 milliardar kroner.

– Utan meir midlar til rassikring vil vi kunne oppleve fleire dødsulukker i åra som kjem, seier ho.

Følling viser til at enorme summar blir sett av til vegprosjekt i sentrale strok, og meiner ein større del av kaka bør gå til rassikring i distrikta.

Ras Tokagjelet

Hausten 2013 rasa delar av fjellsida ned i Tokagjelet på fylkesveg 7. I den nye skredmodellen rasar vegstrekket 179 plassar nedover på prioriteringslista.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Mest ras i vest og nord

Det er hovudsakleg på Vestlandet og i Nord-Noreg det er størst fare for å bli treft av ras.

Vestland fylke har åleine 32 prosent av alle registrerte skredpunkt, og over halvparten av alle skred treff vegar i Vestland.

Les også Her er sjåføren centimeter unna å få ein kampestein i frontruta

Stein på E16 spretter i veibanen og holder på å treffe bil, vinkel sett fra dahsbordkamera

Troms og Finnmark kjem på andreplass med 23 prosent av registrerte skredpunkt. Nordland fylke kjem på tredjeplass.

Nordland og Troms og Finnmark har dei breiaste rasa.

Usikkert når ny modell er klar

Det er usikkert når ein ny skredfaktormodell vil bli innført.

Sjefingeniør Heidi Bjordal i Statens vegvesen skriv i ein e-post at «vi først må få til en modell det er større enighet om».

Vegvesenet vil ikkje vedta en modell «det er såpass stor misnøye med som det er nå».