Det kjem ein jamn dur frå traktorar og fôrhaustarar i Jølster. Bonde Leiv Årseth på Vassenden har lange arbeidsdagar på store bøar med høgt gras i desse dagar.
– Førre sommar var veldig dårleg. I år har vi dobbel avling frå i fjor. Graset har ein god kvalitet, seier han.
Mange bønder har fjorårets sommar i minne. Då mangla desperate bønder mat til tusenvis av dyr etter den verste tørkesommaren sidan 1947. Denne sommaren kan bli heilt annleis.
– Det har vore kjekt å slå i år. No er eg nesten lei av å slå, ler Aarseth.
GOD KVALITET: Bonde Leiv Årseth kan melde om dobbel avling samanlikna med i fjor.
Foto: BÅRD SIEM / NRKFrå magert til godt
– Etter to magre år, ser 2019 ut til å bli eit særs godt grasår, seier assisterande landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Vestland, Bjørn-Harald Haugsvær.
Dei to siste åra har både væte og tørke øydelagt mykje for førsteslåtten. Mange bønder måtte kjøpe inn ekstra fôr til dyra sine. I fjor søkte 7500 norske bønder om erstatning for avlingssvikt.
Vêret speler som alltid inn på arbeidet til bonden.
– Rikeleg med nedbør og passelege temperaturar gjer at graset veks godt. Ein god start er grunnlaget for å få ein god slutt. Det ser bra ut i år. No må bøndene få førsteslåtten i hus, seier Haugsvær.
Jobbar dag og natt
Tilbake på bøane i Jølster skin sola. Det betyr at bonde Inge Joar Nydal har lange dagar i traktoren før det er varsla regn i neste veke.
– Det blir jobba både dag og natt, og det er få dagar eg har færre enn 12 arbeidstimar. Avlingane er mykje betre i år enn i fjor, seier Nydal.
Sjølv med høgt og grønt gras har han framleis tørkesommaren i minnet.
– Det er fint å vere bonde på sånne dagar, men vi veit at det kjem dårlege dagar etter gode dagar, seier Nydal.
FØRSTESLÅTT: Bonde Inge Joar Nydal meiner avlingane er mykje betre enn i fjor
Foto: BÅRD SIEM / NRK