Hopp til innhold

Denne parken har skatarane kjempa lenge for

– Det er ein veldig profesjonell park. Det er godt laga og den ligg sentralt, så er vi er veldig godt nøgde, seier Johannes Gjøringbø (15).

Johannes Gjøringbø
Foto: Truls Kleiven / NRK

Dei siste dagane har Florø-guten og kameratane brukt timevis i den nye skateparken som ligg like ved ungdomsskulen i byen. Det nystøypte anlegget på 800 kvadratmeter har sidan det stod klart sist helg blitt veldig populært.

– Det har vore mykje folk her kvar dag sidan helga, fortel den ivrige skataren.

Har blitt viste vekk

Skatemiljøet i byen har i ei årrekkje prøvd å få politikarane til å opne pengesekken, men har fram til no fått nei. I staden har skatarane boltra seg rundt omkring i byen, blant anna i området ved ungdomsklubben Haffen.

Gjøringbø seier det har sett ein dempar på aktiviteten når dei ikkje har hatt eit eigna område. Fleire gonger har dei blitt viste vekk når dei har skata på offentleg plass.

– Vi har blitt viste vekk frå Firda Billag, frå Fjord1 sitt kontorbygg og frå området ved politihuset, seier 15-åringen som har skata i fire år.

– Dei har venta lenge nok

Ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap), vedgår at dei unge skatarane lenge ikkje nådde opp då politikarane diskuterte kva dei skulle bruke pengane på.

– Men for vel eitt år sidan bestemte vi endeleg at dei har venta lenge nok. Då bestemte vi oss for å byggje eit stor anlegg like ved ungdomsskulen.

Anlegget som no står klart er på vel 800 kvadratmeter. Det er støypt på staden og heilt utan tersklar, fortel ordføraren. Anlegget er lyssett og delvis takoverbygd, som gjer at det er mogleg å bruke det heile året.

– Det er blitt eit fantastisk fint anlegg. Faktisk blant dei finaste i landet seier nokre av skatarane som har vore her, seier ein stolt ordførar som torsdag stod for den formelle opninga.

Kristoffer Johan Valvik Kristoffersen

POPULÆRT: Kristoffer Johan Valvik Kristoffersen er ein av dei mange unge som no brukar timevis i den nye skateparken i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Seks millionar kroner

Teigen seier dei tidlegare har brukt mykje pengar for å legge til rette for dei store idrettane, til dømes med anlegg til fotball og handball.

– Skatarane har vore ei relativt stor gruppe, og det er viktig å fange opp ei gruppe som ikkje søker seg til den tradisjonelle idretten.

Ola Teigen

FORTENT: Ei investering på to millionar kroner frå kommunen si side er noko skatarane absolutt fortener, seier ordførar Ola Teigen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Totalkostnaden for anlegget ligg på rundt seks millionar kroner, der vel fire millionar av desse kjem frå tippemidlar og andre støtteordningar.

– Vi er storfornøgde

Johannes Gjøringbø er glad politikarane til slutt fekk fingeren ut.

– Eg trur dette er eit veldig viktig tilbod til ungdom som har lite å gjere på fritida. Vi har eit godt ungdomsmiljø, og her er det godt å kjenne at ein får til noko, seier han og legg til:

– Vi er storfornøgde.