Hopp til innhold

No er den nye storparken klar til bruk

FØRDE (NRK): Barna i Nærleiken barnehage susar nedover skateparken sine bakkar og jublar. Hafstadparken er allereie i bruk, to dagar før opning.

Hafstadparken i Førde er nesten heilt ferdig, og fleire lag og organisasjonar brukar tilbodet dagleg.

FRAMTIDAS SKATARAR: Barna i Nærleiken barnehage er allereie godt vande med å leike seg i Hafstadparken og spesielt i skateparken. Foto/redigering: Eli Eikenæs Vengen

– Det er veldig bra at vi kan gå ut her og leike og sykle, seier tre år gamle Vanessa frå Nærleiken barnehage.

Ho sparkar hardt i bakken, før ho forsvinn ned ein skråning, og nesten krasjar med jamgamle Adrian.

– Flytt deg! Her kjem eg, ropar ho og ler.

90 dekar med boltreplass

To dagar før den offisielle opninga av Hafstadparken midt i Førde sentrum er det barn som leikar, og store maskiner som dreg sand, flyttar steinar og grev groper. For heilt ferdig er ikkje anlegget på 90 dekar som er blitt den nye leikeplassen for både store og små.

– Eg vert stolt når eg står her og ser på barna som leikar. Det var tanken heilt tilbake i 2007 då vi byrja å jobbe med dette, seier prosjektleiar for idrettslaget, Per Øyvind Storevik.

Han er den som har arbeidd for at idrettslaget skal få ein best mogleg park for deira behov, og Håkon Fimland har arbeidd med prosjektet på vegner av Førde kommune.

Idrettsparken i Førde er snart klar for offisiell opning. Men den har allereie vore i bruk lenge.

90 DEKAR: Det er ikkje plassen det kjem an på i Hafstadparken. Den rommar det meste du kan klare å komme på.

Handballbane og treningsapparat i det fri

– Det er samarbeidet som har vore det avgjerande. At vi har hatt eit tett samarbeid og vore klare på kva vi ville ha her, seier Fimland.

Utandørs treningsapparat, handballbane, basketbane, volleyballbane, skatepark, grillområde, fotballbaner og sykkelrute er berre nokre av tilboda som parken byr på.

– Ideen er at parken skal vere for alle, og den er døgnopen. Så dei som ikkje er med i organisert idrett skal også kunne bruke alt som er her, seier Storevik.

Men det kostar å bygge ein park med rom til alle. Og det er ei lang liste med spleiselag som har støtta prosjektet. Den største av dei er bergensaren Trond Mohn. 20 millionar kroner har han delt ut for at parken skulle bli ein realitet.

Millionær på laget

– Det var avgjerande å ha dei millionane på plass for å få med andre. Men vi har berre opplevd at folk har vore positive og gjort det dei har kunna for å støtte opp om dette økonomisk, seier Fimland.

Søndag er det offisiell opning der Mohn skal vere med.

– Og så kjem det heilproffe syklistar og skatarar som skal vise korleis anlegga kan brukast, seier Storevik.