Hopp til innhold

Så mange manglar vegadresse

Sjølv om mange har fått vegadresse det siste året, er det framleis 51.000 sogn og fjordingar som står utan.

Leikanger

FLINKAST: I Leikanger kommune har 98,6 prosent av bustadane vegadresse. Det er best i klassen i Sogn og Fjordane.

Foto: Arild Nybø / NRK

Sogn og Fjordane er det fylket med dårlegast dekningsgrad, og dårlegast framdrift på arbeidet med å gje vegadresse til alle husstandar.

På landsbasis har 540.000 personar framleis ikkje fått vegadresse.

Anne Cathrine Frøstrup

IKKJE NØGD: Anne Cathrine Frøstrup.

Foto: Kjell Herning / NRK

– Det er kommunane som fastset offisielle adresser til eigedomar i Norge, og Kartverket som hjelper til kommunane i dette arbeidet. Vi er ikkje nøgde med tala, seier kartverksjef Anne Cathrine Frøstrup.

Alle skal ha innan 2015

Kartverket starta tidleg på 2000-talet opp arbeidet med å få vegadresser på alle eigedomar i landet. I løpet av det siste året har knapt 50.000 husstandar fått vegadresse.

I Sogn og Fjordane har ikkje Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Selje vegadresser. Kartverket har som mål at det skal alle ha innan 2015.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Eigedomar utan vegadresse fordelt på fylke

Fylke

Eigedomar utan vegadresse

Prosent

Landet totalt

606.000

26

Østfold

15.000

12

Akershus

8.500

4

Oslo

0

0

Hedmark

40.600

31

Oppland

29.200

19

Buskerud

48.200

32

Vestfold

1.500

1

Telemark

20.100

19

Aust-Agder

25.700

37

Vest-Agder

26.600

29

Rogaland

30.000

16

Hordaland

40.200

20

Sogn og Fjordane

37.600

60

Møre og Romsdal

62.200

48

Sør-Trøndelag

65.900

46

Nord-Trøndelag

40.200

53

Nordland

60.800

42

Troms

34.300

40

Finnmark

19.400

40

Ekspander/minimer faktaboks

Dersom ikkje naudetatane har ei konkret vegadresse å rykkje ut til, kan i verste fall liv gå tapt. Slikt uroar.

– Dette viser eit veldig sårbart system, og vi synst det er svært alvorleg, fortalde Frode Jahren som er generalsekretær i Landsforeininga for hjerte- og lungesjuke, i haust.

36.000 utan vegadresse

I Sogn og Fjordane har nær 60 prosent av alle eigedomane som ikkje har vegadresse, 36.000 i talet, berre gards- og bruksnummer som adresse.

– Dersom innringar ikkje veit kvar han er, kan det ta verdifull tid til å «snakke seg fram» til dette. Det oppstår ofte problem og misforståingar når adressa er mangelfull, ikkje minst i område der ein framleis opererer med gards- og bruksnummer, skriv Kartverket i ei pressemelding.

– Avgjerande for GPS

Då NRK var med ambulansearbeidarane Bjørn Egil Sunde og Stian Helgheim i fjor haust, kunne dei fortelje at dei også må stole på ting som fargar på hus eller andre landlege kjennemerke når dei leitar seg fram til adresselause hus .

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Gater og vegar er dårleg merkte med adresse. Det er utfordrande for ambulansepersonell.

SJÅ TV-SAK: Ambulansar finn ikkje fram.

Dette er ein tidkrevjande måte å finne fram på. Riktig vegadresse er avgjerande for at ein skal finne fram ved hjelp av GPS.

Bjørn Egil Sunde og Stian Helgheim i ambulanse

LEITAR: Bjørn Egil Sunde og Stian Helgheim seier det i enkelte tilfelle kan vere utfordrande å finne fram til rett hus.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

– Det kan vere pumpestasjonar, postkassestativ, farge på husa og liknande. Men det betyr at vi må setje tempoet ned veldig mykje skal vi klare å sjå etter alle desse landemerka, sa Sunde.

Best i Aust

Kartverket opplyser at Østfold, Akershus, Oslo og Vestfold er fylka med den høgaste dekninga. Her har over 90 prosent eller meir av eigedomane fått vegadresse.

Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag er framleis fylka som kjem dårlegast ut når det kjem til vegadresse.

Veg- og matrikkeadresser pr. 2013 i Sogn og Fjordane

Kommune

Adresser totalt

Veg- adresser

%

Matrikkel- adresser

%

Total

63,011

25,420

40.34%

37,591

59.66%

FLORA

5,547

3,686

66.45%

1,861

33.55%

GULEN

2,388

2,348

98.32%

40

1.68%

SOLUND

840

0

0.00%

840

100.00%

HYLLESTAD

1,091

0

0.00%

1,091

100.00%

HØYANGER

2,701

1,453

53.79%

1,248

46.21%

VIK

2,057

170

8.26%

1,887

91.74%

BALESTRAND

916

897

97.93%

19

2.07%

LEIKANGER

1,099

1,084

98.64%

15

1.36%

SOGNDAL

3,884

2,065

53.17%

1,819

46.83%

AURLAND

1,462

740

50.62%

722

49.38%

LÆRDAL

1,610

675

41.93%

935

58.07%

ÅRDAL

2,576

2,043

79.31%

533

20.69%

LUSTER

3,623

964

26.61%

2,659

73.39%

ASKVOLL

2,013

0

0.00%

2,013

100.00%

FJALER

1,882

0

0.00%

1,882

100.00%

GAULAR

1,954

397

20.32%

1,557

79.68%

JØLSTER

1,944

169

8.69%

1,775

91.31%

FØRDE

4,883

3,508

71.84%

1,375

28.16%

NAUSTDAL

1,584

524

33.08%

1,060

66.92%

BREMANGER

2,793

540

19.33%

2,253

80.67%

VÅGSØY

2,967

779

26.26%

2,188

73.74%

SELJE

1,675

0

0.00%

1,675

100.00%

EID

3,107

1,133

36.47%

1,974

63.53%

HORNINDAL

658

164

24.92%

494

75.08%

GLOPPEN

3,155

1,054

33.41%

2,101

66.59%

STRYN

4,602

1,027

22.32%

3,575

77.68%

Ekspander/minimer faktaboks

Tabellen viser mengd vegadresser og matrikkeladresser (gards- og bruksnummer) i kommunane, samt prosenttal.