Hopp til innhold

Stort snøskred over riksveg: Fleire bilar nær tekne av ras

Eit 150 meter breitt snøskred gjekk onsdag kveld over riksveg 5 ved Frudalstunnelen i Sogndal. Det er svært rasfarleg i området og vegen er no stengt.

Naudetatar i arbeid ved skredet.

PÅ STADEN: Norske Redningshunder har søkt ved raset. Lastebilen på bilete køyrde inn i skredet.

Foto: Privat

– Vegen kjem til å bli stengt til ut på morgondagen når det kjem geolog på staden, seier Svein Inge Harberg, innsatsleiar på staden.

Naudetatane tok imot melding om raset rett etter klokka 21:00 onsdag kveld.

Skredet gjekk over vegen på austsida av tunnelen, rundt 200 meter frå tunnelopninga. Fleire bilar var i området då store mengder tung snø dundra nedover fjellsida og over den trafikkerte vegen. Snøskredet skal vere opp mot 2 meter høgt.

– Vi veit at det har vore bilar på veg mot skredet frå begge retningar, seier Tom Johannessen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

RV 5 er ei av hovudfartsårene mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Ein bil køyrde inn i skredet og førar av bilen kom seg ut av bilen sjølv.

– Han måtte sitte på med ein brøytebil vekk frå staden og bilen står att ved skredet, seier Jørgen Bødtker, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Ras over riksvei 5

MANNSKAP: Det har vore mannskap på rasstaden frå alle naudetatar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Hundesøk i raset

Det vart slått full alarm då meldinga kom om at det hadde rasa over riksvegen i Sogndalsdalen. Mannskap både frå politiet, brannvesen og Røde Kors kom til staden.

Søkemannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder tok seg inn i området for å sjå om det var fleire personar som var tekne av snømassane. Ein av hundeførarane var inne i sjølve raset. Vedkommande måtte trekke seg tilbake.

– Det var rett og slett for farleg å gå heilt inn i området. Vi såg ikkje rundt oss, fortel Helene Sæterdal, operativ leiar for Norske Redningshundar.

Seint onsdag kveld vurderte politiet det slik at det ikkje var folk i skredet og redningsaksjonen var avslutta.

FRUDALSTUNNELEN: Vegen er stengd av eit 2-300 meter breitt ras.

Vert ikkje rydda før i morgon

– Politiet har frigitt området til oss, seier Geir Ove Engebø ved Statens vegvesen.

Det har blitt sendt ut informasjonsvakter til å stogge trafikken på begge sider av tunnelen, både på Skei og i Sogndal.

– Torsdag morgon kjem geolog for å sjå på området, legg Engebø til. Då skal raset også synfarast frå helikopter.

Det vil og bli vurdert om det må sprengast vekk meir snø frå fjellsida.

Vegen er stengd på staden og det vert ikkje rydda før i morgon.