Sjølv om Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim har kalla inn til ekstraordinært møte 20. desember for å diskutere «situasjonen i kommunen», blei også kommunestyremøtet i dag ein studie i situasjonen i kommunen.
I tur og orden tok kommunestyrerepresentantar frå ulike parti ordet for å få svar på spørsmål som har kvervla opp etter turbulens i toppleiinga.
Laurdag fortalde Sogndal-ordføraren at han har gjort opptak av andre i kommuneleiinga for å dokumentere ei samansverjing.
Bjarte Haugen i Sogndal Venstre var blant dei som adresserte «elefanten» i rommet:
– No dirrar denne saka i lufta. Det skal ikkje eg utbrodere, sa han.
Han tillét seg likevel å etterlyse «konkrete tiltak», «ein tidsplan» og ytterlegare hjelp frå kommuneorganisasjonen KS, som allereie har bidratt med mekling og krisehjelp i kommunen ved eit tidlegare høve.
– No dirrar denne saka i lufta, seier Bjarte Haugen i Sogndal Venstre.
Foto: Sogndal kommuneKommunestyremøtet kom dagen etter at ordføraren – via advokat John Christian Elden – kunngjorde at han ville komme med eit varsel mot kommunen.
Påstanden er at klienten blir «motarbeidd frå leiinga i kommuneadministrasjonen».
– Har ordføraren dokumentasjon på denne påståtte svertekampanjen? ville Arnt Erik Nordheim (H) vite.
Frå talarstolen ville kommunestyrerepresentanten også vite om ordføraren kunne dele lydopptaka sine med resten av kommunestyret «slik at alle kan få sjå».
Til dette sa ordføraren at han ville svare skriftleg.
NRK rakk å stille nokre spørsmål til ordføraren på veg ut. Sjå under.
– Spørsmåla var veldig relevante
Varaordførar Gunnhild Olstad Bøyum (H) meiner det var naturleg å utvide rammene for kommunestyremøtet – sjølv om «situasjonen» ikkje skulle diskuterast før neste veke.
– Spørsmåla var veldig relevante. Det er klart kommunestyret må få vite kven ordføraren skuldar for å drive svertekampanje mot han, seier ho.
– Eg veit ikkje kven det er som driv svertekampanje. Eg veit ikkje eingong om det er noko slik, seier Gunnhild Olstad Bøyum (H).
Foto: Oda Flaten LødemelRaudt-representant Bjørn Christian Weinbach skildra ein spent atmosfære på kommunehuset.
– Du legg merke til at stemninga ikkje er bra. Det er representantar som nektar å snakke med kvarandre på gangen, liksom.
– Men vi klarer å gjennomføre møtet. Det er jo bra.
Knut Henning Grepstad frå Arbeidarpartiet ser fram til neste kommunestyremøte.
– Da skal vi med full breidde gå inn i dette. Utgangspunktet vårt er at vi da skal drøfte alle problemstillingar og at vi skal ha ein ordentleg, gjennomtenkt prosess som tar omsyn til alle.
– Det viktigaste for oss i Arbeidarpartiet er at vi skal ha trygg styring i ein trygg kommune for innbyggarane, seier Knut Henning Grepstad.
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Trur det kan vere bra med hjelp utanfrå
Sigrid Stokstad ved institutt for offentleg rett er ekspert på konflikthandtering.
I selskap med Norsk kommunedirektørforum (sjå under) rår ho kommunen til hente inn ekstern hjelp «for å komme vidare».
– Eg trur det kan vere bra. Både ordførar og varaordførar skal vere vald for fire år, og utgangspunktet må vere at dei må samarbeide så godt dei kan gjennom heile perioden. No må dei tydelegvis finne ut av rammene for dette samarbeidet på nytt.
Onsdag uttalte Roald Hopsnes ved juridisk fakultet på UiB at tilkalla advokatar berre gjer saka verre.
– Det gjer helst at ting blir spissare og hardare, sa han.
Stokstad er mindre kategorisk:
– Om det å bruke «varsel» og ein viss advokat er den beste løysinga, kan sikkert diskuterast. Men ein eller fleire eksterne juristar eller andre kan vere formålstenlege i fastlåste situasjonar der det blant anna er påstandar om straffbare og ulovlege forhold.
I ein tidlegare versjon av artikkelen blei det i teksten brukt ei kobling til ei anna sak om avlytting. Denne koblinga er fjerna. Endringa blei gjort 12/12 2024 kl. 18.30.
- Norsk rådmannforum
Gudrun Haabeth Grindaker, leiar i Norsk kommunedirektørforum
Ei slik sak kan skape uro i organisasjonen. Våre råd i moglege konfliktsaker, er å sette seg ned, gjerne saman med eksterne rådgivarar, og diskutere vegen vidare – og korleis samhandlinga bør vere. Gjensidig respekt og konstruktiv samhandling er heilt sentralt for å vareta og kunne yte gode tenester til innbyggarane og for framdrift i større politiske saker.
- Ann Kristin Lindaas
Sigrid Stokstad, førsteamanuensis ved institutt for offentleg rett
Her trur eg det kan vere bra med litt ekstern hjelp for å komme vidare. Både ordførar og varaordførar skal vere vald for fire år, og utgangspunktet må vere at dei må samarbeide så godt dei kan gjennom heile perioden. Nå må dei tydelegvis finne ut av rammene for dette samarbeidet på nytt.
- NRK
Frode Kyrkjebø, dagleg leiar KS Vestland
KS er kjent med saka i Sogndal som NRK viser til. KS er ein medlemsorganisasjon, der alle kommunar og fylkeskommunar er medlemmer. Vi blir ofte kontakta av medlemmer som spør om råd eller ønsker støtte i ulike saker. I denne konkrete saka har KS bidratt med rettleiing og råd.
- NRK
Roald Hopsnes, førsteamanuensis ved juridisk fakultet på Universitetet i Bergen
Eg kan godt forstå at ordføraren føler seg krenka av bekymringsmeldinga og av å bli uretteleg skulda for å ha rusproblem. Men her oppfører han seg konfronterande mot personar han sjølv ikkje legg fram bevis på har hatt noko som helst med det å gjera. Måten han agerer på er ikkje greitt.