Hopp til innhold

Elise Thorsnes til EM-finale

Dei norske fotballjentene tok seg til EM-finalen etter to nerverpirrane ekstraomgonger og straffekonkurranse. No kan Elise Thorsnes bli den fyrste frå Sogn og Fjordane som vinn ein internasjonal tittel sidan Margunn Haugenes tok gull i OL i 2000.

Elise Thorsnes

TIL EM-FINALE: Elise Thorsnes kan bli dem fyrste frå Sogn og Fjordane som vinn ein internasjonal tittel sidan Marunn Haugenes tok gull i OL i 2000.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Thorsnes frå Leikanger sette sitt preg på kampen med to store målsjansar. Ho var åleine med keeper i 70. minutt, men forsøket gjekk utanfor det danske målet i Norrköping.

Noreg måtte ut i straffekonkurranse mot Danmark, og dei norske jentene scora på alle sine fire forsøk. Solveig Gulbrandsen, Cathrine Dekkerhus, Maren Mjelde og Trine Rønning leverte fire solide straffespark og sendte Norge til EM-finale. Den måtte Thorsnes sjå frå sidelinja med med isposar på ankelen. Dermed kan det spøke for ein EM-finale for leikangerjenta.

Har slite med skader

Thorsnes har slitt med skader i forkant av EM, men har likevel spelt i alle kampar så langt. To gonger er ho blitt bytta inn for Ada Hegerberg, ein gong for Caroline Graham Hansen, og mot Tyskland starta ho på venstre kant då Kristine Hegland fekk kvile.

Kan bli historisk

Om alt går vegen i EM-finalen blir sigeren historisk for leikangerjenta. Med siger kan ho nemleg bli den fyrste frå Sogn og Fjordane som vinn ein internasjonal tittel sidan Margunn Haugenes tok gull i OL 2000

På søndag ventar EM-finale på Friends Arena i Stockholm, der Norge får Tyskland som motstandar.