Hopp til innhold

Ny kroppsdel i fokus for Thorsnes

Ryggen til Elise Thorsnes (24) vart avgjerande då Norge påførte dei tyske fotballdamene sitt første EM-tap sidan 1993.

Elise Thorsnes

SIGRA: Norge vann 1–0 over Tyskland og er dermed vidare i meisterskapen som puljevinnar.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Ein belastningsskade i området under magen gjorde Elise Thorsnes kjend over heile verda for heilt andre ting enn fotballeigenskapar.

Elise Thorsnes sin intime idrettsskade

KJENDIS: «Dåsa» til Elise Thorsnes gjekk verda rundt etter belastningsskaden.

Foto: privat / Twitter

Norge vann 1–0 over Tyskland i EM onsdag, kom ein heilt annan kroppsdel i fokus. Den tyske keeperen vart sett ut av spel då langskotet til Ingvild Isaksen sneia ryggen til leikangerjenta.

– Det er kanskje greitt å få fokus på ein annan kroppsdel enn den som har vore i fokus i det siste. Men kva blir det neste, humrar 24-åringen.

«Ryggen på vektskåla»

Thorsnes fekk sin første kamp for start i meisterskapen då puljesigeren skulle avgjerast. Motstandar var Tyskland som har vunne EM fem gonger på rad og som ikkje har tapt ein EM-kamp sidan 1993.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ingvild Isaksen scoret på overtid i første omgang. Se scoringa her.

SJÅ MÅLET: Tyskland gjekk på sitt første EM-tap på 20 år etter denne scoringa.

«Ryggen på vektskåla» tilhøyrde 24-åringen frå Leikanger, men Thorsnes trur ikkje at den kroppsdelen får like mykje blest som «dåsa» gjorde.

– Eg trur nok ikkje den er like attraktiv å verken skrive om eller anna, så den får nok ikkje like mykje merksemd som andre kroppsdelar, humrar ho.

– Tek litt av æra

Om ryggen får blest eller ei spelar nok ikkje så veldig stor rolle verken for Thorsnes eller dei norske landslagsjentene. Norge var allereie tysdag klar for avansement etter at Danmark og Finland spelte uavgjort.

(Artikkelen held fram under videoen)

Om kampen

SJÅ INTERVJU: Elise Thorsnes etter sigeren over Tyskland i svenske Kalmar.

Målet sikra Norge landslagssigeren og kvartfinale mot anten Russland, England eller Spania. Scoringa kom like før pause etter at tyskarane klarerte eit frispark. Ballen landa hos Isaksen på 17 meter.

– Eg var eigentleg på veg ut for å hente ballen, men då eg såg Ingvill i full fart mot ballen, så var det eigentleg berre å dukke. Den gjekk via ryggen min og i mål. Litt flaks, fortel Thorsnes.

– Tek litt av æra

Stabæk-spelaren står med 11 landslagsmål, og tykkjer eigentleg det er heilt greitt at unge Isaksen blir kreditert scoringa.

elise

FRÅ START: Elise Thorsnes fekk endeleg sjansen frå start i EM.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Sjølv om scoringa ikkje blir registrert på meg, så trur eg ikkje den hadde gått inn om ballen ikkje gjekk via meg. Eg tek litt av æra for den, smiler 24-åringen som starta kampen som kantspelar. Thorsnes vart bytt ut like før det var spelt ein time av kampen.

Ikkje glad i benken

– Det var godt å kunne medverke frå start. Eg er ikkje så glad i å sitje på benken. Helst skulle eg spelt spiss, men eg er berre takksam for å vere her og få starte. Eg må ta det eg får, seier ho og håpar å vere i startellevaren måndag når kvartfinalane skal spelast.

– Eg føler at eg la inn ein god søknad, så blir det opp til Even Pellerud å ta ut laget. No har vi fire dagar til å hente oss inn att før kampen, seier ho.

Kan gå heile vegen

Norge fekk ein vaklande start på meisterskapen etter ein god og ein svært dårleg omgang mot Island. Kampen enda 1–1. Sidan er det blitt siger over Nederland og i dag altså Tyskland.

Thorsnes trur Norge er i stand til å gå heile vegen. Dei siste to kampane har gjeve spelargruppa sjølvtillit.

– Det handlar om å komme inn i rytmen og å komme skikkeleg i gang med meisterskapen. Når vi no er forbi gruppespelet, så kan alt skje. Det har vore større «underdogs» som har blitt meistrar, avsluttar ho.

Fotball

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden