Elise Thorsnes har fått ein pangstart på sesongen og har bøtta inn mål på mål for serieleiar Stabæk.
Landslagsspelaren frå Leikanger har notert seg for ni scoringar så langt. Det er over dobbelt så mange som nestemann på toppscorarlista.
– Eg er på rett stad til rett tid, samstundes som eg har klart å score nokre fine mål på eiga hand, smiler den førebelse toppscoraren i Toppserien for kvinner.
Overraska
Thorsnes skifta i fjor beite frå osloklubben Røa til erkerival, og regjerande cupmeistrar, Stabæk. Allereie er ho godt på veg til å slå fjorårets total på 12 nettkjenningar. På dei to siste kampane er det blitt seks mål.
Den gode starten overraskar også henne sjølv.
– Ja eigentleg. Ut frå dei føresetnadene eg hadde, med skade til slutten av mars, så er eg veldig nøgd sjølv med å prestere så godt, seier ho.
Spelar spiss
– Når ein har trøbla heile vinteren, så er det godt å få ein så god start, og ikkje byrje med å slite med å score mål. Det gjer godt for sjølvkjensla med ein god start, legg landslagsspelaren til.
– Men korleis forklarer du den gode starten?
– Først og fremst spelar eg på eit veldig godt lag. Så spelar eg spiss no, medan eg var kant på Røa. Då blir ein meir feilvendt, får mindre ballberøring og kjem ikkje så mykje rettvendt og får ikkje så mange avslutningar innanfor 16-meteren. Det er jo der det blir scora flest mål, seier ho.
Ikkje i toppform
Leikanger-jenta vart toppscorar i debutsesongen sin i landets øvste divisjon for kvinner. Då med 19 mål for Arna Bjørnar i 2006. For to sesongar sidan vart det 27 scoringar med Røa.
Sjølv om starten har vore god i år, meiner 24-åringen det framleis er mykje i vente i årets sesong. Det passar godt med tanke på sommarens fotball-EM i Sverige.
– Eg er ikkje noko toppform. Fotballforma er grei, men eg har litt å gå på kapasitetsmessig. Eg trur eg berre blir betre og betre.
Vil utvikle seg
Thorsnes, som studerer idrettsvitskap, har ingenting i mot eit «hat-trick» som toppscorar. Ho er likevel klar på at det er langt fram til sesongslutt.
– Det er klart. Alltid kjekt å score mål, og ein spiss skal score mål. Å bli toppscorar er eit bevis på akkurat det, men det er ikkje det eg tenkjer mest på, seier ho og avsluttar:
– Eg følte eg stagnerte i fjor og gjorde eit val om å skifte klubb for å utvikle meg sjølv som fotballspelar. Det er der eg har hovudfokuset.