Hopp til innhold

Stabæk stjel stjernespelar frå erkerivalen

Etter fire sesongar i Røa, vel landslagsspiss Elise Thorsnes frå Leikanger å gå til erkerival Stabæk.

Elise Thorsnes

TIL STABÆK: Leikangerjenta Elise Thorsnes er tapt for årets tapande cupfinalist, Røa. No går ho til erkerival Stabæk og blir lagveninne med ei anna sognajente, Siri Nordeide Grønli frå Høyanger.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Elise Thorsnes har dei siste sesongane vore ein av profilane i toppserien, har etablert seg på landslaget og har vunne to serie- og to cupmeisterskap på dei fire åra ho har spelt med Røa.

Dei to siste sesongane enda det derimot enda med cupfinaletap, mot nettopp Stabæk.

– Det har vore eit vanskeleg val. Eg var nøgd med tida i Røa, men føler det er rett å prøve noko nytt for å halde motivasjonen oppe. Eg har veldig stor tru på Stabæk, seier ho til NRK.no.

Trengde nytt miljø

Sesongen 2012 har ikkje vore noko opptur for Thorsnes og Røa. Dei makta ikkje forsvare seriemeisterskapen og måtte til slutt ta til takke med fjerdeplass.

Thorsnes vart Toppseriens suverene toppscorar med 27 mål og toppa dette med å bli kåra til årets spelar. Skader gjorde at ho ikkje fekk den oppkøyringa som ho ynskte til årets sesong. Ho enda til slutt med 11 seriemål.

– Eg kjende eg treng noko nytt for å få lysta tilbake og satse for fullt mot EM. Først og fremst treng eg nytt miljø, ny motivasjon og litt nye impulsar for å satse skikkeleg og bli best mogeleg, seier 24-åringen.

Valde erkerivalen

Trass nedturen i årets sesong, har Røa-spissen har nok av tilbod å velgje mellom. Ho har høyrt frå dei fleste toppserieklubbane og hatt ubesvarte anrop frå utlandet som ho reknar med er frå klubbar.

Leikangerjenta trivast godt i Oslo og ynskte difor å bli verande i hovudstaden. Med fleire toppserieklubbar i Oslo-området, fall valet på erkerival Stabæk.

– Det er vel kanskje den verste klubben ein spelar på Røa kan gå til, men dei har eit bra og rutinert lag. Dei har ein trenar med sterk og klar filosofi som eg trur eg kan lære mykje av. Samstundes spelar det litt inn at eg har gode venner der, seier Thorsnes.

Siktar mot utlandet

Leikangerjenta har vunne to cupmeisterskap og to seriemeisterskap med Røa etter overgangen frå Arna Bjørnar. Avtalen med Stabæk gjeld eitt år. Då er ho ikkje framand for å prøve lukka i utlandet.

Og då vil EM i fotball vere eit godt utstillingsvindauge.

– Det kjem jo heilt an på korleis neste sesong blir. Eg ynskjer å stabilisere meg på eit høgt nivå før eg reiser til utlandet, slik at eg ikkje går på ein smell og må reise heim etter eitt år, seier ho.

Nøgd sportsleiar

Sportsleg leiar i Stabæk, Richard Jansen, seier til budstikka.no at det er tredje gongen han prøver å hente leikangerjenta til klubben.

Thorsnes blir den andre sognajenta i bærumsklubben. Også høyangerjenta Siri Nordeide Grønli spelar i Stabæk. Medan Nordeide Grønli spelar i forsvar, er Thorsnes er kjend for å vere ein rask og fysisk sterk angrepsspelar.

– Vi har ynskt oss Thorsnes i fleire år. Ho passar perfekt i klubben med tanke på spelestil, vi trur vi kan gjere henne endå betre, seier Jansen til NRK.no.

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal