Hopp til innhold

Elisabeth har uhelbredeleg kreft: – Legane sa eg ikkje skulle bekymre meg

Elisabeth Thomassen (40) følte seg dum og masete då ho mistenkte at ho hadde kreft. Brystkreftforeining meiner unge kvinner må kjempe for å bli trudd.

Kreftpasient Elisabeth Thomassen i Bergen

KAMP: Elisabeth Thomassen opplevde det som ein kamp då ho ville få undersøkt brystet. Legane meinte mellom anna at ho var for ung til å få brystkreft.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Bergenskvinna oppsøkte legen fleire gonger før ho vart vist vidare til undersøking av brystet.

Først med smerter. Så med ein veksande klump.

Ho kjende med heile seg at noko var gale, men svaret frå legane var alltid det same.

– Eg fekk beskjed om at eg ikkje skulle bekymre meg. At så unge kvinner får ikkje brystkreft.

NRK har fått tilgang til pasientjournalen til Thomassen.

Den viser at brystet hennar vart undersøkt fire gonger av to ulike fastlegar i perioden mellom april 2018 og mars 2019.

Først ved fjerde legebesøk vart ho vist vidare til mammografi.

– Eg følte meg dum og sutrete. Ein følte at ein masa unødvendig mykje. Dei var jo så skråsikre.

– Dei må kjempe for å bli trudd

Heidi Rønning er leiar i Brystkreftforeininga Under 45. Ho seier Thomassen ikkje er åleine.

– Fleire kvinner rapporterer om det same. Dei må kjempe for å bli trudd, seier ho.

– Ofte får dei beskjed om at dei er for unge for å få kreft og at det mest truleg er noko anna.

Anita Tunold, administrerande direktør i Aleris Helse seier dei også er kjent med at kvinner kan ha vanskar med å bli vist vidare til undersøking.

Anita Tunold, administrerende direktør i Aleris

VIKTIG: – Yngre og eldre kvinner kan også utvikle brystkreft – og dei må takast på alvor når dei ber om å få bli undersøkt, seier Anita Tunold i Aleris Helse.

Foto: Pressefoto / Aleris

– Vi høyrer ofte om både unge og eldre kvinner som seier dei har slite med å få tilvising fordi dei fell utanfor det offentlege mammografiprogrammet, seier ho.

Ho seier at det er viktig å ta desse kvinnene på alvor når dei ønsker vidare undersøking, sjølv om dei sjeldnare vert råka av brystkreft.

Høgare terskel for yngre kvinner

NRK har vore i kontakt med fastlegen til Elisabeth Thomassen, og har vald å anonymisere han.

– Eg konkluderte med at det lite truleg var kreft, seier han.

Han baserte seg på funn som han gjorde då han undersøkte Thomassen, samt pasientens alder, familiehistorikk og tidlegare mammografiundersøkingar, seier han.

– Som fastlege kan ein ikkje avfeie brystkreft sjølv om pasienten er ung. Men vi har nok lågare terskel for å sende eldre kvinner til vidare undersøking.

Han oppmodar alle kvinner til å jamleg sjekke seg og om å ha låg terskel for å kontakte fastlege.

Elisabeth Thomassen har søkt om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). I april gav dei avslag på søknaden om erstatning, og konkluderte med at oppfølginga Thomassen fekk var «i tråd med alminneleg god medisinsk praksis».

Thomassen har klaga på vedtaket, og meiner den byggjer på gale opplysningar om når ho først melde om ein klump i brystet. Avslaget legg til grunn at det må ha vore i 2019.

Legen som er klaga inn har sidan ettersendt opplysningar om at han undersøkte Thomassen for ein klump i brystet 10. oktober i 2018. Klagen på vedtaket er framleis under behandling.

Elisabeth Thomassen fekk diagnosen uhelbredelig kreft

ELSKAR NATUREN: – Eg elskar å gå på tur og å vere ute i naturen. Der kan eg «berre vere meg», og ikkje «berre ho med kreften», seier Elisabeth Thomassen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Alle som kjenner ein kul bør visast vidare

Hildegunn Aase er administrativ seksjonsoverlege på Brystdiagnostisk senter ved Haukeland universitetssykehus.

– Mitt inntrykk er at fastlegar tar pasientane på alvor, er gode til å gjere undersøkingar og er flinke til å vise pasientar vidare, seier ho.

Aase seier at det er vanleg for kvinner å kjenne ømheit og smerter i brysta i periodar.

– Brystkreft er sjeldan i ung alder. Men dersom kvinner merker ei endring som er vedvarande og lokalisert til eit område, og ein kjenner ein kul eller har andre teikn til brystkreft, burde dei visast vidare.

Hildegunn Aase

SJELDAN: – Brystkreft er sjeldan å få i ung alder. Kun rundt 2 prosent av dei som får brystkreft er kvinner under 35 år, seier Hildegunn Aase på Brystdiagnostisk senter ved Haukeland universitetssykehus.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Beskjeden som snudde om på livet

24. april 2019, nesten to veker etter mammografien møtte Thomassen ein radiolog som fortalde at undersøkinga avdekka at ho hadde brystkreft.

Legane ved kreftavdelinga på Haukeland universitetssykehus var først optimistiske.

– «Du er frisk om eit år», fekk eg beskjed om. Eg skulle starte på cellegift. Kanskje strålast, for så å opererast.

Ifølgje Kreftforeininga er det 95 prosent sjanse for å vere i live fem år seinare – om sjukdommen vert oppdaga tidleg og ikkje får spreidd seg.

Den vegen vil det ikkje gå med Elisabeth.

– Dagen før min tredje cellegiftkur, fortalde legen at eg var uhelbredeleg.

Kreften hadde spreidd seg. Behandlinga gjekk over til å vere palliativ, altså livsforlengjande. Legane gav ho rundt fem år å leve.

Hadde Thomassen kome til undersøking allereie hausten 2018, trur ho situasjonen hadde vore annleis.

– Då hadde eg nok vore frisk no.

Innsamlingsaksjonen til Thomassen har fått mykje merksemd. Blant anna har tidlegare handballspelar Frank Løke oppmoda folk til å donere pengar slik at Thomassen kan reise til utlandet for behandling. Til no har ho fått inn over ein million kroner.

Sjeldan at unge kvinner får kreft

I 2018 vart 3568 kvinner diagnostisert med brystkreft i Noreg, syner tal frå Kreftforeininga. Rundt 80 prosent av dei som vert ramma er over 50 år.

I gjennomsnitt vert 150 kvinner under 40 år diagnostisert med brystkreft kvart år.

– Men sjølv om vi er få, så er vi menneske vi òg, seier Thomassen.

No håper ho at unge kvinner skal sleppe å oppleve det same som ho.

– Kanskje nokon kan bruke meg som eksempel neste gong, slik at dette ikkje skjer igjen.