Hopp til innhold

Ingen veit kor ofte elevar blir slått eller trua. No vil Barneombudet ha tal på bordet.

Vald eller truslar mot lærarar skal alltid rapporterast, men ikkje når elevar er trugande eller valdelege mot andre elevar. Det meiner Barneombudet er uhaldbart.

Skolegård, 4

MANGE HENDINGAR: Ifølge ein rapport frå Oslo blir det meste av valden i skulen utført av gutar på 1.–4. trinn.

Foto: Anders Leines / NRK

– Skal me få gjort noko med skolemiljøsakene i norsk skule, må me ha eit godt kunnskapsgrunnlag og vita kva utfordringsbildet er, slik at me kan setta i verk rette tiltak, seier fagsjef Ivar Stokkereit hos Barneombodet.

Han meiner ein må få samla tal på kor ofte elevar trakasserer, mobbar, truar eller er valdelege, enten mot medelevar eller vaksne på skulen.

Fagsjef Ivar Stokkereit hos Barneombodet

Fagsjef Ivar Stokkereit hos Barneombodet vil ha betre kunnskapsgrunnlag for å kunne setje inn rett tiltak i skulen.

Foto: Barneombudet

– Sit langt inne å kalla det vald

Det er friminutt på Ulsmåg skole i Bergen. Dei yngste elevane spring rundt med gule refleksvestar og har det kjekt.

Men kva viss ein elev slår kameraten i hovudet med spaden, eller bit handa til ein lærar, eller ropar «gå og heng deg»?

– Det sit langt inne å kalla eit barn for valdeleg. Eller å kalla ei handling som eit lite barn gjer, for vald, seier avdelingsleiar Ingrid Bøthun.

Men vald skjer.

Ifølge ein rapport frå Oslo blir det meste av valden i skulen utført av gutar på 1.–4. trinn, altså barn mellom 6 og 10 år.

Den siste tida har NRK og andre medium publisert ei rekke saker om elevar som truar eller utøver vald mot lærarar.

Landets 20 største kommunar fekk inn over 26.000 avviksmeldingar om vald og truslar mot lærarar i 2023. Både Oslo og Bergen hadde langt over 5000 slike meldingar.

Les også Fortvilt lærer: – Mange går på jobb med dårlig samvittighet

Portrett av lærer Christine Koth Fliid. I bakgrunnen skimtes hjemmet hennes.

Vald blir ikkje kartlagt

Vald mellom elevar, blir det derimot ikkje samla inn meldingar og laga statistikk om, verken lokalt eller nasjonalt.

– Vi har ikkje tydelege nasjonale tal for det, stadfestar avdelingsdirektør Kristin Holm-Jensen i Kommunenes Sentralforbund (KS).

Arbeidsmiljølova krev at slike hendingar mot dei tilsette i skolen blir rapporterte som avviksmeldingar.

Opplæringslova har ikkje tilsvarande krav.

– Men det skal følgast opp og fangast opp på kvar enkelt skole, seier Holm-Jensen.

Ulsmåg skole

Avdelingsleiar Ingrid Klementsen Bøthun (til venstre) og rektor Berit Skorpen ved Ulsmåg skole.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Les også - Jeg liker det ikke. Det kan gjøre vondt.

Gutt sitter i gang på skolen, venter.

Må dokumentera arbeidsmiljøet til barna

Men Barneombodet i Noreg er kritisk til at det ikkje blir laga statistikk på vald mot skulebarna.

– Det er ei utfordring at mobbetala aukar i Noreg. Også me er opptatte av at ein bruker tid på å handtera kvar enkelt situasjon. Men samtidig må me bruka tid på å undersøka korleis elevane har det på skulen, seier fagsjef Ivar Stokkereit.

Han understrekar at skulen er arbeidsmiljøet til både barn og vaksne.

– Me må dokumentera situasjonen og utviklinga over tid, slik at me kan sjå om tiltak faktisk verkar, seier han.

Er det vald eller kommunikasjon?

Rektor Berit Skorpen på Ulsmåg skole i Bergen meiner det både er problematisk å definera kva som er vald mellom barn, og at det vil vere ressurskrevjande om alle hendingar skulle registrerast og rapporterast.

– Det er ikkje vald når eit lite barn utagerer. Då er det ofte at dei ikkje klarer å seia det med ord.

Ho seier ho og resten av staben har jobba mykje med spørsmålet om det då er vald, eller om det er kommunikasjon.

– Det kan opplevast som vald, men det er ikkje meint som vald frå den som utøver det, seier Skorpen.

Vil heller handtera enn rapportera

Rektoren er skeptisk til å skulla registrera alle tilfelle av vald, truslar og trakassering mellom elevar som avvik, slik det blir gjort når det rammar vaksne.

– Me vil heller bruka vaksenressursane på å faktisk følga opp elevane. Me ser ein auke i desse utfordringane. Kunnskapen ligg der. Først og fremst treng me å kunna førebygga og handtera uønskte hendingar.

Holm-Jensen i KS er einig.

– Idet ein innfører nasjonale krav om den typen rapportering, vil det ta mykje tid frå dei som jobbar i skolen til å rapportera oppover, i staden for å bruka tida på å handtera vanskelege situasjonar med elevane på skulen.

Byråden: – Lettare å telja vaksne

– Vald og truslar retta mot tilsette er mykje enklare å melda avvik på. For då har du ein vaksen person som er til stades, som har vore utsett for ein situasjon, og som kan rapportera dette, seier skulebyråd Daniel Hägglund (Frp) i Bergen.

– Er det like alvorleg om ein elev blir slått, som at ein lærar blir slått?

– Absolutt.

Heller ikkje Hägglund vil pålegga lærarane meir byråkrati med å registrera all vald og trakassering mot elevar.

Han meiner kommunen har ganske god oversikt, som gjer at dei kan setta inn riktige tiltak.

Elevar Rothaugen skole

Sigmund (14) streikar for skulen sin: – Forferdeleg dumt at vi mistar gode lærarar