Hopp til innhold

– Berre dei kule gruppene får vere med på russefest

Ikkje berre enkeltpersonar, men heile russegrupper kan bli ekskluderte dersom dei ikkje er kule nok.

Ingeborg Stray Juuhl, Eline Teige Øye, Leah Hatland og Julia Hauge.

UTESTENGANDE: Dei skal alle vere russ i 2023, men berre ei av dei har ei gruppe å feire med. Frå venstre: Ingeborg Stray Juuhl, Eline Teige Øye, Leah Hatland og Julia Hauge.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Fleire stader i landet kjem det fram at elevar blir utestengd frå russegrupper.

Enkelte lagar grupper på ungdomsskulen, for å vere sikker på å ha nokon å feire saman med.

Men heller ikkje det er ein garanti.

– Dersom me hadde danna ei lita gruppe, så kunne ikkje me vore med på gruppefestar viss me ikkje hadde vore kule eller populære nok.

Det seier Julia Hauge, som er russepresident ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.

Medelevane hennar, Ingeborg Stray Juuhl, Eline Teige Øye og Leah Hatland, er ikkje med på ei russegruppe.

Dei skal alle vere russ til våren.

Men korleis russetida blir og kva dei får vere med på, er dei usikre på.

Ikkje kul nok

Har du ei gruppe, betyr det framleis ikkje at du er kul nok.

Blei utestengd: Oppretta ei digital russegruppe for jenter i heile landet

Inkluderende russegruppe

Og er du ikkje kul eller populær nok, risikerer du å bli utestengd frå russegrupper.

Grupper som ikkje har russebuss eller bil, kan i utgangspunktet ha så mange medlemar dei vil.

Likevel opplever elevane i Bergen å bli utestengde også frå desse gruppene.

Truleg fordi dei ikkje er kule nok, eller har stort nok nettverk.

– Ofte er det snakk om den eine personen som ikkje får vere med, seier Juuhl.

Elev på Amalie Skram videregående skole

Ingeborg Stray Juuhl.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Men kva er ei kul gruppe?

18-åringane opplev at nettverk og kor populære medlemmene på russebussen er, avgjer kor kul den er.

– Det er noko som heiter stapping. Det handlar om at dei som er medlem på bussen inviterer så mange som mogeleg til fest på bussen.

Det er om å gjere å kjenne mange, sjølv om ikkje alle får vere med.

Og dersom ein russebuss eller bil ikkje blir sett på som kul nok i russemiljøet, blir dei ekskludert frå festar med dei andre gjengane.

Splittar venegjengar

Eg blir litt lei meg når folk eg trudde var vener ikkje inkluderer eller ikkje spør om eg har lyst til å vere med. Eg har spurt fleire grupper om dei har plass til fleire, men har allereie no fått beskjed om at det er for seint, seier Øye.

Eg vil ikkje setje meg sjølv i den situasjonen. At eg har lyst til å vere med på noko, men ikkje får lov, seier Juuhl.

Elever på Amalie Skram videregående

Russegrupper splitter venegjengar når enkelte blir inkludert og andre utestengd.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Russepresidenten, som er med på ein russebuss, synest det er vanskeleg å vere ein del av eit miljø som andre opplev som utestengande.

Eg synest det er ganske ekkelt eigentleg. Dersom eg synest nokon blir behandla feil, så seier eg veldig tydeleg ifrå til dei eg er på buss med. Det er vanskeleg.

Tek avstand for å ikkje ekskludere

– Gleda med å vere med i eit fellesskap forsvinn dersom det berre er nokon som får vere med og ikkje alle. Då er det betre å ta avstand, seier Hatland.

Dei tre jentene, som ikkje er med i ei russegruppe, fortel om eit dilemma mellom å ta avstand og samstundes ha lyst til å vere med.

På den eine sida ynskjer dei å vere med i ei gruppe for å få ei fin russetid, men på den andre sida vil dei ikkje vere ein del av den ekskluderande kulturen.

– Ein av grunnane til at eg heller ikkje har prøvd å bli med i ei gruppe er fordi eg veit kor utestengande det er, seier Juuhl.

By-fenomen?

Russestyret på Eid vidaregåande skule i Nordfjord opplever ikkje at russegrupper blir utestengde frå festar og samlingar.

Russestyret ved Eid vgs.

Planlegging av russetida er godt i gang og russestyret har eigne klede, såkalla merch, som markerer kven som er med.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Me arrangerer festar for heile 3. klassekullet, og alle er alltid velkomen, uansett om dei er på ei russegruppe eller ikkje, fortel Johanne Sæten og Lily Torsheim.

Lily Torheim og Johanne Sæten i russestyret ved Eid vgs.

Dei er medlem av både russestyret og ei eiga russegruppe, men opplev russemiljøet som opent og inkluderande. Frå venstre: Lily Torheim og Johanne Sæten.

Foto: Seline Larsen / NRK

Sjølv har dei ikkje latt plass i russebilen avgrense størrelsen på gruppa.

– Me er 10 personar i russegruppa vår, men har ein russebil med 9 seter. Då planlegg me å rullere på kven som er med eller kven som køyrer personbil.

Ny måte å markere eksklusivitet

Sosiolog ved NTNU Samfunnsforskning Marius Vigen påpeiker at ekskludering av heile russegrupper kan vere ei ny måte å styrke sin posisjon.

– No er russegrupper blitt normalen og dei fleste er medlem av ei gruppe. Då blir kanskje det nye å skilje mellom dei forskjellige gruppene, for å kjempe om makt og status.

Det å bli tatt opp som eit fullverdig medlem er noko som vil ta tid, både i russemiljøet og i samfunnet elles.

Tydinga av ansiennitet og det å vere ny, har ein del å seie også dersom du startar i ny jobb. Eller på eit idrettslag, legg Vigen til.

Hei!

Har du tips til saka, opplevd å bli ekskludert eller kjent på å vere utanfor? 

Send meg gjerne ein e-post!

All informasjon blir behandla konfindesielt.