Hopp til innhold

Vil bruke elektriske fly mellom bysentrum

I løpet av få år kan elektriske fly lande på fjorden og takse heilt inn til sentrum i byar.

Montasje av elfly som taksar inn mot Bergen sentrum.

FLYGANDE BÅT: Ein flygande elektrisk båt som landar og tek av på buken ved Bryggen i Bergen kan vere framtida.

Illustrasjon: Elfly Group

Dette kan vere løysinga for ei ny utsleppsfri flyrute mellom Førde og Bergen.

Konseptet blir presentert som eit av fleire alternativ i ein fersk rapport utarbeidd av Transportøkonomisk Institutt (TØI).

Forskarane slår fast at planane kan la seg realisere og at flyruta kan få stor regionalpolitisk betydning for heile Vestlandet. Håpet er at både næringslivet og sjukehusa vil kunne nytte flyruta.

Føresetnader er statsstøtte, at ruta legg til rette for dagpendling, at det blir mange avgangar og at billettane er rimeleg prisa.

Elfly over Bergen sentrum

KLIMAVENLEG: Elfly Group ser føre seg å frakte passasjerar utsleppsfritt mellom byar og tettstader på Vestlandet. Her ved Byfjorden i Bergen.

Illustrasjon: Elfly Group

I rapporten frå TØI kjem det også fram Noreg er godt eigna for elfly. Årsaka er lange køyreavstandar og ein distriktspolitikk som støttar opp om spreidd busetnad. Elektrifisering av luftfarten har brei politisk støtte.

Smilande gründer

I Bergen går gründer, IT-investor og elfly-entusiast Eric Lithun rundt og smiler.

– Eit pilotprosjekt med elfly mellom Førde og Bergen er ideelt for oss. Det kan også bli ein teknologidrivar for elektrisk luftfart i Noreg generelt, seier han.

For nokre år sidan starta han selskapet Elfly, som etter kvart har vorte til Elfly-gruppa med 13 tilsette.

Med store pengar frå sal av tec-selskapet Identum tidlegare i år har dei økonomiske musklane til å satse på elflydraumen vorte større.

Lithun fortel at elflyet vil kunne ta passasjerar frå Førde sentrum til Bergen sentrum på 40 minutt, inkludert køyring frå landingsplass tur-retur sentrum. Reisetida mellom dei to byane blir minst halvert.

Eric Lithun i Elfly Group

ELFLY: Eigar og dagleg leiar Eric Lithun i Elfly Group har stor tru på at elektrisk drivne fly skal bli framtida på korte distansar i Noreg og resten av verda.

Foto: Elfly Group

Same prinsipp som «flying boat»»

Dagens sjøfly er små, har dårlege eigenskapar på sjøen og veltar lett. No vil Lithun tilbake til dei tidlegare «flying boats» som landar på buken. Målet er at vind og bølgjer ikkje skal føre til at sjøflya ofte blir innstilte.

– Dette vil bli båtskrog og fly som først og fremst blir laga for å vere sjødyktig. Det vil bli ekstremt godt eigna for å lande og ta av på sjøen, seier han.

Tanken er at batteriet på 1,5 tonn i botnen av skroget og to elektriske motorar rett plassert skal gjere flybåten stabil. Flya kan og lande på ein vanleg flyplass.

Sjøflyet Valkyrien

AMFIBIEFLY: Det elektriske amfibieflyet, som kan bli sett inn på ruta mellom Førde og Bergen, skal byggjast etter same prinsipp som «The Flying Boat» som tar av og landar på buken. Her ser vi flyet Valkyrien som vart anskaffa i 1936. Det gjekk frå Gressholmen sjøflyhamn i Oslo til Bromma Lufthamn i Stockholm.

Foto: Wikipedia commons

Byggjer 15 meter lang prototyp

Selskapet byggjer no sin tredje prototyp, eit fullskala fly som blir 15 meter langt og med eit vengespenn på 21 meter. Det vil kunne ta 9 passasjerar og vil bli på storleik som ein Twin Otter.

Bygginga går føre seg på Jarlsberg flyplass ved Tønsberg. Planen er at prototypen skal vere ferdig i 2025 og at det vil ta fem år med testflyging før endeleg godkjenning.

– I 2030 håper eg du kan fly direkte frå Bergen sentrum til Førde sentrum, seier Lithun.

Prislappen på utvikling av flyet kan kome opp mot 2 milliardar kroner. Det blir jobba hardt for å få nødvendige investorar på plass.

Perspektivet Museum- Roald Amundsen 1928

HISTORISK: Å bruke fjordane som flyplass er ikkje noko nytt. Sjøfly var ryggrada i norsk luftfart før tyskarane bygde flyplassar under andre verdskrig. Her er vi eit fly som polfararen Roald Amundsen brukte på 1920-talet.

Foto: Perspektivet Museum

Finansiering kan bli bøygen

Flyanalytikar i Windair, Hans Jørgen Elnæs, meiner konseptet med bruk av amfibiefly er interessant. Men den største utfordringa er å få finansieringa på plass, trur han.

– Det er ekstremt kostbart å utvikle ein ny flytype og finansiering må finnast i marknaden eller ved hjelp av statlege midlar. .

Hans Jørgen Elnæs i WinAir

USIKKER: Flyanalytikar i Windair, Hans Jørgen Elnæs, har sans for elfly-planane. Men han er usikker på om prosjektet let seg finansiere.

Foto: NRK

Elnæs tur også det kan kome konkurranse frå aktørar som vil nytte andre teknologiske konsept.

– Elektriske helikopter og persontransport med dronar vil kome, seier han.

Kan bli viktig for pasienttransport

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, er begeistra over planane og trur tilbodet kan bli viktig både for tilsette og pasientar.

Kommunane Stryn og Ullensvang ønskjer å nytte tilbodet dersom det blir realisert, og har skrive intensjonsavtalar med Elfly Group.

Også ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp) har tru på planane.

Amfibiefly er spanande nytenking som gjev fleksibilitet, kortar ned reisetida og kan bli ein del av framtidas transportløysingar», seier ho.

Vil også fly turistar

Eric Lithun har stor tru på at han skal få prosjektet realisert. Planen er at flyruta mellom Førde og Bergen blir ein del av ei større satsing, der frakt av turistar vil stå sentralt.

– Vi har som mål å byggje ein flåte på 20 fly som opererer over hele Vestlandet innan 2030, seier han.

Lithun får støtte i TØI-rapporten der det heiter at turistmarknaden er «stor og svært betalingsvillig» for bruk av sjøfly.

Det blir vist til at det kjem 1 millionar turistar berre til Flåm i Sogn kvart år.