Hopp til innhold

Elektrisk i Marseille då Frankrike vann VM i fotball

– Det nærast eksploderte då det vart klart at Frankrike hadde vunne VM. Folk storma ut i gatene og jubla, fortel Simon Solheim.

FRANSK VM-SIGER: Sjå video frå feiringa i Marseille.

Florøværingen er for tida på ferie i Frankrike, nærare bestemt i Marseille, og kunne ikkje unngå å få med seg at det sundag kveld vart spelt ein viktig fotballkamp.

.– Folk jublar i gata her, det kom akkurat ein og tredde ei flagg nedover hovudet på meg fortel Solheim, når NRK snakka med han like etter kampen var over.

Frankrike trekte det lengste strået i VM-finalekampen mot Kroatia i det som utvikla seg til reine målfesten. Den franske 4- 2 sigeren gjorde årets finale til den mest målrike sidan 1966.

I Marseille der Solheim er storma tusenvis ut i gatene ut i gatene sigeren var klar.

– Då vi kom stod folk og såg på kampen i pubane langs gata. Då var det god plass i gata, men i det kampen var over storma folk ut, fortel Solheim.

Feirar VM-sigeren Marseille

ELLEVILL FEIRING: Feira VM-sigeren med rakettar og røykgranatar. Sjå bileta frå feiringa.

Foto: Simon Frammarsvik Solheim

Røyk og rakettar

Jublande franskmenn sende opp rakettar og fyrte av røyk i gatene.

– Enkelte tok rennefart og berre hoppa ut i sjøen her, fortel Solheim.

Simon Frammarsvik Solheim og Katrine Aasheim

KOM MIDT I FEIRINGA: Simon Frammarsvik Solheim og Katrine Aasheim er i Marseille.

Foto: Simon Frammarsvik Solheim / NRK

Solheim som til dagleg jobbar i NRK er på ferie Frankrike. På grunn av stor trafikk inn til Marseille kom han litt for seint til å få med seg første omgang av kampen. Han fortel at dei alt på vegen inn til Marseille merka godt den franske VM-feberen.

– Det var mykje bilar og trafikken gjekk seint. Folk hang ut av bilvindaugene med store flagg og mange tuta med fløytene, seier Solheim.

– Skal du sjølv delta i feiringa i kveld?

– Det trur eg vi må prøve på. Her er det god stemning, og det er ikkje ofte ein opplever å vere i det landet er VM-sigeren kjem i hamn, seier Solheim.