Hopp til innhold

Då straumen gjekk, brukte Asle elbilen som vasspumpe

Då straumen gjekk heime hos Atle Dale, forsvann også vatnet. Då vart elbilen redninga.

Atle Dale

Atle Dale koplar støpselet rett i elbilen.

Foto: Monica Bondevik Dale

Atle Dale veit kva langvarige straumbrot er for noko. Seinast i 2011 var straumen vekk i fleire dagar etter orkanen «Dagmar».

Men etter at han fekk seg elbil med utgang for straum, er han ikkje lenger så bekymra.

Då straumen gjekk like før jul, mista han også vatnet i kranen. Brønnen blir nemleg driven av ei pumpe.

Men så vart elbilen løysinga.

– Elbilen har vist seg å vere meir praktisk enn eg hadde tenkt, humrar Dale.

Det var elbil.no som fortalde historia til Atle Dale.

Brukte elbilen som vasspumpe

Alle elbilar har stor lagringskapasitet for straum. Dale passar alltid på å ha fullada bil i tilfelle det er uvêr i sikte.

Då straumen gjekk, var han raskt ute med skøyteleidningane sine.

Ved hjelp av bilen fekk han straum både til internett, TV, og pumpa som hentar vatn frå brønnen heime i Balestrand ved Sognefjorden.

– Det hender jo her at vi manglar straum, seier Dale.

– Eg kopla vasspumpa i brønnen til bilen. Så fekk eg i gang vatnet, og då hadde eg vatn. Eg kan kople til det viktigaste.

Litt styr vart det, han kan ikkje kople bilen til sikringsskapet.

– Med ei kabelsnelle kjem ein langt. Det tok mindre enn fem minutt, seier Dale med eit smil.

Bilen har ei batteripakke på 74 kWh totalt og kan gi ein effekt på 3,6 kilowatt.

Dale seier han brukar 15–20 kWh totalt på ein dag.

Atle Dale

Godt nøgd med å ha straum.

Foto: Monica Bondevik Dale

– Veldig spennande for framtida

Nettselskapet Lnett er blant dei som følgjer utviklinga. Mellom anna i samarbeid med Sintef i eit forskingsprosjekt. Også elles i Europa går det føre seg forsking, ifylgje Lars Andre Kalve, som er direktør for nettstrategi.

– Det vi hovudsakeleg har sett på er korleis batteria kan nyttast til å jamne ut effekttoppane i nettet, seier Kalve.

Om elbilen verkeleg blir ein viktig ressurs under straumbrot, ligg nok litt i framtida, seier han.

– Det er veldig spennande for framtida, vi følgjer med på det med spenning, og synest det er veldig interessant, seier Kalve.

Både bil og ladarar må leggast til rette for å kunne levere straum tilbake til bustaden. Slik arbeid må gjerast av godkjent installatør, seier Kalve.

Lars Andre Kalve, direktør for nettstrategi i nettselskapet Lnett.

Lars Andre Kalve, direktør for nettstrategi i Lnett.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Kalve trur uansett ikkje vi kan basere beredskapen vår på elbilane.

– Batteri skal sjølvsagt ladast. For korte straumbrot kan elbilen ha ein støttande funksjon, men vi skal forhalde oss til styresmaktene sine råd til beredskap fyrst og fremst, seier Kalve.

Tanken er at bilen kan forsyne huset med straum når prisane er på topp, eller belastninga på nettet ekstra høg.

– Vi veit ikkje kva insentivordningar som kjem i framtida. Det er ikkje sikkert dette er kjempe-lønsamt i dag, men ting endrar seg, seier Kalve.

– Praktisk, men litt mindre koseleg

Dale har også glede av elbilen når han er på hytta. Han kan parkere like ved, og skaffe seg straum om det trengst.

– Men det er mest koseleg med stearinlys, insisterer han.

Tidlegare var bensinaggregat løysinga, men å bruke bilen er både enklare, stillare og mindre styr, meiner Dale.

– Absolutt, eg har eit lettare maskinaggregat, men det er meir drags, tungt å flytte på og bråk og ståk. No er eg eigentleg berga. Eg trur dette kan bre meir om seg, spår Dale.