Hopp til innhold

Køyrde i 280 kilometer i timen i tunnel utan fotoboksar

Den splitter nye vegen mellom Bergen og Os er utan fotoboks. Videoar spreidd på TikTok avslørar at vegen har blitt ei fartsstripe for raske bilar.

264 km/t i Lyshorntunnelen

FORT: Videoen som vart lagt ut på TikTok viser at bilen gjekk i 264 kilometer i timen.

Foto: Skjermdump / TikTok

Den første motorvegen med fartsgrense 100 km/t i Vestland, har freista fleire fartsglade til å gje gass.

Denne veka har ein person køyrd i det som truleg er tunnelen mellom Os og Bergen, og nådd over 260 kilometer i timen.

Vegen opna 31. oktober i år, og er utan fotoboksar.

Det tok berre eit par timar før første råkøyrar vart teken av utrykkingspolitiet.

På TikTok ligg det fleire videoar av personar som køyrer i over 280 kilometer i timen på vegen.

Det er raskare enn den høgaste snittfarten registrert på ein Formel 1-bane, med 264,3 kilometer i timen, signert Lewis Hamilton.

Men i motsetning til den raskaste Formel 1-bana, har Lyshorntunnelen fartsgrense på 100 kilometer i timen.

Les også Utrykningspolitiet kritisk til manglande fotoboksar: Her susar 18-åringen forbi politiet

Råkjøring i Lyshorntunnelen

– Fullstendig uakseptabelt

Avdelingsdirektør for Trafikktryggleik i Statens vegvesen, Guro Ranes, er ikkje imponert over farten.

Ekstreme hastigheiter som dette er fullstendig uakseptable. Dei som køyrer slik set ikkje berre eige liv i fare, men òg andre trafikantar blir utsett for utruleg stor risiko, seier Ranes.

Landets lengste motorvegtunnel: Lyshorntunnelen på ny E39 mellom Os og Bergen

Lyshorntunnelen er den lengste motorvegtunnelen i Noreg, og har fartsgrense 100.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det er som kjent ingen fotoboksar i tunnelen. Det avgjorde regjeringa til Erna Solberg medan Ketil Solvik-Olsen (Frp) var samferdselsminister.

Ranes i Vegvesenet meiner at kontrollar er det einaste som kan hjelpa mot slik hastigheit.

Enten at politiet gjennomfører ordinære uniformerte eller sivile fartskontrollar på vegen, eller automatisk trafikkontroll, fotoboksar, i tunnelen, seier ho.

Guro Ranes, leder for Trafikkavdelingen, Statens vegvesen

Avdelingsdirektør for Trafikktryggleik i Statens vegvesen, Guro Ranes, meiner det må bli sett opp fotoboksar på strekninga.

Foto: Line Hødnebø

Os og Fusaposten har også omtalt saka.

Får mange tips i veka

Fagleiar for politiets nettpatrulje, Rune Fimreite, seier at dei får tips fleire gongar i veka om personar som legg ut lovbrot, som til dømes råkøyring på sosiale medium.

Fimreite er kjent med hendinga med videoen som viser råkøyring.

– Det er då gjerne meint som skryt, og å visa seg fram. Viss ein tek råkøyring spesielt, er dette ei lita gruppe som syns dette er kult og spennande, medan majoriteten av innbyggjarane syns jo dette er heilt ugreitt, seier Fimreite.

Rune Fimreite

Fagleiar for politiets nettpatrulje, Rune Fimreite, seier dei får mange tips om råkøyring i sosiale medium.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Kva gjer de når de blir tipsa om slikt?

– Me gjer alltid vidare undersøkingar. Me undersøker kva bil som er involvert, og om personar er involvert, seier han.

Han legg til at viss det er grunnlag for straffesak, vert det som oftast opprettast sak.

Eit enormt skadepotensial

Reaksjonslengda blir lenger når farten blir høgare. Viss ein køyrer i 280 kilometer i timen, svarar det til 77 meter i sekundet.

Utrykkingspolitiet sin distriktssjef for Vestlandet, Terje Oksnes, seier det har eit enormt skadepotensial å halde denne farten.

– For det første får ein ikkje med seg noko av det som skjer utanfor bilen fordi det går så fort. Små rørsler kan få store konsekvensar, seier Oksnes.

Les også Filmet mens han kjørte i minst 230 km/t gjennom Ryfylke-tunnelen