Hopp til innhold

Ekspertar trur ny forsking vil gi fleire koronavaksinerte erstatning for seinskadar

Personar som i dag får avslag, kan i framtida likevel få erstatning for seinskadar etter koronavaksine, meiner fagfolk. Årsaka er ny kunnskap om biverknadar.

Vaksinering med koronavaksine i Bergenshallen

1,8 PROMILLE: 4,35 millionar nordmenn har tatt minst éin dose koronavaksine. Det er registrert 8000 tilfelle av mogleg alvorleg biverknad – altså 0,18 prosent av dei vaksinerte.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Eg trur at me i framtida vil få fleire svar på kva som kan vera biverknader ein kan forklara har samanheng med koronavaksinen. Då får me læra av det. Så får me sjå om me bør gjenopna gamle avslag fordi ny kunnskap tilseier at det likevel er ein samanheng.

Det seier avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker i Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Dei har gitt meir enn dobbelt så mange avslag som medhald til menneske som har søkt om erstatning for kortvarige eller langvarige biverknadar etter koronavaksinering.

Ny forsking kan endra den statistikken.

– Då kan det henda tala forandrar seg, men det veit me ikkje no. Det viktigaste me skal vurdera, er om det er mogleg å forklara ut frå medisinsk og biologisk kunnskap at vaksinen kan ha gitt desse typane plager, seier Gulaker.

Også seniorrådgjevar Pernille Harg i Statens legemiddelverk reknar med at fleire biverknadar vil bli vitskapleg påvist.

– At det framleis kan dukka opp nye biverknadsproblem, kanskje særleg for langvarige plager, reknar me som sannsynleg.

avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker i NPE (Norsk pasientskadeerstatning)

Anne-Mette Gulaker i Norsk pasientskadeerstatning reknar med at fleire biverknadar av koronavaksinen kjem til å bli vitskapleg påvist og dermed gi rett til erstatning.

Foto: NPE

Åtte tusen mistenkte alvorlege tilfelle

Trass i mange avslag, meiner Gulaker erstatningsordninga er god.

– Regelverket for vaksineskadar og erstatning, er romsleg i forhold til å ta vare på dei som eventuelt får ein biverknad. Det vil eg seia er ei god ordning. Utfordringa med koronavaksinane er at det framleis går føre seg veldig mykje forsking om biverknadar.

Totalt har helsepersonell eller pasientar meldt inn over 8000 tilfelle av mistenkte alvorlege biverknader etter koronavaksinasjon i Noreg.

– Heldigvis har ein del av tilfella gått bra, slik at det kanskje ikkje er aktuelt å søka om erstatning, seier Gulaker.

Koronavaksine på Sluppen Vaksinesenter i Trondheim

1573 koronavaksinerte nordmenn har søkt om erstatning for lang- eller kortvarige biverknader. Så langt har 321 fått medhald og 694 avslag.

Foto: Morten Waagø / NRK

Støtteforeining

NRK fortalde siste veke om den nyoppretta støtteforeininga VaxVeritas for koronavaksineskadde, som Karl-Erik Hordnes har tatt initiativ til.

Forsikringane frå styremaktene om at koronavaksinen er trygg og effektiv kalla han ein hån mot dei som har fått seinskadar.

– Den manglande oppfølginga frå helsestyresmakter, og manglande anerkjenning gjennom pasientskadeerstatning, er heilt skandale og ei stor ansvarsfråskriving, meinte han.

Karl-Erik Hordnes

Karl-Erik Hordnes er 60 prosent sjukmeld sidan han tok koronavaksinen for to år sidan. Han har starta støtteforeininga VaxVeritas.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholdt forsikra at både helsedepartementet og resten av Helse-Noreg tar og skal ta vaksineskadde på alvor.

– Men eit krav for å få erstatning er at ein kan visa ein sannsynleg samanheng, sa han.

– Bagatellisert

Vurderingar om pasientskadeerstatning byggjer i stor grad på kva legemiddelverket har sagt om sannsynlege årsakssamanhengar generelt.

– Viss dei seier at det er ein årsakssamanheng, så er det sjølvsagt veldig interessant for oss. Men me vurderer også det enkelte saka heilt individuelt, sjølv om ikkje legemiddelverket har konkluderte den eine eller den andre vegen, seier Gulaker.

Les også Nå vil mange ta koronavaksinen

Koronavaksine

– Opne om biverknadane

Den nyaste rapporten frå legemiddelverket om biverknadar etter koronavaksine er frå 21. september.

Den vanlegaste grunnen til at folk får erstatning, er menstruasjonsforstyrringar. Blant andre seinskadar der koronavaksine er påvist som dokumentert mogeleg årsak, er hjartemuskelbetennelse og hjarteposebetennelse.

For tilstandar som ME, MS eller langvarig hovudpine er det ikkje vitskapleg påvist samanheng med koronavaksine.

– Den typen problemstillingar jobbar me framleis med å sjå på korleis det ser ut over tid, seier Harg i Legemiddelverket. Ho viser til Folkehelseinstituttet sine omfattande befolkningsundersøkingar.

Harg avviser at langvarige biverknader av koronavaksine har vorte underkommuniserte av styremaktene.

– Legemiddelverket har heilt sidan vaksinane vart tekne i bruk informert ope om alle meldingar me har fått om mistenkte biverknader. Me har følgt denne vaksinasjonen veldig tett heilt frå starten for å fanga opp signal om nye biverknader, og det gjer me framleis.

Pernille Harg, seniorrådgiver i Statens legemiddelverk

Pernille Harg i Statens legemiddelverk seier svært mange må bruka eit legemiddel før sjeldne biverknadar kan bli vitskapleg bevist.

Foto: Caroline Roka

– Ikkje «forsøksdyr»

Ho seier det er vanskeleg å slå fast om det er årsakssamanheng eller ikkje.

– Det er ganske komplekse problemstillingar å finna ut av. Mellom anna fordi dei fleste i Noreg er vaksinerte, så me har få å samanlikna med. Samtidig har jo dei aller fleste også hatt covid-sjukdom – også dei vaksinerte. Og covid-sjukdom kan jo også gi denne typen langvarige symptom.

– Vart koronavaksinane utvikla og tatt i bruk så raskt at dei vaksinerte i praksis har vore «forsøksdyr» fordi vaksinane ikkje var testa nok på førehand?

– Nei. Me meiner tryggleiken var vareteke så langt det er mogleg. Men det er slik med legemiddel at det alltid vil vera mogleg at sjeldne nye ting kan oppstå.

– Sjeldne biverknader vil me jo først kunna sjå når veldig mange har brukt legemiddelet, seier Harg.

Les også Vaksineskadde organiserer seg: – Ein hån å kalla koronavaksinen trygg og effektiv

Kristine Larsen