Hopp til innhold

Vaksineskadde organiserer seg: – Ein hån å kalla koronavaksinen trygg og effektiv

Koronavaksinerte har fått dobbelt så mange avslag som medhald i erstatning for seinskadar. – Vi var med på dugnaden, men blir ikkje tatt på alvor, meiner ny støtteforeining.

Kristine Larsen

KVILEPLAN: Vibeke Larsen fekk hjerteposebetennelse og ME etter koronavaksineringa. – Kvardagen no er å planleggje små aktivitetar og kva tid eg skal få kvilt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Sanninga her er langt større enn at koronavaksinane er trygge og effektive, som vi blir fortalde. Vi er veldig mange som har fått store vedvarande plager, seier Karl-Erik Hordnes (43) i Bergen.

Tre veker etter andre dose Pfizer-vaksinen vart han akutt dårleg hausten 2021.

– Det var utmatting, høg puls, mjølkesyre i beina, hjernetåke, konsentrasjonsproblem.

Den tidlegare aktive friluftsmannen er framleis 60 prosent sjukmeld. Han blir lett og plutseleg utmatta.

– Det er omtrent som at nokon skrur på ein dimmar, så går energien heilt i botn.

Karl-Erik Hordnes

Karl-Erik Hordnes var ein ivrig naturfotograf og turgåar. To år etter koronavaksinen har han framleis svært lite energi.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nesten 200 medlemar

I fjor haust stod han fram i ein TV 2-reportasje.

– Same dagen byrja det å renne inn med tilbakemeldingar frå folk frå heile landet, som endeleg kunne lese noko dei kunne kjenne seg igjen i. Då fann eg ut at her måtte det startast ei arbeidsgruppe, som etter kvart vart til ei foreining for dei som er vaksineskadde etter koronavaksinane.

Foreininga VaxVeritas har no nesten 200 medlemar: Både vaksineskadde og andre støttemedlemar.

– Med ein slik organisasjon føler ein seg ikkje så åleine med å ha plager forårsaka av vaksinane, seier Rune Larsen Aune (35) i Brønnøysund.

– Det er viktig å få fram i lyset at det finst nokon som ikkje har tolt denne vaksinen. Vi vaksineskadde er ei tapt gruppe, seier bergensaren Vibeke Larsen (52).

Foreininga krev anerkjenning, behandling og erstatning for desse pasientane.

Vaksinering med koronavaksine i Bergenshallen

Nordmenn stilte kvinne- og mannsterkt opp i «vaksinedugnaden». Over 8000 har meldt inn mistanke om alvorlege biverknader og seinskadar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Vi var med på denne dugnaden. Når vi så ligg nede som følgje av biverknader, kjenner vi at vi ikkje blir tekne på alvor.

– Forsikringane om at vaksinen var trygg og effektiv er ein hån mot mange menneske som har teke denne vaksinen i god tru, meiner Hordnes.

Bygdanytt omtalte foreininga først.

– Biverknadane blir bagatellisert

4,3 millionar nordmenn – 80 prosent av befolkninga – har tatt minst éin vaksinedose mot covid-19.

Legemiddelverket har pr. 21. september registrert 8.052 tilfelle der det er mistanke om alvorlege biverknader av koronavaksine, men understrekar at det «betyr ikkje nødvendigvis at det er ein årsakssamanheng med vaksinen».

Dei konkluderer at det er «ikkje grunnlag for å endre gjeldande overordna anbefalingar for vaksinering».

1575 personar har pr. 1. oktober søkt Norsk pasientskadeerstatning (NPE) om erstatning for slike plager.

Rune Larsen Aune

Rune Larsen Aune var ein aktiv jeger og skyttar før han tok koronavaksine. Han meiner vaksinen gav han MS.

Foto: Privat

Så langt er det gitt meir enn dobbelt så mange avslag som medhald.

321 menneske har til saman fått vel 15 millionar kroner i erstatning, altså 47.700 kroner i gjennomsnitt. 694 menneske har fått avslag. ​​​​​​

– Eg føler at biverknadane som er alvorlege blir bagatellisert, seier Larsen Aune.

Han har fått diagnosen MS, som ikkje er offentleg godkjent som biverknad av koronavaksine.

Vibeke Larsen vart i mai diagnostisert med ME. Ho har fått stadfesta at vaksinen gav henne hjarteposebetennelse. Men ho har ikkje fått slått fast at vaksinen er årsak til ME.

– Kvardagen no er å planleggje små aktivitetar og tid eg skal få kvilt. Kvar morgon vaknar eg med kjensla av «hang-over» etter ein skikkeleg bra fest, seier ho.

Kristine Larsen

I halvanna år har Vibeke Larsen berre klart å jobba 30 prosent, og stort sett berre på heimekontor i sofaen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Departementet: – Skal ta dei på alvor

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt seier Helse – og omsorgsdepartementet er opptekne av ein ærleg og open kommunikasjon omkring både fordelar og ulempe ved vaksinasjon.

– Det er heilt sentralt for at det skal vere tillit i befolkninga til dei vaksinane som styresmaktene tilrår. Så er det viktig å understreke at på befolkningsnivå er det enorme helsegevinstar ved både koronavaksinasjon og influensavaksinasjon.

– Alvorlege biverknader er veldig sjeldne. Men det hjelper ikkje dei som blir ramma av desse alvorlege biverknadene. Og det skal vi ta på største alvor.

– Dei er provoserte av styremaktene sine forsikringar i for- og etterkant om at koronavaksinen er trygg og effektiv.

– Det forstår eg godt. Når kommunikasjonen til styresmaktene ikkje treffer opplevinga deira, så er det klart at det kan verke provoserande. Det er veldig viktig at ein tek kontakt med helsevesenet. Då må ein forventa å bli tatt på alvor og at det blir greidd ut, seier Bjørkholt.

BioNTech-Pfizer vaksine

– Koronavaksinasjonen gav enorme helsegevinstar, men det hjelper jo ikkje dei som fekk alvorlege biverknader, vedgår statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Men dei får jo stort sett som svar at det ikkje er påvist nokon årsakssamanheng til mange av plagene dei slit med.

– Det er Legemiddelverket som har kunnskapen om det i Noreg og samarbeider med internasjonale forskingsmiljø. Men det er ofte vanskeleg å påvise ein direkte samanheng. Eit krav for å få erstatning er at ein kan vise ein sannsynleg samanheng.

– Vi er ikkje vaksinemotstandarar

Bjørkholt seier kunnskapen om vaksinebiverknader blir stadig meir detaljert. Og at både MS og ME er noko som blir forska mykje på internasjonalt.

– Eg er trygg på at det er veldig mange fleire biverknader som kjem til å bli godkjende enn det som er godkjent i dag, seier Hordnes.

Karl-Erik Hordnes

Hordnes meiner styremaktene har fråskrive seg ansvar for alle som fekk alvorlege og langvarige biverknader av koronavaksinen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

VaxVeritas har fått hjelp frå fagfolk til ei spørjeundersøking blant personar som meiner dei har seinskadar etter koronavaksinasjonen. Hordnes oppmodar folk til å delta. Deretter ønsker han å få møte helseministeren for å presentere resultata av undersøkinga.

Dei tre NRK har møtt, understrekar at dei ikkje er vaksinemotstandarar eller var redde for å ta koronavaksinen.

Eg har aldri vore skeptisk til ein einaste vaksine. Eg tok vaksinen fordi eg tenkte det var viktig. Eg har vore heilt ukritisk til koronavaksinen, men har blitt svært kritisk, seier Hordnes.

Det slo meg ikkje eitt sekund at det kunne vere farleg, seier Larsen Aune.

Statssekretær Bjørkholt reagerer på at denne pasientgruppa blir kritisert for vaksinemotstand.

– Det er heilt urimeleg. Dette er menneske som personleg har opplevd å få livet sitt snudd på hovudet med alvorlege biverknader av medisinsk behandling eller vaksinar. Det må eg anerkjenne og respektere, og ikkje putte dei i den type bås. Og samfunnet skal ha eit system som står klar til å hjelpe, seier han.

Statssektretær Ole Henrik Krat Bjørkholt

Statssekretær Bjørkholt seier det ofte er vanskeleg å påvise ein direkte samanheng mellom vaksinering og seinskadar på individnivå.

Foto: Esten Borgos

Det er ikkje tilfelle i dag, meiner Hordnes:

– Manglande oppfølging frå helsestyresmaktene og manglande anerkjenning gjennom pasientskadeerstatning synest eg er heilt skandale.

Det er ei stor ansvarsfråskriving at vaksinasjon er helsestyremaktene sitt bord, medan biverknadar er fastlegen sitt, meiner han.