Hopp til innhold

Brasil-val til besvær for Eithun

Valet i Brasil kastar mørke skyggar over førdianaren Geir Eithun og makker Iver Horrem sine turneringsplanar i januar.

Geir Eithun i timeout for Førde

UVISSE: Geir Eithun kan risikere å måtte velje mellom cupfinale med Førde og sandvolleyballturnering i Brasil.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sandvolleyballspelarane skal etter planen delta i gigantturneringa 9. til 13. januar i Sao Paulo er sett på hald.

Ti av dei beste laga i verda skal her kjempe om pengepremiar verd fleire hundre tusen kroner.

– Det verste er uvissa, og at vi ikkje veit korleis vi skal halde oss til treninga i forkant. Dette øydelegg heile jula mi og det blir ingen ferie, seier Iver Horrem (35) til Dagbladet.

Utsett meisterliga

Ifølgje avisa er vinnarlaget sikra nær 300.000 kroner. Totalt skal premiepotten vere på kring 800.000 kroner. Alle deltakande lag er garantert ein del av summen.

Uvissa har samanheng med valet av ny borgarmeister i Sao Paulo. Korleis er ikkje heilt klart. Horrem skildrar det heile som lite proft, og samanliknar det med at UEFA skulle utsett Meisterligaen i fotball.

– Turneringa har vore sett ganske lenge, men no har vi fått eit uklart skriv om at datoen ikkje er heilt stadfesta likevel, seier Geir Eithun (33) til NRK.no.

Får ikkje planlagt

Geir Eithun

KNIVAR: Geir Eithun (t.h.) og Iver Horrem (med ryggen til) er makkerar på sandvolleyballbana.

Foto: Joao Pires / FIVB.COM

President Stein-Gunnar Bondevik i volleyballforbundet, seier til Dagbladet at også dei har fått brevet. Han skildrar det heile som uhaldbart.

– Med tanke på planlegging av trening og økonomi er det kjempeviktig for oss å vite kva vi har å halde oss til. I tillegg til å treningane fram mot turneringa, så ynskjer vi å legge ned eit større treningsarbeid når vi først er der, seier Eithun til NRK.no.

– Ei lita katastrofe

Horrem skildrar det som ei lita katastrofe om turneringa, som dei har kvalifisert seg til gjennom turneringane siste tre åra, ikkje blir arrangert.

Horrem og Eithun sikra Norge ein plass i OL-London då dei tidlegare i år vann Europa sinn plass i Continental cupen. Samstundes kvalifiserte duoen seg til turneringa i Brasil.

– Skandale eller katastrofe. Eg veit ikkje kva eg vil kalle det. Det er i alle fall ei katastrofe i profesjonell forstand. Dette skal vere ei turnering for vinnarane av OL-kvalifiseringane, som ein slags finale av finalane. At alt blir uklart to veker før, er svakt, meiner Eithun.

Cupfinalehelga?

Turneringa vil vere den største på over ti år. Om den blir gjennomførd. Eithun og Horrem har allereie kjøpt flybillettar.

– I verste fall kan vel turneringa bli flytta til cupfinalehelga 19. januar?

– Eg håpar inderleg at den ikkje blir det, og eg trur ikkje at det vil skje. Men eg har allereie vore i dialog med Førde om det, seier Eithun.

– Og då blir vel valet vanskeleg?

– Nei, det blir nok ikkje så vanskeleg. Det er ikkje tvil om kvar eg reiser då. Det er ei prestisjetung turnering i Brasil og det er sandvolleyball eg satsar på. Så eg reiser nok dit, avsluttar den 199 centimeter høge volleyballspelaren.