Hopp til innhold

Draumen om avansement gjekk i vasken - vil trene og kvile meir

Førde tapte 1–3 heime for finske Etta Oulu i europacupen. Dermed er cupeventyret over for i år.

Førde - Etta Oulo, første runde i europacupen 2012

EXIT: Førde-spelarane er ute av europacupeventyret for i år etter dobbelttap for finske Etta Oulu. Her er klipp frå det dramatiske tredje settet i Førdehuset. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke

– Rett etter kampslutt var eg mektig irritert. Vi vinn jo eitt sett, og har vel settball i iallfall eitt sett til. Så marginane er ikkje akkurat på vår side, oppsummerer Geir Eithun over for NRK.no.

Førde tapte bortekampen mot finske Etta Oulo 3-0, men hadde eit håp om å vinne returkampen i Førdehuset. Då ville avansementet bli avgjort i eit siste «tiebreak-sett».

Slik skulle det derimot ikkje gå. For etter at Førde tok heim det første settet, kom finnane sterkt tilbake i det andre. Og sjølv om heimelaget var frykteleg nære å ta både det tredje og det fjerde settet, enda kampen med 1-3 i favør Etta Oulo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Eithun i timeout for Førde

PÅDRIVAR: Geir Eithun meiner spelarane må få meir tid til trening og kvile, om Førde skal ta eit steg nærmare Europa-nivå.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Betyr mykje i denne typen kampar

– Det er surt. Hadde vi teke eitt sett til, så hadde det blitt litt straffekonkurranse over det. Samstundes er det vår eigen feil at vi misser dei små marginane. Vi får leggje det på manglande erfaring med å spele slike kampar, seier Eithun.

– Hadde vi spelt slik kampar kvar veke, hadde sjansen for siger vore veldig mykje større, forklarer han.

- Men skilnaden på laget er relativt stor i periodar?

- Ja, du ser det i periodane der vi dette litt nedpå. Dei er proffe og spelar i ein proff liga. Så dei møter lag som er like gode som oss og betre fleire gongar i veka - det betyr mykje når ein skal spele slike kampar som dette, seier Eithun.

- No må vi halde på spelarane våre

Det er andre gongen i klubbens historie at Førde spelar europacup. Sist gong det skjedde, var i 2008, då Zagreb var på besøk i Førdehuset.

Då enda begge kampane med tap i tre strake sett. Sånn sett er det eine poenget Førde tok laurdag faktisk klubbens aller første noko gong...

Sjølv har Eithun spelt i volleyballens Champions League då han var proff i franske Beauvais.

– Kva skal til for at Førde kan ta det endelege steget og avansere til andre runde?

– La dette laget spele saman i eitt år. Vi må ikkje miste for mange spelarar, men heller spe på troppen. Samstundes må ein vere kreativ og få den matchinga ein treng med dei rammevilkåra vi har, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mathias Loftesnes takkar publikum

SKUFFA, MEN NØGD: Mathias Loftesnes hamstra 20 poeng mot Etta Oulo, og takka publikum for hjelp etter kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Vi bør berre drive med volleyball

Mot finske Etta Oulo var Mathias Loftesnes kampens store spelar. Totalt enda sogndølen på 20 angrepspoeng - særs sterkt ein kamp laget hans taper på fire sett.

– Eg føler føler heile laget gjer ein god kamp. Vi skal vere nøgde med oss sjølve i dag, sjølv om vi er veldig nærme å klare å slå dei, seier Loftesnes til NRK.no.

Framfor 500-600 tilskodarar beviste han at Førde kan nærme seg Europa-nivå med betre matching.

– Det er ganske enkelt. Skal vi komme oss vidare, kan vi berre drive med volleyball, slik dette finske laget gjer. Slik hadde eg det også då eg spelte i Estland, seier han.

Trur på suksess i Nordic League

– Det er så mykje tøffare å vere amatør. Eg merkar at eg er sliten på trening. Vi må få trent meir og jobbe mindre. Det hadde vore veldig bra, seier Loftesnes.

– Ville de ha vore gode nok med ei slik tilrettelegging?

– Ja, vi har kvalitetane. Men det er tungt med både jobb, så mykje trening og all reisinga. Det er slitsamt over tid, både fysisk og psykisk, seier han.

– Men no er eg gira på det som skal skje i Nordic League og eliteserien. Eg trur vi skal ha ein god sjanse i Nordic Leauge, seier Loftesnes.

Førde - Etta Oulo 1-3, Førde ute av europacupen

VIDEO: Sjå klipp frå det fjerde og avgjerande settet mellom Førde og Etta Oulo. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke