Hopp til innhold

Han var Norges beste spelar - no må han gå baklengs ned frå fjellet

Nær éin av fem personskadar i Norge skjer som følgje av idrett. For nokon betyr det at idretten må leggjast på hylla. Og det gjer vondt. Kanskje meir vondt enn sjølve skaden.

Berntsen montasje

KNUST: Martin Berntsen har framleis eit synleg bevis etter uhellet kom kosta han volleyballkarriera i november 2009. Øvst til høgre ser ein røntgenbiletet av det knuste beinet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det var tungt med ein gong, det er klart. Eg valde jo ikkje å slutte. Eg fekk fyken av min eigen kropp. Han sa tydeleg at «skal eg bidra meir i livet ditt no, må du ta det med ro».

Martin Berntsen (34) var to gonger kåra til Norges beste volleyballspelar. Eit knust leggbein gjorde at volleyballkarriera var slutt over natta.

Og han er ikkje åleine om å oppleve at den store draumen blir knust. Kvart år skadar 65.000 personar seg i idretten i Norge. Nokon skadar seg så ille at dei aldri meir får utøve idretten sin.

Hamnar i ei identitetskrise

Dersom ein har drive målretta idrett imange år, utan kanskje å tenkje på livet etter idretten, har ein skapt seg ein idrettsidentitet.

Når den identiteten plutseleg er vekk, er vegen til ei identitetskrise kort. Med påfølgjande sorg fordi ein føler det ikkje er bruk for ein lenger.

– Ei slik hending fører ofte til ein sorgprosess, og den kan vere tung. Spesielt dersom du ikkje har tenkt tanken på kva du skal drive med etter idretten, seier doktorstipendiat i Olympiatoppen og Norges Idrettshøgskule, Anne Fylling Frøyen.

Anne Fylling Frøyen

PROSESS: Doktorstipendiat ved Olympiatoppen, Anne Fylling Frøyen, stadfestar at ein kan slite med mange tunge tankar når idrettskarriera går i knas.

Foto: Olympiatoppen

Når ein veit noko kjem til å komme, kan ein førebu seg. Men det rekk ein ikkje dersom ein går frå frisk og førleg utøvar i eitt sekund, til idrettsinvalid i det neste.

– I idretten har vi normalt karriereovergangar. Til dømes går ein frå junior til senior, og då kan ein førebu seg på det. Men når ein må gå frå å vere aktiv utøvar til å leggje opp grunna skade, så blir det ein tvungen overgang som ein ikkje får førebudd seg på, seier Frøyen.

Dagen alt gjekk gale

I dag er det berre eit 25 centimeter langt arr på venstre kne som minner om det traumet kroppen til Martin Berntsen var gjennom i november 2009.

I eliteseriekampen i volleyball mot Kristiansund gjekk alt som kunne gå gale, gale for Førde-spelaren.

Det kom eit kort legg på kanten, Berntsen kom bakifrå for å ta ballen. Frå sida kom lagkamerat Geir Eithun med nett same mål, utan at han såg Berntsen som var i fart.

Begge hoppa og slo. Kollisjonen i lufta var ikkje til å unngå. I det Berntsen trefte bakken, landa han forkjært. Med Eithun på ryggen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Berntsen

PÅ BÅRE: Her vert Martin Berntsen transportert vekk etter ulykka. På dette tidspunktet var det få som forstod kor ille det eigentleg var.

Foto: MMS-foto: Asle Veien / NRK

Smadra heile beinet

– Med 100 kilo ekstra på ryggen, kan du seie at beinet vart trykt godt nedi der, seier Berntsen og smiler litt forsiktig.

Sidan han var i ubalanse, landa han på ein overstrekt fot. Toppen på leggbeinet fekk støyten. Ikkje berre av ein mann. Men av to.

Og når hardt møter hardt, må den svakaste vike. Av alt det harde, var toppen på leggbeinet minst hardt.

– Lårbeinet slo ned den ytterste plata av det som ein kallar Tibia-platået på toppen av leggbeinet. Yttersida vart fullstendig smadra. Spjæra mange centimeter ned, seier Berntsen.

Då han vart operert to dagar etter uhellet, gjorde legane sitt yttarste for å få trykt oppatt beinet.

– Dei limte, skrudde og festa så godt det let seg gjere, samt sprøytte inn litt kunstig beinmasse. Så måtte det få gro i fred, seier Berntsen, og stryk handa over eit arr som i grunn, trass i at det er langt, ikkje ropar om merksemd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ball og Berntsen

IKKJE SOM FØR: - Formen er ikkje som før, men eg tykkjer framleis det er veldig gøy, seier Martin Berntsen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Klarte ikkje å reise seg

Ein skulle kanskje tru at han låg i krampegråt og fosterstilling når kroppen opplever ein slik skade, men sjølv har han få eller ingen minne om smerter. Og lite tenkte han på konsekvensar. Og det som skulle komme.

– Eg såg at ein beinsplint stakk ut og ville ut gjennom huda på eine sida, så eg trykte han innatt med handa. Men at noko var seriøst gale, forstod eg då eg skulle prøve å reise meg, seier Berntsen.

Lårbeinet følgde med, men resten hang berre der. Eg vart litt redd då. Det demra for meg at dette var alvor.

For den 193 centimeter lange karen måtte rett og slett innsjå at opp på to bein kom han ikkje til å komme med det første.

– Lårbeinet følgde med, men resten hang på ein måte berre der. Eg vart litt redd då. Det demra for meg at dette var alvor. Men eg trudde ikkje at det var slutten på all volleyballspeling.

Ei fatal misforståing

Lagkameraten Geir Eithun kjem aldri til å gløyme novemberdagen i 2009.

– Vi spelte vår beste kamp for året. Første sett var heilt konge. Så skjer dette i andre sett. Det er noko av det kjipaste eg har opplevd, seier Eithun.

Det var heller ikkje noko god kjensle å føle på at han var involvert i at lagkameraten landa som han gjorde.

– Det er menneskeleg å tenkje slik, og det er ikkje noko kjekt. Men det var berre ei misforståing, og ein ball som hamna der han hamna. Men det er like trist for det, seier Eithun, som saknar Berntsen på bana.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Eithun

DÅRLEG MINNE: Lagkamerat Geir Eithun likar dårleg minna frå kampen mot Kristiansund i 2009.

Foto: Privat

Den litt vel ærlege assistentlegen

På sjukehuset måtte Berntsen vente to dagar på operasjon medan dei fekk tak i kunstig beinvev. Ein litt fersk, uvøren assistentlege, kom med ein uttale som fekk pasienten til å lure litt på vegen vidare.

– Han såg på røntgenbiletet og så sa han: ”korleis i h…. klarte du å gjere dette på ei volleyballbane?” Og så heldt han fram med at slike skadar ser ein berre etter fallulykker og bilulykker. Då tenkte eg i grunnen mitt, seier Berntsen ironisk.

Etter operasjonen, som var så vellukka som ein kunne klare, alt teke i betraktning, måtte han halde foten heilt unna aktivitet og belastning. Og det var nesten verre enn ulykka i seg sjølv.

– Å sitje i ro i tre månader var i grunn verst. Å gå frå å vere kjempeaktiv til å måtte sitje omtrent i ro, det er ei påkjenning. Og då kan det gå på nervane laust, seier Berntsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Berntsen på sjukehuset

LANGE DAGAR: Å halde foten heilt unna belastning var ei påkjenning for ein elles så aktiv idrettsmann.

Foto: Rune Fossum/NRK

Var ein spelar av klasse

På det tidspunktet var ikkje Berntsen ukjend med korkje smerter, operasjon eller rekonvalesens. Ein prolaps i ryggen sette han ut av spel eit heilt år.

Det enda med operasjon og lang opptrening. Ei erfaring som kom godt med etter stjernesmellen som øydela det meste.

– Eg har jo fått litt erfaring med helsevesenet etter kvart, smiler Berntsen.

Tidlegare landslagstrenar Ivar Bakken, no trenar for Nyborg volleyballklubb og assistenttrenar for landslaget, hugsar godt Berntsen. Både for innsats, spelekvalitetar og den fatale ulykka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trenarane Ivar Bakken og Frank Kalstad.

HUGSAR GODT: Nyborg-trenar Ivar Bakken (t.v.) meiner Martin Berntsen kunne gjort det godt som proff. Her saman med trenar for Førde VBK, Frank Kalstad.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Berntsen var ein spelar av klasse som hadde mange kampar for landslaget. Då ulykka skjedde hadde han nådd toppen, men han var heilt klart ein av dei leiande spelarane i landet, seier Bakken.

Han trur Berntsen hadde gjort det bra som proffspelar dersom han hadde nytta sjansen.

Trenarlegenda understrekar at det er langt mellom så alvorlege skadar som den Berntsen opplevde.

– Det er veldig sjeldan så stygge skadar i volleyball når det gjeld akuttskadar. Slitasjeskadar er det derimot ein del som slit med, seier Bakken.

– Førekomsten er låg

Professor og spesialist i idrettsmedisin og mangeårig lege for mellom anna dei norske skilandslaga, Inggard Lereim, har sett på kor mange som vert skadde gjennom idrett årleg.

– Tala byrjar å bli nokre år gamle, men dei har ikkje endra seg stort. Kvart år vert om lag 65.000 personar behandla ved norske helseinstitusjonar for skadar som dei har fått gjennom idrett. I desse tala finn vi også mosjonistar, seier Lereim.

Inggard Lereim

HAR SETT MANGE: Spesialist på idrettsskadar, Inggard Lereim, har møtt mange utøvarar som har fått ein meir brå slutt på karriera enn dei hadde tenkt.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Han legg til at det totale talet på personskadar i Norge ligg på 400.000.

– Slik sett kan ein seie at det er ein låg førekomst. Men nokre er det jo. Og for dei det gjeld, er det ofte alvor, seier Lereim.

Flaks i all uflaksen

For Berntsen venta hundrevis med treningstimar, veker og månader med både strev og smerte. Og så innrømmelsen av at treninga no primært var for å få foten til å fungere. Ikkje til toppidrett. Men til kvardags.

– Eg er litt kalvbeint og det er flaks. For det fører til at mesteparten av vekta mi kjem på det andre platået på leggbeinet. Det gjer at eg fungerer nokonlunde greitt i kvardagen. Men det blir ikkje dei store sprella, seier Berntsen.

For det er ein heil del ting han ikkje kan lenger. Jogge. Spele volleyball. Aktivitet som inneber hopp, brå rørsler eller utfall.

Han har fått erfare det Mark Twains karakter Tom Sawyer skjønte; dess meir umogleg det er å oppnå noko, dess meir ønskjer du nettopp det.

– Eg trivst godt i fjellet. Men eg kan ikkje gå fjelltur med full oppakning. Det går ikkje. På fjelltur går det bra både oppover og bortover. Men av og til blir det så vanskeleg å gå nedover at eg må rygge, seier Berntsen.

Trist å ikkje kunne bli med meir

Og han har tenkt tanken på at dersom han blir pappa, er det ting han ikkje kan bli med på. At han kanskje ikkje kan følgje opp dei unge og lovande på eit slikt nivå som han gjerne skulle ønskje.

Akkurat som han som assistenttrenar for elitelaget til Førde volleyballklubb, står på sidelinja. Ikkje fordi han vil, men fordi han ikkje kan anna.

– Det er kjekt å vere trenar, men å ikkje kunne bli med å spele sjølv, er kjedeleg. Og det nivået eg er på no, er tragisk. Det blir ikkje det same, seier Berntsen.

Men han er klar på at når ei dør i livet vert attlaten, så er det viktig å sjå etter andre dørar. For dei finst. Bitter er han ikkje.

– Nei, kva skulle eg vere bitter for? Ein må ha perspektiv. Det finst verre ting i livet enn å ikkje kunne spele volleyball på eit høgt nivå. Og det gjeld det meste i livet. Set ein ting i perspektiv, finn ein ut at ein stort sett ikkje har det så dårleg, seier Berntsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Berntsen

MOGLEGHEITER: Martin Berntsen er oppteken av at ein ikkje må sjå på begrensningane, men moglegheitene.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Berntsen meiner det handlar om å sjå moglegheiter.

– Ein må finne andre arenaer. Det er alltid noko ein kan gjere sjølv om ein har ein dårleg fot. Og eg kjenner meg privilegert fordi eg har fått oppleve veldig mykje, seier Berntsen.

Og så er han glad for at han hadde ein god del ting utanfor volleyballen. At han ikkje plutseleg stod på heilt bar merke.

– Men eg saknar mogelegheita til å gjere det. Til å spele.

Rutineoperasjonen som snudde alt

Ein annan toppidrettsutøvar som smerteleg har fått merke kor raskt livet kan snu seg frå topp til botn, er tidlegare Sogndal- og landslagskeeper, Terje Skjeldestad (34).

For to år sidan skulle han ta ein rutineoperasjon i kneet. Så og seie risikofri. Ein operasjon som går bra i 999 av 1000 tilfelle. Skjeldestad vart nummer 1000.

Operasjonen gjekk i og for seg bra, men ein aggressiv infeksjon med påfølgjande blodpropp lenka han til sjukehussenga i fleire veker. Det førte til ein nerveskade under høgre fot og redusert kjensle i fotbladet.

Med det var keeperkarriera over på eit blunk. For ein gut som hadde vore 20 år i Sogndal fotball og var heilt utan utdanning.

– Det var frykteleg tungt. Rett og slett, seier Skjeldestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Skjeldestad

PÅ BAR BAKKE: Terje Skjeldestad opplevde marerittet då han gjekk frå å vere heilt frisk og fin, til å bli idrettsinvalid etter komplikasjonar i kjølvatnet av ein rutineoperasjon.

Foto: Rune Fossum

«Kven er eg utan idretten?»

Idrettsmedisinar Inggard Lereim kjenner mange toppidrettsutøvarar som har måtte avslutte karriera for tidleg grunna skadar.

Han peikar på at for dei utøvarane som ikkje har teke utdanning ved sidan av idretten, eller har noko anna som interesserer i tillegg, kan sorgprosessen ved å miste idretten sin, vere tung og lang.

Ein hamnar i eit vakuum. Har ein ikkje då noko som fyller dette tomrommet, gapet og saknet. så kan tankane bli frykteleg tunge.

– Plutseleg er alt ein har vore, borte. Og ein tenkjer: No er ikkje eg interessant lenger for korkje trenaren, lagkameratane eller samfunnet. Slikt gjer vondt. Smerteleg vondt, seier Lereim.

Han samanliknar det med å oppleve eit samlivsbrot.

– Dersom dette kjem totalt ut av det blå, blir det litt som ei skilsmisse. Noko forsvinn. Ein hamnar i eit vakuum. Har ein ikkje då noko som fyller dette tomrommet, gapet og saknet, så kan tankane bli frykteleg tunge, seier Lereim.

Har ei klar oppfordring til dei unge

Då Skjeldestad brått måtte ta farvel med idrettskarriera, stod han i utgangspunktet utan ei anna plattform enn fotballen. Han er takksam for at han hadde ein klubb i ryggen som såg moglegheiter. Som såg at klubben kunne gjere seg nytte av hans kompetanse.

– Men det var ikkje gitt. Eg trur eg er unnataket når slikt skjer. Alle idrettsutøvarar kan ikkje automatisk få jobb i den klubben dei har spelt for. Men eg har vore heldig. Klubben har teke vare på meg, og eg trur eg har gitt ein del tilbake også, seier Skjeldestad.

Det kjem ein dag etter idretten. Du veit aldri når det smell. Aldri.

Som keepertrenar i Sogndal og i arbeidet sitt med landslagskeeperane, har han ein bodskap han prøver å innprente i dei, utanom det sportslege.

– Ta dykk tid til skule og utdanning. Legg eit løp, om det så berre er nokre vekttal i året. Til slutt blir det ein ny platform du har i bakhand. Det kjem ein dag etter idretten. Og du veit aldri når det smell. Aldri, seier Skjeldestad.

Nytte godt av opphald i USA

Og det er ei oppfordring Berntsen kan stå inne for. Sjølv spelte han tre år i USA for universitetslaget til University of the Pacific, Pacific Tigers. Her fekk han kombinere volleyball på eit ekstremt høgt og profesjonelt nivå med økonomistudiar.

– USA har lagt til rette for ein genial måte å kombinere studiar og idrett på. Det er fantastisk godt tilrettelagt for idrett der. Eg oppmodar alle som satsar på idrett om å ta seg ein tur dit, seier Berntsen.

I dag jobbar han som dagleg leiar i familiebedrifta Naustdal Dampbakeri og har snart ein master i økonomi.

I Olympiatoppen har ein over lengre tid fokusert på «helhetsmennesket 24-timersutøveren». Det har ført til at mange utøvarar, spesielt innan toppidretten, har fått tilrettelagt til dømes studiar, slik at ein kan fullføre ei utdanning på sida av idretten.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stilte krav utanom idretten

Naustedølen Stian Grimseth (39) er glad for at både Olympiatoppen og Vektløftarforbundet stilte som krav at dersom ein satsa på eit så høgt nivå, så måtte ein også bruke hovudet sitt på noko utanom idretten.

Medan han satsa på vektløfting, tok han utdanning ved sidan av. Han trur det var medverkande til at han ikkje gjekk i kjellaren då senene i høgre kne rauk i OL i Aten 2004.

For han hadde satsa mykje på at alt skulle rettast opp der. Mannen som vart klint utover VGs førsteside som «Norges største juksemaker» etter nandrolonskandalen i OL i Sydney 2000, var ute etter revansj.

Men innst inne visste han at kroppen hadde fått nok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stian Grimseth

FØREBUDD: - Eg er glad eg hadde fleire bein å stå på då kroppen sa stopp, seier Stian Grimseth.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fire senar rauk på ein-to-tre

– Eg sleit med store smerter dei to siste åra før Aten. Det skulle mykje oppvarming, ising og nedkjøling til for at eg skulle kunne prestere. Men i iveren etter å komme tilbake for å vise at eg kunne, så var eg nok ikkje så klok på det treningsmessige, seier Grimseth.

Han var ferdig med rykk, og skulle til med første forsøk i støt på 205 kilo. Den 160 kilo tunge bamsen frå Naustdal tok stanga, ho bøygde seg idet han løfta ho opp. Så sette han seg på huk for å støte.

Ta dykk tid til skule og utdanning. Legg eit løp, om det så berre er nokre vekttal i året.

Terje Skjeldestad

Idet han tok i, leverte dei fire senene som går mellom hofte og kne, inn oppseiinga si. Snapp, sa det. Og den store mannen gjekk i golvet.

– Det hadde nok vore verre å slutte, utan det som skjedde med dopsaka i Sydney. Men der og då visste eg at eg hadde erfart ting som var mykje verre. At karriera no var over, kunne eg leve med. Eg hadde både utdanning og jobb, og eit lokalmiljø som støtta, seier Grimseth.

Er eit leiaransvar

Grimseth støttar fullt ut Lereim sine tankar om at det er viktig at støtteapparatet stør opp om at utøvarane skal ha andre arenaer enn idretten.

– Det er viktig at leiarane skjønnar denne biten. Å ikkje oppfordre utøvarar om å ha ei plattform utanfor idretten er kunnskapsløyse. Dette er ein vinn-vinn-situasjon dersom det blir gjort rett, seier Grimseth.

Stian Grimseth 3

IKKJE SOM FØR: Vekter som for åtte år sidan var lettvekter for Stian Grimseth, er i dag heilt greie å trene med.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Lereim held fram at ein ikkje kan isolere idretten frå resten av personen.

– Det varierer sterkt om utøvarane har køyrt eit utdanningsløp ved sidan av karriera. Vi har noko fokus på det, men vi kan sikkert ha meir. Vi må syne omsorg for utøvaren, utover idretten. Utøvarane må vere meir enn berre idrett, seier Lereim.

Angrar ingenting

Sjølv om Berntsen framleis er å sjå i volleyballmiljøet, har han funne seg ein ny idrett. Som han vonaleg kan halde på med lenge.

– Golf er fine greier. Og nesten umogleg å skade seg på, ler han lurt.

Eg hadde ikkje gjort noko annleis. Ikkje ein gong om eg hadde visst at det skulle ende slik.

Martin Berntsen

Sjølv om han får protese i venstre kne. For det trur han må til. På sikt.

– Viss ikkje legane finn på noko heilt revolusjonerande då. Elles blir det titan. Men det er ein del av spelet. Eg hadde ikkje gjort noko annleis. Ikkje ein gong om eg hadde visst at det skulle ende slik, seier Berntsen.