Hopp til innhold

– Eit ja til kommunesamanslåing tryggar økonomien til kommunen

Kommunalministeren gir ingen garantiar til små kommunar som seier nei til kommunesamanslåing.

Jan Tore Sanner

LOVA INGENTING:–Det blir ikkje umogeleg å stå åleine, men ein står sterkare saman, svara Jan Tore Sanner på lyttarspørsmål i fredagens ettermiddagssending.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NPK

– Kommunane som går saman vil kunne få god forutsigbar kommuneøkonomi i mange år. Dei får faktisk behalde basistilskotet nesten til 2040. Så det trygge valet er å seie ja. Det usikre valet er å seie nei. Også fordi Norge går inn i meir krevjande økonomiske tider, noko som betyr at det blir meir krevjande på dei offentlege budsjetta.

Slik svara kommunalminister Jan Tore Sanner på eitt av spørsmåla som vart sendt inn til NRK si sending fredag der tema var kommunereform og kommunesamanslåing. Måndag 4. april skal innbyggjarane i fleire Sunnfjord-kommunar seie sitt om kommunesamanslåing i folkeavrøystingar. For mange veljarar er økonomien sentralt i debatten om kommunesamanslåing eller åleinegang.

Ministeren seier endringane som skjer i samfunnet er noko innbyggjarane må ta med seg.

– Oljeprisen har falle frå rundt 120 dollar til 30 – 40 dollar fatet. Det fører til at mange har mista jobben sin. Over tid vil dette også få konsekvensar for dei offentlege budsjetta. Eg vil slåst som ei løve for god kommuneøkonomi fordi det er viktig for velferdstenestene. Men det blir meir krevjande i åra som kjem. Så vi har vore tydelege på at dei som går saman får ei ekstra støtte i mange år framover. Det gir dei tryggleik og forutsigbarheit.

Blir det blir umogeleg å stå åleine for ein liten kommune?

– Det er ikkje umogeleg å stå åleine, men ein står sterkare saman.

Kan ein liten kommune som seier nei likevel bli slått saman?

– Stortinget er veldig tydeleg på at frivilligheit og lokal forankring er hovudstrategien. Så har Stortinget også sagt at det kan vere unntak frå det. Spørsmålet er om ein kommune skal kunne seie nei til det som er ei god regional løysing. No skal innbyggarane først høyrast, så skal kommunane ta avgjerd og deretter Stortinget.

Kan samanslåtte kommunar gå tilbake til utgangspunktet?

– Det finst det eksempel på. Det er jo ikkje slik at det ikkje blir endringar i åra som kjem etter kommunereforma. Det er kommunar som no delar seg etter innbyggarinitiativ, så grensejusteringar vil også blir gjort i tida framover.

I kor stor grad skal lokalpolitikarane vektlegge det som kjem fram i undersøking og avrøysting?

– Det er lokalpolitikarane som har ansvaret. Det er viktig at når vi no skal gjennomføre ei kommunereform er det fordi Norge er endra, ikkje fordi vi skal gjere ei endring. Det er over 50 år sidan førre kommunereform. Vi har diskutert behovet for større kommunar i nesten 30 år, og no må vi sjå framover.

Mange små kommunar vegrar seg for å slå seg saman med store kommunar, og er velfungerande kommunar. Vil dei ikkje kunne halde fram slik?

– Mange kommunar gjer ein veldig god jobb, ikkje minst i Sogn og Fjordane. Men kommunane har ikkje berre ansvar for skule og eldreomsorg, men også for rusbehandling, psykisk helse og barn i barnevernet. Utfordringane dei kommande ti åra kjem til å vekse. Det blir fleire eldre, og det blir fleire med store omsorgsoppgåver og det blir færre i yrkesaktiv alder. Så for å sikre gode velferdsordningar dei kommande tiåra i kommunane treng vi sterkare velferdskommunar.