Hopp til innhold

Statsadvokaten til NRK: Dronedømde Maxim er lauslaten frå fengsel i dag

Russiske Maxim var dømd til fengsel for droneflyging, men slepp fri i dag. No er fire av fire russarar anten frikjende eller lauslatne for droneflyging.

Skjermdump fra Instagram. Russer tiltalt for å ha flydd med droner.

FRI: Russiske Maxim er no lauslaten frå fengsel.

Foto: Skjermdump fra Instgram

Den russiske mannen Maxim, som blei dømd for ulovleg dronflyging i Noreg, er lauslaten.

Det får NRK opplyst av statsadvokat Marit Formo.

34-åringen har då sona 45 av dei 90 dagane han er dømd til.

Formo seier dei har valgt å lauslate han fordi to andre russarar nyleg blei frikjende for liknande forhold. Ein av dei er Andrey Yakunin.

– Maxim har nesten sona ferdig. Det at Yacunin blei frifunnen i går, og ein annan russar i dag gjer at saka hans blir påverka. Me ser det derfor som rett at han blir lauslaten no.

I tillegg er ein annan russisk droneflygar sluppen fri i dag.

Les også Drone-frikjente Andrey Yakunin: – Jeg er ikke sint på Norge

Andrey Yakunin

Sakene om russarar tekne for flyging med drone i Noreg har fått mykje merksemd i media denne hausten.

Totalt fire russiske statsborgarar har vore tiltalte for å fly med drone ulovleg på norsk jord.

På kort tid er alle sakene no endra.

Frå straffeforfølging og dom i enkeltsaker - til at alle fire no anten er frie eller frikjende.

Dømd for ulovleg droneflyging

34 år gamle Maxim blei arrestert i Ullensvang kommune i oktober.

Då hadde han flydd drone fleire stadar på Vestlandet.

Sjølv sa han at han ikkje visste det var ulovleg og at han var der som turist.

Hordaland tingrett meinte likevel at han hadde brote lova fordi russarar ikkje har lov til å fly i Noreg, og han blei dømd til 90 dagar i fengsel.

Dronen til den nå dronetiltalte russeren.

Dette er dronen som den nå dronetiltalte russeren tok bilder og video med i Norge.

Dronebilde tatt ovenfor Preikestolen i Rogaland.

Dronebilde tatt ovenfor Preikestolen i Rogaland.

Dronebilde tatt av dronetiltalt russer.

Landskapsbilde tatt fra dronen til russeren.

Dronebilde

Oversiktsbilde tatt fra luften.

– Viktig med lik behandling

Formo har representert staten i saka mot Maxim og russisk-israelske Vitalij Rustanovitsj som blei dømd for droneflyging i Oslo tingrett i november. Sistnemnde blei også lauslaten i dag.

– No har ulike tingrettar kome fram til ulike resultat. Det er viktig med lik behandling i desse sakene, derfor vil me vente på ankedomstolen for ei avklaring, fortel Formo.

Aktor i saka mot Yacunin har allereie varsla anke. Rustanovitsj som er dømd til 120 dagar fengsel, men sluppen laus, har allereie anka saka si.

Når sakene blir anka går dei vidare til lagmannsretten og så Høgsterett. Det er der Formo meiner den endelege lovtolkinga må kome frå.

Tingretten i Hordaland har nemleg tatt utgangspunkt i at sanksjonen som gjeld flyging i Noreg også gjeld små fritidsdroner. Det er tingretten i Nord-Troms og Senja ueinig i.

– Me må få ei avklaring på dette, seier Formo.

Les også Dronetiltalte Maxim til NRK: – En drone gir vakre bilder av natur og landskap, det er alt

Skjermdump fra Instagram. Russer tiltalt for å ha flydd med droner.

Advokatforeningen: – Ikkje haldbart med ulik behandling

Leiar i forsvarargruppa i Advokatforening, Marius Dietrichson meiner også at det må kome ei rask avklaring på korleis lova skal tolkast.

– Om det er slik at sakene er behandla ulikt, men på same grunnlag, er det ikkje haldbart, seier han.

Til no har fire russarar blitt arrestert og sikta for å fly drone i Noreg.

  • 34 år gamle Maxim blei dømd til 90 dagars fengsel av Hordaland tingrett. Han anka ikkje dommen, men blei lauslaten 45 dagar inn i soninga.
  • Russisk-israelske Vitalij Rustanovitsj blei dømd til fengsel i 120 dagar av Oslo tingrett. Han anka saka og blei lauslaten i dag med ein avtale om å returnere for eventuelle ankeforhandlingar.
  • Den 47 år gamle forretningsmannen Andrey Yakunin blei frifunnen av Nord-Troms og Senja tingrett etter å ha flydd drone under ein segltur på Svalbard i sommar. Aktor har sagt dei vil anke dommen.
  • Ein 50 år gammal mann blei i samme tingrett frifunnen etter å ha flydd drone i Kirkenes i oktober.