Det kom fram på eit ekstraordinært møte i kveld. Eit forslag om mistillit blei utsett til eit ordinært gruppemøte 7. mars.
Like før klokka 18 hasta ein travel gruppeleiar inn på møtet i sentrum av Bergen. Nokre av deltakarane kalla det heile for eit strategimøte, andre brukte ordet mistillit om møte.
– Det som skal diskuterast her er litt rundt bystyregruppa sitt indre, sa Tor A. Woldseth til NRK, i det han forsvann inn døra.
Han bekrefta elles at det ikkje var han som hadde kalla inn til møtet.
Sterk kritikk
Ingen i Bergen Frp har til no villa snakka ope om kritikken mot Woldseth. Men kjelder i partiet seier til NRK at Woldseth i lengre tid har vore nedsettande og drive med det dei karakteriserer som mobbing av medlemmer i partiet.
Dei fortel at det er konkrete hendingar den seinare tida som er utløysande for at fleirtalet no opnar for å byta ut gruppeleiaren. Det vert og reagert på korleis Woldseth opptrer når han representerer Bergen internt i Framstegspartiet, og at han skadar tilhøvet til potensielle samarbeidsparti.
Møtet i kveld varte i nærare to timar.
– Vi har mellom anna diskutert strategiar fram mot valet var kommentaren frå leiar Christoffer Thomsen i Bergen Frp då han gjekk frå møtet.
– Eg veit ikkje om det blir mistillit. Det skal diskuterast fram mot det ordinære møtet i gruppestyret 7. mars, sa Tor A. Woldseth på veg ut frå møtet.
Varaordførar i fire år
Woldseth var varaordførar i Bergen frå 2011 til 2015, og måtte også trø til som fungerande ordførar i vestlandshovudstaden då Drevland-saka byrja å rulla i 2015.
I desember vann 66-åringen eit svært jamt nominasjonsmøte i Bergen Frp.
Det var den mangeårige stortingsrepresentanten Gjermund Hagesæther (57) som måtte gi tapt mot Woldseth.
Sistnemnde har sterkt støtte hjå dei eldre i partiet, medan nominasjonskomiteen ønska seg nye krefter på topp. Difor var også Hagesæther nominert som førstekandidat før møtet.
– Bergen Frp har hatt ei negativ kurve dei siste sju åra, når Woldseth har vore gruppeleiar for bystyregruppa. Vi ønskjer difor nye folk og nye idear, sa leiar i nominasjonskomiteen, Eiler Macody Lund, til NRK før nominasjonsmøtet.
Dramatisk
Eit stort spørsmål no er kva Bergen Frp gjer med nominasjonslista framfor årets val.
At ein nyvald toppkandidat kan bli kasta frå vervet som gruppeleiar i bystyret er svært dramatisk og uvanleg.
Spesielt er det og at det skjer like før ein knalltøff valkamp i Noregs nest største by.
Kontroversiell
Nokon vil kalle Tor A. Woldseth for kontroversiell. Andre meiner han er eit friskt pust. I fleire saker har 66-åringen hamna i heftige diskusjonar med andre politikarar i Bergen.
Før valet for fire år sidan hamna Woldseth og noverande utviklingsminister, Dag Inge Ulstein frå KrF, i ein heftig diskusjon rundt utbygginga av bybanen i Bergen.
Ein annan gong hamna dei same to i ein diskusjon om eit kritisk bilete Woldseth, som fungerande ordførar, la ut i samband med ein demonstrasjon til støtte for syriske flyktningar.
No blir det opp til det ordinære gruppemøtet i Bergen Frp å ta stilling til Tor A. Woldseth sin vidare skjebne.