Hopp til innhold

Dobbeltdrapet på Sotra: – Eg hadde aldri klart å drepe foreldra mine om eg var meg sjølv

BERGEN TINGRETT (NRK): I politiavhøyr forklarte sonen (42) at han frykta nokon var ute etter familien og at han drap foreldra for å skåne dei. Tiltalte er erklært som psykotisk under gjerninga.

Dobbeldrap på Kolltveit

DOBBELTDRAP: 27. juni i fjor vart eit ektepar funne drepne ved heimen deira på Kolltveit på Sotra. Sonen er tiltalt for drapet.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Per Arne Ormehaug (67) og Siri Helen Johannesen (66) vart funne drepne ved heimen deira på Kolltveit på Sotra 27. juni i fjor.

Tysdag starta den tre dagar lange rettssaka mot den 42 år gamle sonen.

Då han vart pågripen fortalde han politiet først at foreldra var ute og gjekk tur. Så fortalde han at han hadde drepe dei og at begge låg i garasjen ved sida av bustaden.

I retten nekta han straffskuld.

Statsadvokat Benedicte Hordnes har varsla at det vil bli lagt ned påstand om tvungen psykisk helsevern for 42-åringen. Mannen har tidlegare fått diagnosen paranoid schizofreni.

Statsadvokat Benedicte Hordnes

AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Skreiv seg ut av psykiatrisk sjukehus

Eit viktig moment i saka er at den tiltalte få dagar før dobbeltdrapet, var innlagd på psykiatrisk sjukehus.

Den tiltalte hadde skrive seg sjølv ut frå sjukehuset og flytta heim til foreldra tre dagar før drapet.

Helsetilsynet har gjennomført tilsyn mot Helse Bergen. Dei konkluderte med at helseføretaket ikkje gav mannen forsvarleg hjelp.

Politiet på Sotra, Kolltveit

ÅSTAD: Ein 67 år gammal mann og ei 66 år gammal kvinne vart funnet døde heime på Kolltveit på Sotra.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Rykka ut på uromelding

Ekteparet døydde av fleire stikkskadar mot kroppen, ifølge tiltalen.

Statsadvokat Benedicte Hordnes gjekk først gjennom korleis dobbeltdrapet vart avdekka. Den tiltalte ringde til sin bror like før klokka 17.00 27. juni. Han opplevde 42-åringen som psykotisk i telefonen.

Då broren ikkje fekk kontakt med foreldra sine etter samtalen, noko som var uvanleg, ringde han AMK. Saman med ein politipatrulje rykka ambulansen ut på det dei forventa var eit psykiatri-oppdrag.

I staden tilstod 42-åringen å ha drepe foreldra med kniv under samtalen med politibetjentane og han peika ut kvar foreldra låg.

Forsvarar Fredrik Verling

FORSVARAR: Fredrik Verling i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Trudde nokon var ute etter familien

Halvvegs inn i første dag av retten fekk den tiltalte forlate rettssalen for resten av dagen. Forsvarar Fredrik Verling opplyste til dommaren at tiltalte ikkje ønska å følge meir av rettssaka.

– Det er usikkert om han kjem til å følge dei to siste dagane, seier Verling til NRK.

Tiltalte nekta også å sette seg i vitneboksen for å forklare seg i dag.. I staden las forsvararen opp eit skriftleg notat den tiltalte hadde skrive:

– I juni 2019 hadde kriminelle forgifta springvatnet i huset til foreldra mine. Dei sa eg skulda dei pengar og amfetamin. Heile byen var ute etter meg og dei sa også at foreldra mine skulle bli torturert i ti år.

– Det er desse personane som er ansvarlege for dette. Eg elskar foreldra mine og eg hadde aldri klara å drepe dei om eg var meg sjølv, las Verling frå notatet, der det også kjem fram at tiltalte meinte han var blitt rusa av narkotikaen som han meiner nokon hadde helt i drikkevatnet forut for dobbeltdrapet.

Dobbeldrapet på Kolltveit på Sotra

DRAP: Krimteknikarar på åstaden for dobbeltdrapet på Sotra.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Drepne om natta

Notatet samsvarer med eit politiavhøyr tiltalte gav til politiet då han vart pågripen 27. juni 2019.

Politiet meiner drapet skjedde natt til 27. juni. I avhør forklarar tiltalte at han frykta nokon skulle ta seg inn i huset denne natta og kidnappe «alle som var der».

Statsadvokaten spelte av avhøyret av 42-åringen, der det kjem fram at han bestemte seg for å drepe foreldra «av barmhjertighet», fordi han ikkje ønskja at foreldra skulle bli «torturert i ti år».

– Dette har han forklart at han hadde tenkt på i nokre dagar, sa aktor Hordnes i si innleiing.

I avhøyret forklarer 42-åringen at foreldra låg og sov. Han stod utanfor huset og ringde telefonen til mora, som ho måtte stå opp for å svare.

Då gjekk han til angrep med ein kniv. Då kom også faren til. Tiltalte forklarer at mora kom seg ut av huset og at han sprang etter.

På gardsplassen utanfor huset knivdrap han begge, før han plasserte dei i garasjen og la teppe over dei.

Han forklarte at han også spyla vatn på gardsplassen for å fjerne blod fleire gonger i løpet av natta.