Hopp til innhold

Mista livet etter brukollaps – ingen har oversikt over liknande farlege bruer

Ein lastebilsjåfør døydde då gangbrua han køyrde inn i rasa over han. Ingen veit kor mange slike bruer det finst i landet.

Dødsulukke då ein lastebil reiv ned ei gangbru i Olsvik i Bergen

DØDSULUKKE: Ein lastebil som køyrte med krana oppe reiv ned denne brua i Olsvik. Ingen har oversikt over kor mange liknande bruer som finst.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Det var i slutten av juli 2023 at ein lastebil skulle køyra under ei gangbru i Olsvik i Bergen. Bak på bilen var det ei kran som ikkje var pakka. Denne trefte gangbrua.

Samanstøyten medførte at eit stort betongelement datt ned på førarhuset til lastebilen. Sjåføren omkom i ulukka.

Etter dette har Bergen kommune fått kartlagt gang- og sykkelbruer som på same måte som brua i Olsvik er sårbare dersom dei blir påkøyrde.

Samtidig har Vegvesenet bede brueigarar over heile landet om å gjennomføra liknande kartleggingar.

I Bergen vart ein tredjedel av dei 21 undersøkte bruene vurdert som sårbare. Fire av dei er vurdert som svært sårbare.

Men ingen har oversikt over kor mange slike bruer som finst.

Noko av grunnen er at vegane våre blir forvalta på tre nivå: Staten, fylkeskommunane og kommunane har ansvar for kvar sine vegar, og dermed også kvar sine bruer.

Ulukker skjer årleg

Det skjer årleg at lette eller påkøyringsutsette bruer blir påkøyrde. Det kjem fram i eit brev Vegdirektoratet har sendt til fylkeskommunane.

Nødetater på stedet etter at en lastebil rev ned gangbro i Bergen ved Olsvik

Då gangbrua i Olsvik blei riven ned, såg det slik ut på staden.

Foto: Silje Rognsvåg / Bergen

Bruene kan då bli skadde eller falla ned. Før ulukka i Olsvik var det ikkje registrert dødsulukker på grunn av brupåkøyrsel.

Men det kan ha vore berre flaks.

I februar 2023 deisa eit betongelement på 50 tonn ned på E16 på Sollihøgda då ein lastebil med kran trefte ei gangbru.

– Det hadde ikkje gått bra viss det hadde vore nokon under der, sa eit vitne til ulukka.

Lastebilen rev ned gangbroen ved Sollihøgda

Slik såg det ut ved Sollihøgda då gangbrua over E16 blei riven ned.

Foto: Anne Kirstine Libæk

I 2021 køyrde ein betongbil inn i ei gangbru på Storetveit i Bergen og drog ho med seg.

Ulukka skjedde i skuleferien, men vanlegvis var brua brukt av fleire hundre skuleelevar kvar dag.

Betongbil kjørte i bro på Storetveit i Bergen.

Dette var resultatet etter at ein betongbil køyrte inn i ei gangbru på Storetveit i Bergen i 2021.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Per no er det ingen som har oversikt over status i kartleggingsarbeidet.

Advarselbrev nådde truleg aldri kommunane

Statens vegvesen viser til at det er dei som eig vegane og bruene som kan gjera greie for status.

I mai bad dei brueigarar på riksveg og fylkesveg om å kartlegga bruene sine og vurdera tiltak.

– Det aller meste skal vera sjekka innan eit år, seier Morten Wright Hansen, fungerande avdelingsdirektør i myndigheit og regelverk i Statens vegvesen.

Ein månad etter ulukka i Olsvik sende Vegvesenet same brev til KS, kommunesektorens organisasjon.

I tillegg peikar dei på at dei ønskjer at brevet blir vidareformidla til kommunane i Noreg, slik at dei kan vurdera om dei har bruer som kan vera utsette for påkøyrsel.

Nødetatene er på E16 Ringeriksveien før Sollihøgda, der en lastebil har kjørt inn i ei gangbru og revet den ned.

Naudetatane var på E16 Ringeriksveien før Sollihøgda, der ein lastebil køyrte inn i ei gangbru og reiv ho ned.

Statens vegvesen har ikkje formell myndigheit til å be kommunane undersøka sine bruer.

Likevel ville dei oppmoda kommunane om å følgja opp dei sårbare bruene, fordi dei meinte det var ein risiko som gjeld alle brueigarar.

Men KS kjenner ikkje til at dei har sendt ut noko brev om dette. Dei opplyser òg til NRK at det ikkje er vanleg at dei sender ut brev på vegner av andre.

Vegvesenet opplyser til NRK at dei har gått ut frå at brevet blei sendt vidare. Pressesjef Kjell Bjørn Vinje seier at dersom kommunane ikkje har fått brevet, vil dei no senda det direkte til dei.

– Det er beklageleg at brevet ikkje har kome til kommunane. Uansett årsak til det, er det likevel vårt ansvar. Dette blir det teke affære på umiddelbart.

Bruene toler gang- og sykkeltrafikk

I Bergen vart totalt 21 bruer undersøkte. Ein tredjedel vart vurdert som sårbare.

– Felles for alle er at dei er eldre bruer som er bygde etter dåtidas krav, seier Tord Honne Holgernes, leiar av forvaltningsavdelinga i Bymiljøetaten i kommunen i ei pressemelding.

Det inneber at bruene toler det dei er bygde for å tola: gong- og sykkeltrafikk over brua.

– Det dei er sårbare for er kraftfull ytre påverknad, for eksempel at bruene blir påkøyrde av eit køyretøy i høg fart.

«Påkøyrsellast» var ikkje eit av dimensjoneringskriteria den gongen bruene blei bygde.

Tord Honne Holgernes, avdelingsleiar i Bymiljøetaten i Bergen

Tord Honne Holgernes i Bergen kommune.

Foto: Leif Rune Løland

Tredelt ansvar

Dei sju bruene i Bergen kryssar riks- eller fylkesvegar, men er eigde av kommunen.

Dermed er det ikkje berre kommunen sitt ansvar å utbetra bruene.

Vestland fylke har òg gjort ei kartlegging. Dei har funne elleve bruer dei vurderer som sårbare. Seks av desse er dei same som Bergen kommune har funne.

Tiltak som gjeld sjølve brukonstruksjonen er det brueigaren som har ansvar for.

Men fordi vegane under bruene er eigde av stat og fylke, blir det deira ansvar å gjera tiltak som gjeld i og ved vegbana under brua.

Lastebil ble knust etter at den kjørte inn i en gangbro i Olsvik.

Øyvind Sætra i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylke viser til at typiske tiltak vil vera montering av sidestyring for å hindra at betongelement blir rivne ned, montering av høgdehinder for å stoppa eller varsla køyretøy som er for høge, eller oppsetting av vegrekkverk for å sikra brusøyler.

Foto: SILJE ROGNSVÅG / NRK

Krankontrollør slår alarm etter dødsulukke: – Berre flaks at fleire ikkje blir skadde

olsvik ulykke