Hopp til innhold

Betongbil reiv ned gangbru

Ein stor betongbil køyrde inn i gangbrua og drog ho med seg. – Eit under at ingen var på brua, fortel augevitne.

Betongbil kjørte i bro på Storetveit i Bergen.

REIV NED: Pumpeutstyret til betongbilen trefte brua med eit enormt smell, ifølge augevitne.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Like etter kl 17.00 onsdag ettermiddag køyde ein betongbil inn i ei gangbru på Storetveit i Bergen.

Ingen personar er meld skadd, heller ikkje bilar.

– Betongbilen skal ha køyrd inn i gangbrua og dradd den med seg, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Lastebilsjåføren vart avhøyrd av politiet på staden, og førarkortet er midlertidig inndrege.

Vegen er vart stengt i begge retningar, noko den var i fleire timar. Klokka 22.22 same kveld meldte politiet at vegen var opna igjen.

Høyrde kraftig smell

Ein som var på løpetur i området då ulykka skjedde fortel til NRK at han høyrde eit høgt smell.

– Så såg eg ei støvsky, og at det var ein stor del av brua som var vekk og låg over lastebilen.

Han fortel vidare at bilane i nærleiken stoppa roleg opp, og situasjonen i trafikken elles ikkje opplevdes dramatisk.

– Men det var veldig heldig at det ikkje var nokon på brua, fortel mannen som heldt fram med løpeturen etter at han stoppa opp og såg det gjekk fint.

Gangbro kollapset i Bergen

DRAMATISK: Tilskodarar fekk sjå ei noko dramatisk syn då betongbilen reiv ned gangbrua på Storetveit.

Foto: Tips

Trafikkert veg

Gangbrua ligg like ved Storetveit skule og går over ein trafikkert veg.

Fleire hundre skuleelevar går over gangbrua dagleg når det ikkje er skuleferie.

Det ligg også fleire butikkar og bustadar i området, i tillegg til den populære Storetveitparken.

Vegen under gangbrua vart stengt i fleire timar, men opna att i klokka 22.20 same kveld.

Gåande må bruke gangbrua eit par hundre meter lenger sør i ei god stund til.

Betongbil kjørte i bro på Storetveit i Bergen.

STORT GAP: Berre dei to oppgangane til brua står igjen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Mista internett

Løparen NRK snakka med fortalde også at betongbilen hadde rive med seg fleire leidningar som hang i lufta over vegen.

Operasjonsleiar Knappen fortel at ingen av leidningane var høgspente eller utgjorde ei fare.

Fleire bebuarar i nærleiken melder no om at dei står utan tv- og internett etter ulykka.

Bergen Fiber melder at ein fiberkabel langs broa vart riven ned under ulykka. Dette har ført til at ein del av deira kundar står utan tv og internett. Ifølge selskapet skal det gjelde området Storetveit, Minde og Landås, og sørover mot Nattland, Sædalen og Apeltun.

– Det er uklart kor lang tid det vil ta å reparer brotet. Kundar som er berørte vil bli varsla per SMS, skriv Bergen Fiber på sine nettsider.