Hopp til innhold

Johannessen om jobben som politimeister: – Nokså lite interessant

Å bli politimeister i eit politidistrikt som snart kan bli historie er ikkje interessant for Arne Johannessen. Difor søkte han ikkje på den ledige stillinga i heimfylket.

Arne Johannessen

VIL IKKJE: Arne Johannessen søkte ikkje på stillinga som politimeister i Sogn og Fjordane.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Mange hadde trudd nyleg avgått leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, skulle søkje stillinga som ny politimeister i Sogn og Fjordane. Men då søkjarlista vart offentleggjort i dag, var det utan den profilerte polititoppen.

– Det er fleire grunnar til det, men for det første så synest eg det er nokså lite interessant når ein ser at det berre er eit og eit halvt års perspektiv.

– Og så er det så tydelege signal om at ein vil leggje ned heile politidistriktet, ein politikk som eg er sterk usamd i, seier Johannessen til NRK.no.

Johan Brekke slutta nyleg i jobben som politimeister i Sogn og Fjordane, og tok over som politimeister i Søndre Buskerud. Dermed har stillinga stått ledig, og det viser seg no at det er fire personar som vil ta over jobben hans.

– Lite inspirerande

Etter at Arne Johannessen gjekk av som leiar i Politiets Fellesforbund i slutten av mai, har han i media blitt trekt fram som ein aktuell kandidat til å ta over som politimeister i heimfylket.

Johannessen har permisjon frå jobben som lensmann i Sogndal, og på spørsmål frå VG svarte han i mai at han var i tenkeboksen i forhold til politimeisterstillinga i Sogn og Fjordane.

Men det vart aldri sendt nokon søknad frå den kanten. Johannessen seier rett ut at det ikkje er interessant å vere politimeister i eit politidistrikt som om kort tid kan forsvinne.

– Skulle ein kome i den situasjonen at ein skal sitje som toppleiar i halvanna år, og vere med å avvikle, noko ein er sterkt imot, så er det veldig lite inspirerande, seier han til NRK.no.

– Ein spesiell situasjon

– Korleis trur du det blir for den som tek over jobben å ha dette i bakhovudet?

– Det er ein spesiell situasjon. No får vi sjå kva dette såkalla Røksund-utvalet kjem med i slutten av månaden, men eg er ikkje i tvil om at det der kjem eit framlegg om ei veldig kraftig sentralisering av tal politidistrikt, og også tal lensmannskontor og politistasjonar.

– Det er klart at det då er ein spesiell situasjon, og det er jo og grunnen til at ingen av politimeisterstillingane er utlyste til lenger enn ut 2014. For meg er det veldig lite interessant, og difor søkte eg ikkje, seier Johannessen.

Han trur søkjarlista hadde sett annleis ut om stillinga hadde vore lyst ut for seks år, slik politimeisterstillingar normalt blir. No er det altså fire søkjarar.

– Dette er som forventa vil eg seie når det ikkje er eit lenger perspektiv enn eit og eit halvår år. Hadde stillinga vore utlyst på normal måte med seks års åremål, så hadde du fått ei søkjarliste av ein anna karakter, seier Johannessen til NRK.no.

Dagbladet skreiv i går at det såkalla Røksund-utvalet vil føreslå å kutte dagens 27 politidistrikt ned til berre seks, Nord-Norge, Midt-Norge, Vestlandet, Sørlandet, Østlandet og Stor-Oslo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjetil Drange

GOD JOBB: Kjetil Drange i Fellesforbundet seier det er viktig for dei polititilsette at den nye politimeisteren vil gjer ein god jobb for Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Forstår hans refleksjon

Kjetil Drange som er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund seier det viktigaste for dei er at den nye politimeisteren vil gjere ein god jobb for fylket.

– Det blir interessant å sjå kven vi får til ny politimeister. Vi håpar vi får ein som er motivert, og som vil gjere ein god jobb for Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han seier dei ikkje hadde gjort seg nokon tankar på førehand om kor mange dei kunne forvente til å søkje på stillinga.

– Arne Johannessen, som mange kanskje hadde trudd ville søkje, seier det var lite interessant for han å søkje på ei stilling som berre er lyst ut for halvanna år, når det samtidig er sterke signal som tyder på at heile politidistriktet kan forsvinne. Kva tenkjer du om det?

– Vi forstår jo hans refleksjon på det, og det får ein berre ta til etterretning. Så får vi sjå positivt på at vi trass alt har fire søkjarar, seier Drange til NRK.no.

Vil halde å jobbe mot endringane

Johannessen har permisjon frå jobben som lensmann i Sogndal fram til november 2014. No har han ferie, og etter det vil han jobbe ein periode som konsulent i Politiets Fellesforbund.

Han vil halde fram å jobbe mot ein del endringar som er varsla i politiet.

– Eg er veldig skeptisk til ein del av dei endringane som er på trappene i norsk politi, både i forhold til å fjerne mange arbeidsoppgåver og ei kraftig sentralisering.

– Eg får sjå litt på korleis eg skal engasjere meg i dei spørsmåla, det er noko med å ha litt avstand til det eg har jobba så sterkt med. Eg har ikkje tenkt å leike forbundsleiar når eg ikkje er det, så det må bli i ei anna rolle.