Hopp til innhold

Sogn og Fjordane kan forsvinne som eige politidistrikt

Politidirektoratet stadfestar at Sogn og Fjordane politidistrikt kan bli slått saman med eit anna distrikt.

Politihuset i Florø

SÅRBARE: Politimeisteren i Sogn og Fjordane held i dag til i politihuset i Florø. Assisterande politidirektør Vidar Refvik seier at så politidistrikt er sårbare.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Assisterande politidirektør Vidar Refvik understrekar at ingenting er bestemt, men seier at små politidistrikt er sårbare.

– Vi har mange små og sårbare politidistrikt. I kommisjonen etter 22. juli blei det også peika på alle dei små politidistrikta som var veldig sårbare på store hendingar når det gjeld kapasitet og kompetanseområde.

Trur det er ein fordel med færre

Vidar Refvik

FORDEL: Assisterande politidirektør Vidar Refvik seier det er mykje som taler for at der fordel med større politidistrikt.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det har ei stund vore kjent at Sogn og Fjordane kan miste Alarmsentralen i Florø, og at denne i framtida kan bli lagt under Bergen. Samtidig jobbar eit utval sett ned av Justisdepartementet med ein gjennomgang av politiet si organisering og ressursbruk.

– Det er mange synspunkt som peikar i den retning av at det er fordel med færre og større politidistrikt, seier Refvik.

I dag er det 27 politidistrikt i landet. Den såkalla Politianalysen skal vere ferdig i juni i år, deretter er det opp til politikarane å bestemme kor mange politidistrikt vi skal ha.

Ventar med å tilsetje

Vidar Refvik seier at Sogn og Fjordane, som eit lite distrikt, vil vere eit av fleire politidistrikt som blir vurdert. Refvik stadfestar også at det er årsaka til at dei ikkje har kunngjort stillinga til noverande politimeister Johan Brekke kort tid før åremålet går ut.

– Når vi no vurderer ein heilt ny politistruktur, så avventar vi å tilsetje ein ny politimeister, seier han

Fylkesordføraren mislikar dette

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SKUFFA: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes likar ikkje det ho høyrer.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er skuffa over det ho høyrer.

– Eg mislikar dette sterkt og eg mislikar at direktoratet tilsynelatande jobbar i det stille med strukturar og endringar for viktige velferds- og tryggleiksordningar.

Men Refvik ser ikkje ulemper med å slå Sogn og Fjordane saman med eit anna distrikt.

– Det som er viktig er vi beheld politidekninga i distrikta, slik at folk får hjelp når dei har behov for det, seier Refvik.