Hopp til innhold

Fire vil bli ny politimeister

Fire personar vil bli ny politimeister i Sogn og Fjordane.

Ronny Iden

BLANT SØKJARANE: Ronny Iden er konstituert politimeister i Sogn og Fjordane i dag, og er blant fire søkjarar til stillinga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Johan Brekke har nyleg gått frå jobben som politimeister i Sogn og Fjordane til politimeister i Søndre Buskerud. Dermed står stillinga som politimeister her i fylket ledig.

Søkjarlista er no klar, og dette er dei fire som vil ta over jobben.

  • Frode Pettersen Reinås (46), jobbar som banksjef, Sogndal
  • Kjell Sigve Haugland (49), jobbar som politiadvokat, Ålesund
  • Ronny Iden (53), jobbar som politiinspektør, Førde
  • Knut Erik Huseby (57), jobbar som politiinspektør, Drammen

I tillegg hadde ei kvinne søkt, men ho har trekt søknaden.

No skal politidirektoratet innstille sin kandidat til Justisdepartementet, og til slutt er det Kongen i statsråd som står for tilsetjinga. Det er uklart kor lang tid det vil gå før ein ny politimeister er klar.