Hopp til innhold

Dette må du gjera om du finn ein nedkjølt person ute

Sist helg vart ei alvorleg nedkjølt kvinne i Sogn sendt rett på sjukehus etter å ha lege ute mange timar om natta. Denne helga fann politiet ein ung mann som sov i snøen i Førde.

Karl Johans gate, mars 2021

Det kan bli skummelt ganske fort på veg heim frå fest om det er kaldt og du er tynnkledd. (Illustrasjonsbilde, Karl Johans gate, 2021)

Foto: Annika Byrde / NTB

Tynne klede, glatte sko eller stiletthælar er ikkje det beste antrekket når du skal gå heim etter ein festleg kveld om vinteren.

Og ein liten kvil på benken kan verka veldig freistande på heimvegen etter at utestaden stenger.

Natt til laurdag vart ein mann funnen sovande i snøen i Førde. Det var ein politipatrulje som fann han, og dei køyrde han rett på legevakta.

Men også om du er heilt edru, skal det ikkje mykje til før du sklir på glatta og plutseleg blir liggande hjelpelaus i snøen i nattemørket.

Vi ser silhuetten av tre personer som går med hunder i Hyde Park i London. Bildet er tatt 8. desember. Det er frost i gresset, og vi ser frostrøyk fra munnene til personene.
Foto: Alastair Grant / AP

Førre søndag morgon vart ei kvinne oppdaga kraftig nedkjølt i Sogndal. Ho hadde truleg falle, svima av og blitt liggande ein plass der ingen såg ho.

Ho vart funnen av ei ung kvinne på veg frå trening søndag morgon. Då var ho kraftig nedkjølt etter mange timar ute og måtte sendast på sjukehus.

– Ho har hatt så uflaks som det er mogleg å ha. Men heldigvis er det ingenting som tydar på at ho får varige skader, mykje takka vera at ho som fann ho handla raskt og rett, seier Jorunn Furuheim i politiet i Sogndal.

Les også David (16) fikk frostskader etter mobilbruk

David Paulsen fikk frostskader på fingrene

Kulde og alkohol er ein dårleg kombinasjon

Nedkjøling, eller hypotermi, er at kjernetemperaturen i kroppen din er under 35 grader Celsius.

Frostskadar er at det blir danna iskrystallar i huda, som sprenger cellene og blodårene, som gjer at cellene døyr. Du kan få frostskadar utan at du har for låg kjernetemperatur.

Det er nedkjøling, og ikkje frostskadar, forskar og lege Arne Johan Norheim er mest uroa for ein sein vinterkveld med litt alkohol.

Du skal ikkje sitta lenge tynnkledd på ein benk før det blir skummelt, seier Arne Johan Norheim.

Portrettbilde av Arne Johan Norheim

LEGE OG FORSKAR: Arne Johan Norheim.

Han er professor ved Universitetet i Tromsø, og forskar blant anna på frostskadar.

Du har sikkert opplevd å hakka tenner eller skjelva når du er kald. Dette er ting kroppen gjer for å kjempa mot nedkjølinga. Men dersom du har drukke alkohol, verkar ikkje desse overlevelsesmekanismane like godt som når du er edru.

– Alkohol er sløvande. Det kompliserer ting ganske dramatisk om du er nedkjølt, seier Norheim.

Dette bør du gjera

Det aller viktigaste du gjer for å hindra at du sjølv hamnar i ein slik situasjon er det du gjer før du går ut.

– Førebygging er det viktigaste! Både med å kle seg godt, og det å passa på kvarandre slik at ingen går åleine, seier Mads Gilbert. Han er overlege ved Universitetssykehuset Nord-Norge.

Mads Gilbert

OVERLEGE: Mads Gilbert er overlege ved Akuttmedisinsk klinikk ved Universitetssykehuset Nord-Norge. Han har blant anna vore med på å redda ei kvinne som hadde ein kroppstemperatur på 13,7 grader.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

– Ta med gode klede til å ha over finstasen. Ull og noko som stoppar vinden. Så brukar du heller fem minutt ekstra i garderoben før og etter festen.

Om du finn nokon som søv ute eller syner teikn på å vera nedkjølt, er dette det du bør gjera:

Stopp varmetap

Få vedkomande i hus, inn i ein bil eller liknande. Er ikkje det mogleg, så prøv å skjerm dei frå vêr og vind og få dei vekk frå den kalde bakken. Pakk dei inn i klede og dekk til hovudet. Gi av eigen kroppsvarme ved å liggja tett inntil, såkalla kameratvarming.

Prøv å få kontakt

Sjekk om vedkomande reagerer på tilrop og varsam risting. Så opnar du luftvegane og bøyer deg heilt ned og lyttar, ser og kjenner etter normal pust.

Ring 113

Om personen ikkje reagerer og ikkje pustar normalt, ring 113 og start straks hjarte- lungeredning med tretti brystkompresjonar og to munn-til-munn-innblåsingar. Hald fram til det kjem hjelp.

– Er du i tvil om du skal ringa, så er du ikkje i tvil. Ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite, seier Gilbert.

Frostrose på vindu
Foto: Kate Smr / Unsplash

Om dei er vakne er det likevel eit fareteikn om dei sluttar å skjelva og byrjar å rota med snakkinga og verkelegheitsoppfattinga.

– Så lenge dei føler dei er kalde, at dei skjelv og er vakne, så er det ikkje så farleg. Men med ein gong det sluttar, då er det fare på ferde, seier Norheim.

Om du hamnar i ein situasjon der du må ta hand om andre som er tilsynelatande livlause, er det viktig å ikkje gje opp, understrekar Gilbert.

Kritisk nedkjølte personar har overlevd mange timar med hjarte- lungeredning på veg til sjukehus som kan varma opp den livlause med ei hjarte-lungemaskin, seier han.

– Fem minus kan ta livet av deg

Det kan ta ei lita stund før temperaturen din når 35 grader. Men derifrå går det raskt nedover.

Det kan gå veldig fort frå skjelving til ein person er i overhengande livsfare, seier Mads Gilbert.

Deira statistikk syner at nær fire av ti pasientar som er djupt nedkjølte og heilt livlause, kan overleva sjølv langvarig gjenoppliving fram til dei vert varma opp på ei hjarte-lungemaskin på sjukehuset i Tromsø.

– Me pleier å seia at «ingen er død før dei er varme og død», seier Gilbert.

Kor lang tid det går før kroppstemperaturen din byrjar å bli farleg låg, er det ingen nøyaktig fasit på.

Kva du har på deg, om du har ete mat, om du er utkvilt, om du har alkohol i blodet, vêr, temperatur og fysikken din er alle ting som spelar inn.

For å forklara det på ein enkel og kanskje litt morbid måte:

– Du kan sjølvsagt få frostskadar i fem minusgrader, men du må under 20 minusgrader før sjansen for at du må amputera byrjar å bli stor, seier Norheim, og held fram:

– Men du kan lett stryka med i fem minusgrader av hypotermi.

Les også Fleire vaksne gjester i fyllearresten under julebordsesongen: – Kan skje den beste

Politiet i arbeid. En mann blir ført til arresten hos politiet.