Rundt 30 elevbedrifter fekk vise fram ideane sine for medelevar frå fylket, politikarar og bedrifter i Høyanger.
På Entreprenørskapsmessa i Høyanger kom ungdomane med alt frå teknologiske nyvinningar til sosialt entreprenørskap.
– Vi har brukt mykje tid på å finne ut korleis vi kan produsere ideen vår, fortel Natalie Nes, Helena Damli Rudi og Marte Hollevik frå Øvre Årdal.
Dei har vore i kontakt med den lokale solcellefabrikken Norsun og fått 3D-printa deksel til ladaren som vann beste idé.
SOLCELLER: Elevbedrifta Sundrive fekk hjelp av Norsun i Årdal for å ordne solceller til ladaren, og av elevar på vidaregåande til å lage dekselet ladaren skulle vera inni. No vil dei tene pengar på oppfinninga.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK– Målet er å selje mange og tene masse pengar på det til slutt. Det har vore mange vaksne innom standen og skrytt av ideen vår, så eg har trua på det, seier Natalie Nes.
Vil få ungdommar til å drive lokalt entreprenørskap
Elevane frå 8. og 9. klassane rundt i fylket skal sjå karrieremoglegheiter i lokalområdet. Det er målet til Hanne Ørnhaug frå Sogn regionråd.
– Eg trur dette er ein dag som gjer inntrykk og gir grunnlag for tankar og idear for elevane. Kanskje dei får tankar om kva dei kan gjere i framtida og bidra med sjølve, seier Ørnhaug.
REGIONRÅDET: Hanne Ørnhaug håpar ungdomane ser moglegheiter for bedrifter som kan lukkast i lokalområdet.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKÅ sjå moglegheiter framfor hindringar, er noko elevbedrifta Eldreaktivitørane frå Lærdal gjer.
Dei vel å bruke prosjektet med elevbedrift til å halde eldre med selskap.
– Vi tenkte dei eldre også treng noko å gjere på. Så vi er der kvar tysdag, med bingo og vi syng og bakar saman. Det er veldig triveleg, seier Simen Lysne, Birthe Neshagen, Olaug Søvde Berg.
Eldreaktivitørane, Simen Lysne, Birthe Neshagen, Olaug Søvde Berg
Foto: Wilhelm Støylen / NRKHeiar på sosialt entreprenørskap
Dagleg leiar i ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane, Holger Aasen
Foto: Wilhelm Støylen / NRKUngt entreprenørskap i Sogn og Fjordane er blant arrangørane av entreprenørskapsmessa i Høyanger. Leiar Holger Aasen trur elevane frå Lærdal er inne på noko.
– Sosialt entreprenørskap er kjempeviktig. Det burde vera obligatorisk for alle ungdomsskuleelevar å ha aktivt entreprenørskap på skulen, meiner Aasen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Glade ordførarar
Også politikarar frå kommunane kring Høyanger har teke turen for å sjå kva idear dei unge kjem opp med.
Ordførar i Luster Ivar Kvalen og ordførar i Balestrand Harald Offerdal har stor tru på dei unge entreprenørane.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK–Det er utruleg mange gode bedrifter der elevane har hatt gode idear og klart å sette dei ut i livet. E trur det er nyttig å ha med seg vidare, det å skjøne kvar inntektene kjem frå og skape noko sjølv, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.
Her er alle vinnarane:
- Beste stand: Stol på gutta
- Beste elevbedrift: Smitt og smule
- Beste nærmiljø og lokalsamfunnsprosjekt: Hæ?
- Beste miljøprofil: Smitt og smule
- Beste salsbedrift: T & J Småjobber
- Beste idé: Sundrive