Hopp til innhold

Skal tale ungdommen si sak på landsmøtet

Amalie Ringdal Birkhol (20) frå Stranda håper å gjere karriere i Venstre. I helga skal ho tale under landsmøtet i Ålesund.

Amalie Ringdal Birkhol

Skule og oppvekst er noko av det Amalie Ringdal Birkhol brenn for. Under landsmøtet skal ho halde tale om ungt entreprenørskap.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Eg gler meg veldig til helga, seier 20 år gamle Amalie Ringdal Birkhol frå Stranda.. Medan 20-åringar flest ikkje er spesielt interessert i politikk, så er dette noko ho brenn for.

I helga skal ho opp på talarstolen for første gong på Venstre sitt landsmøte.

– Ekstremt kjekt å vere med og påverke

Amalie Ringdal Birkhol trur politikk er spanande berre dersom ein engasjerer seg. Det er ikkje alle sakene ho sjølv synast er spanande heller, men når ein finn dei sakene som verkeleg betyr mykje, kjem det politiske engasjementet av seg sjølv.

– Når du finn den saka du verkeleg brenn for, tenkjer eg det er ekstremt kjekt å få lov til å vere med på å påverke.

Ho er spesielt oppteken av skule og at alle born skal ha ein trygg og god oppvekst, og på landsmøtet er det ungt entreprenørskap som er tema når ho skal opp på talarstolen.

– Eg trur det er viktig å satse på entreprenørskap tidleg i utdanningsløpet. På den måten vil ein få i gang skapargleda og interessa for å finne nye løysingar. Det kjem til å verte vioktigare no i åra framover, trur eg.

Ny talarstol

20-åringen sit i kommunestyret i Stranda kommune og likar godt å vere med i kommunepolitikken.

– Det er der vi bur og det er kjekt å få vere med på å forme det samfunnet ein lever i. Det trur eg er viktig for at ein skal trivast.

Som kommunepolitikar er ho van med å halde talar, men det blir noko anna å tale i Ålesund i helga, der Venstre held sitt landsmøte.

– Det er eit ganske stort hopp frå å snakke framfor kommunestyret på Stranda og til å snakke framfor landsmøtet, men det skal verte kjekt å få prøve seg på den talarstolen også.

Politiske ambisjonar

Til hausten er det stortingsval, men Venstre har ikkje lege så veldig godt an på meiningsmålingane. Det trur Amalie Ringdal Birkhol kjem til å snu.

– Eg tenkjer at vi har god tid endå. Vi har hatt Pål Farstad på Stortinget og han har gjort veldig mykje bra. Vi må vise folk i Møre og Romsdal kva vi har gjort for fylket og kvifor vi ønskjer å halde fram med det arbeidet.

Kva ambisjonar har du i politikken. Skal du ta over etter Trine Schei Grande?

– Vi får sjå. Skjer det så skjer det. Kanskje litt fram i tid?