Hopp til innhold

Dette unike hotellet har ikkje hatt ein gjest på fem år – no skal det gjenoppstå

Hotellet i nygotisk stil vart opna i 1891 og har vore besøkt av keisarar og kongelege. No skal favoritthotellet til dei første klatrepionerane tilbake til fordums prakt.

Hotel Mundal

HERSKAPELEG: Hotel Mundal i Fjærland har ei stolt historie, men har ikkje husa ein gjest på fleire år.

Foto: Bård Siem / NRK

Fem år har gått sidan siste gjest sjekka ut. Sidan har turistar møtt ei låst dør og ein byggeplass.

Gammalt og øydelagt tregolv, stolar og boss ligg rundt omkring på tomta når vi skriv juli 2023. Hotellet har vore under renovering sidan 2018 og lokalbefolkning og tilreisande har lurt på om det ville bli sluttført.

Men no står utsida av bygget snart ferdig. Eigaren, Ola Moe, lovar at hotellet skal bli klart. Han har teke turen frå Austlandet til den vesle sognebygda der hotellet han eig har vore eit landemerke i 132 år.

– Eg forstår dei som meiner det har teke lang tid, men når ein ikkje deltek i prosessen er det vanskeleg å sjå kor komplisert det er, seier han.

Mundal Hotel ca. 1895

Hotel Mundal i 1895, fire år etter opninga.

Eit spørsmål om prioritering

For Moe vil ha hotellet tilbake til slik det var då det vart opna i 1891.

Tid er investering i kvaliteten i det autentiske, seier han.

Moe lovar at hotellet skal vere ferdig til nyopning sommaren 2025, men han har eit problem. Prosjektet manglar budsjett.

– Vi er som ein båt utan ror på havet, seier investoren.

Han ler godt.

– Eg har på ein måte vorte eit gissel i mitt eige hotell, så eg er nøydd til å gjennomføre.

Ola Moe på Hotel Mundal.

Det vil koste både tid og pengar Målet er å føre tilbake interiøret slik det stod fram då hotellet var nytt for 132 år sidan.

Foto: Bård Siem / NRK

Klatre-pionerar og tysk keisar

Historia om Hotel Mundal går parallelt med utviklinga av klatreturisme, brevandring og det som i dag blir kalla topptur-turisme.

Utover 1800-talet blei Fjærland eit yngda mål for rike utanlandske eventyrarar.

Lokalisert ved fjorden, med kort veg til fjella og breen, let kunstnarar, overklasse og turistar seg lokke til Mundal. Klatrarar som William Cecil Slingsby, som ville vere først på fjelltoppane i Jotunheimen, brukte hotellet som base.

William Cecil Slingsby var blant dei første til å bestige Store Skagastølstind.

Klatrepioneren William Cecil Slingsby var førstemann opp på m.a. Store Skagastølstind i Jotunheimen, og ein hyppig gjest på Hotel Mundal.

Området var attraktivt også for tyske keisar Wilhelm II og adelege frå heile verda.

Det er denne tidsepoken Ola Moe vil hente fram under lag av gamle tapet.

Tapeten vil også kunne fortelje om besøket til dåverande visepresident i USA, Walter F. Mondale, i 1979. Familienamnet Mondale kjem av nettopp Mundal.

Omstridd

Ola Moe sjølv har dei siste åra skapt overskrifter på fleire frontar, og fått ord på seg for å vere ein heller mediesky investor.

45-åringen frå Gjøvik er i dag investor og bonde i Nordre Follo utanfor Oslo. Under den store flyktningbølga i 2015 vart han i media kalla «asylbaron» og «asylinvestor».

Ifølgje VG tente Moe gode pengar på å framleige ein eigedom han leigde av Oslo kommune til UDI.

Investoren gjorde også Rondablikk Hotell om til akuttmottak for flyktningar. Planane om ein fjellandsby i Rondane møtte protestar.

– Dei kan få kalle meg kva dei vil. Vi har hatt flyktningar buande på eit par av våre hotell i ein kort periode. Vi har aldri drive noko rein asyl-verksemd, seier Moe i dag.

Ola Moe på Hotel Mundal

Ola Moe har vore gjenstand for mange medieoppslag dei siste åra, ikkje minst i samband med investeringar i asylmottak. Sjølv har investoren halde svært låg profil.

Foto: Bård Siem / NRK

Investoren stod bak oppkjøpet av fleire historiske trehotell rundt om i landet. Både Eidsbugarden i Jotunheimen og Tørvis Hotell i Sogn.

Moe står framleis som eigar av Hotel Rondablikk Rondane. Planane for dette vil ikkje Moe røpe.

Har så langt brukt 35 millionar

I 2016 søkte Moe om å få rive Hotel Mundal i protest mot auka eigedomsskatt.

Slik gjekk det ikkje. I staden har handverkarar rykka inn for å berge bygget.

Investoren vedgår at det hadde vore raskare og billegare om han ikkje stilte så strenge krav til autentisitet. Det blir mellom anna gjennomført ei heilt ny rominndeling og fleire av golva får anna høgde.

Han ville truleg fått meir igjen om han sette pengane i banken.

– Men det er meir spanande å bruke pengane på dette, seier Moe.

Moe har så langt brukt 35 millionar kroner på reparasjon av tak og vindauge. Av dette har hatt fått om lag 10 millionar kroner frå vernemyndigheitene. Kor stor den samla prislappen blir, veit han altså ikkje.

Ola Moe på Hotel Mundal

Eigar Ola Moe kan konstatere at utsida for det meste er klar, mykje står framleis att før Hotel Mundal huse gjester.

Foto: Bård Siem / NRK

Får støtte frå tidlegare riksantikvar

Moe har fått ein god del kritikk for at renoveringsarbeidet har gått seint. Han har ofte vore utilgjengeleg for pressa, og det har vore usikkert om arbeidet i det heile ville bli sluttført.

Ein som ikkje deler kritikken er Jørn Holme, styreleiar i stiftinga Norsk kulturarv og tidlegare riksantikvar. Han viser til at det er svært krevjande å renovere hotellet.

– Det er formidabelt at Moe er så uthaldande. Mange ville gitt opp undervegs, seier han.

Riksantikvar Jørn Holme fredet steinbruddet på Store Råholmen utenfor Kråkerøy i Fredrikstad

Jørn Holme var Riksantikvar frå 2009 til 2018. Han seier vi har få hotell som Mundal att i Noreg.

Foto: Jan Henrik Ihlebæk

Holme peikar på at Hotel Mundal er eit av dei mest unike trehotella i landet.

– Vi har få hotell som har så store verneverdiar både innvendig ut utvendig frå den gylne tida med trehotell som Hotel Mundal, seier han.

Men trass nytt tak, ny kledning og nye vindauge, står framleis mykje arbeid att. Arbeid til mange millionar kroner.

– Men har du nok pengar til å sluttføre arbeidet?

– Det er eit spørsmål om prioritering. Når ein har starta på noko, så er det dyraste som finst å ikkje avslutte, seier investoren som understrekar at han har eigenkapitalen som trengst.

Det er til saman også løyvd over 3 millionar kroner i offentlege midlar til arbeidet til rehabiliteringa av hotellet.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det Ola Moe også eigde det historiske hotellet i Drangedal og Nigardsbreen Gjesteheim, men dette er ikkje rett. Artikkelen blei endra klokka 11.30 9. september.