TILBAKE: Lars Domaas tilbake ved Rondablikk der han arbeidde hausten 2015.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKDå hotellet vart akuttmottak over natta
Eit forsøk på å finne ut kva som skjedde på Rondablikk Høyfjellshotell under asylkrisa i 2015. Og om noko liknande kan skje igjen?
– Det var heilt sjukt eigentleg, seier tidlegare hotellmedarbeidar Lars Domaas.
Han snakkar om laurdagen i oktober for fire år sidan då den nye eigaren brått dukka opp på hotellet. Rondablikk skulle bli akuttmottak for flyktningar.
Frå og med måndagen etter.
– Vi hadde fullt opp med hotellgjester, seier Domaas. Vi kunne ikkje berre kaste dei ut.
Domaas fortel at gjestene fekk beskjed om å forlate hotellet tidleg søndag føremiddag. Dagen etter byrja dei første asylsøkjarane å komme.
Hotellsjef Marianne Grodås var i Montenegro då ho fekk vite kva som skjedde på hotellet på Kvamsfjellet. Ho var på ei vekes ferie for å lade opp til julebordssesongen etter ein hektisk sommar og haust.
– Det var heilt surrealistisk, seier ho.
I august skreiv banken kontrakt med ny eigar. Samstundes fekk ho vite at det nye driftsselskapet ikkje ville ta over drifta før 1. mai 2016.
Då Grodås reiste på haustferie var Rondablikk Høgfjellshotell nyoppussa og fullt av gjester. Då ho kom tilbake hadde eigarskiftet alt skjedd. Og hotellet var blitt akuttmottak for asylsøkjarar.
HOTELLET: Tradisjonsrike Rondablikk Høyfjellshotell ligg på Kvamsfjellet i Nord-Fron.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKHausten 2015 opna det seg ein ny marknad for folk med eigedom og investeringslyst. I nokre månader vart det mogleg å tene raske pengar på å tilby husvære til flyktningar.
Hotellgründeren Ola Moe frå Gjøvik var ein av dei som greip sjansen. Då talet på asylsøkjarar som kryssa riksgrensa var på sitt høgaste utpå seinhausten, hadde selskapa hans ei brutto inntening på dryge tre millionar kroner i veka på å huse flyktningar i tre ulike mottak. Pengane kom frå den norske staten.
Samstundes fortel tidlegare tilsette om vanskelege arbeidstilhøve og uro for å gå på jobb. Ein av asylsøkjarane fortel om sosial isolasjon, passivitet og mat som ikkje metta.
Kva var det eigentleg som skjedde?
Ola Moe har fått ei rekkje tilbod om å uttale seg i denne saka. Han har latt være å bidra.
Asylkaos
1. desember 2015 står i ei særstilling i europeisk asyl- og flyktninghistorie. For fyrste gong nokosinne kunne International Organisation of Migration slå fast at talet på asylsøkjarar som var komne sjø- eller landevegen til Europa i løpet av eitt år hadde passert ein million menneske.
Det var krisestemning i Europa.
PÅ FLUKT: 27. oktober 2015 kryssa denne familien grensa mellom Hellas og Nord-Makedonia. Aldri før hadde det komme så mange flyktningar til Europa som denne seinsommaren og hausten.
Foto: ©Unicef/MCDA2015-00012/GeorgieTil Noreg kom det totalt 31 145 asylsøkjarar i løpet av 2015, over ti gongar så mange som i 2018.
I Syria raste borgarkrigen på femte året, og dei fleste asylsøkjarane kom derifrå. Men også frå Afghanistan, Irak og Eritrea var flyktningstraumen større enn vanleg.
Utlendingsdirektoratet (UDI) hadde eit uuttømmeleg behov for akutte mottaksplassar.
– Det var ein ekstraordinær situasjon, seier Siv Kjelstrup
Leiaren for UDI Indre Østland hadde ved utgangen av 2015 ansvaret for over 40 akuttmottak og meir ein 30 ordinære asylmottak. Alle akuttmottaka var oppretta i løpet av det siste året.
Inn i mørkret
Ein av dei som kom var Turki Ahmad Alturki frå Syria. Han kom på sykkel over russegrensa ved Storskog i Finnmark den 9. oktober 2015.
25 åringen frå Aleppo fortel at han studerte til byggingeniør i den russiske byen Volgograd, men då Russland gjekk inn i krigen i Syria i september 2015, mista han studentvisumet og fekk beskjed om å forlate Russland. Det var uaktuelt å reise tilbake til det krigsherja heimlandet. Dermed vart han ein av 5465 asylsøkjarar som kom til Noreg i 2015 via den «arktiske ruta» over Storskog.
PÅ TO HJUL: Grenseavtala mellom Noreg og Russland slår fast at grensa ikkje kan kryssast til fots. Derfor kom meir enn 5000 asylsøkjarar over grensa på sykkel i 2015.
Foto: Nils Henrik Måsø / NRKFire dagar seinare sit han aleine i ein drosje på veg bort frå transittmottaket Refstad på Bjerke i Oslo. Han er trøtt, men får ikkje sove.
Turki og eit hundretals andre asylsøkjarar hadde vore gjennom ei strevsam natt etter at dei kom med flyet frå Kirkenes. På Refstad fekk dei beskjed om at dei var feilsendt, at det ikkje var plass til dei der. Det er i allefall slik han hugsar det.
No blir dei sendt vidare i taxi, nokre ein og ein. Til den endelege destinasjonen; ein stad som heiter Rondablikk.
Turki er usikker på taxisjåføren. Han synest det virkar som om ho ikkje veit kor ho skal. Alt Turki vil er å sove, men han vågar ikkje. Ute pakkar mørkret seg rundt bilen og det blir lenger og lenger mellom husa. Bilen klatrar i smale svingar opp ei trong dalside.
Reisa har snart vart i seks timar, og alt han ser i det kvite billyset er ein smal veg ramma inn av mørke grantre.
PÅ HØGFJELLET: Turki Ahmad Alturki kom til Rondablikk den 13. oktober 2015. Dette bildet er tatt mens han budde på hotellet.
Foto: privat / DølenHotell til sals
Sommaren 2015 låg Rondablikk Høyfjellshotell ute for sal. I praksis hadde det tradisjonsrike hotellet på Kvamsfjellet vore til sals heilt sidan den lokale banken overtok som eigar etter finanskrisa i 2011.
– Historia er at vi fekk eit konkursbu i fanget, seier Per Ivar Kleiven som er banksjef i Sparebank 1 Gudbrandsdal. Banken hadde gitt store lån til den førre eigaren. Då konkursen var eit faktum, vart eigedommen ført tilbake til banken.
–– Då fekk vi heile hotellet med tilhøyrande herligheter.
For sparebanken hadde hotellet langt større verdi dersom det var i drift enn om det skulle bli liggjande tomt. Gjennom mange år hadde banken vore med på ei storstilt hytteutbygging på Kvamsfjellet, og mange av tenestene til dei bortimot tusen hytteeigarane i området vart drifta av hotellet.
BANKSJEF OG HOTELLEIGAR: Sparebanken 1 Gudbrandsdal er ein viktig aktør i næringsutviklinga i Gudbrandsdalen. Derfor var det naturlege for banken å drive hotellet vidare då den førre eigaren gjekk konkurs i 2011. Per Ivar Kleiven er bankdirektør.
Foto: Tone Sidsel Sanden / Dølen– Rondablikk var motoren for alle fasilitetar hyttemarknaden hadde behov for. Vi kunne ikkje berre sleppe det og la det forfalle.
Eit eige driftsselskap vart oppretta, og sommaren 2014 vart den erfarne hotelldrivaren Marianne Grodås tilsett som hotelldirektør. Ho starta ei oppussing av hotellet, som i følge banken, kosta mellom tre og fire millionar kroner. Grodås hadde store planar for 2016:
– Rondablikk skulle bli det beste høgfjellshotellet i landet. Det var visjonen.
Ny eigar
Etter at Marianne Grodås overtok som hotelldirektør hevdar banken at dei vart kontakta av fleire som kunne vere interessert i å kjøpe hotellet. Men banken lukkast ikkje med å lande ei salsavtale.
– Det var ikkje noko populært å drive høgfjellshotell, seier Kleiven.
Sommaren 2015 skulle dette endre seg. Banken hadde fått kontakt med ein 37 åring frå Gjøvik som tidlegare hadde investert i fleire hotell.
Namnet hans er Ola Moe, og han gjorde eit godt førsteinntrykk på hotelldirektør Grodås då han personleg møtte opp på Rondablikk utpå seinsommaren.
– Det var spennande. Ola Moe er ein person som snakkar godt for seg.
Også Sparebanken 1 Gudbrandsdal var nøgd med møta med Ola Moe.
Totalt hadde Rondablikk kosta banken over 10 millionar kroner, og motivasjonen var stor for å lande eit sal.
26. august kjøpte Ola Moe Rondablikk for 11,7 millionar kroner.
Moe tok opp lån i den same banken som stod som seljar av hotellet.
– Finansieringa av hotellet er her i banken, ja, seier Per Ivar Kleiven i dag.
– Ei delvis finansiering. Han hadde betydeleg eigenkapital.
For Marianne Grodås var dette ein god nyheit. No fekk hotellet ein eigar som hadde planar om å utvikle det vidare.
HOTELLSJEFEN: Marianne Grodås såg lyst på framtida til Rondablikk Høyfjellshotell sommaren 2015.
Foto: Tone Sidsel Sanden / DølenDet gav henne god tid til å gjennomføre haust- og julebordsesongen som planlagt, samstundes som ho kunne planlegge neste år saman med den nye eigaren.
Marianne Grodås såg lyst på framtida til Rondablikk.
Hotellgründeren Ola Moe
I starten av 2015 var Ola Moe involvert i eit konglomerat av selskap som alle dreiv i eigedomsbransjen. I det siste hadde han kjøpt opp fleire eldre, konkursramma hotell.
HOTELLEIGAREN: Ola Moe frå Biri i Gjøvik kjøpte Rondablikk Høgfjellshotell i 2015. Dermed eigde han seks hotell som skulle marknadsførast under kjedenamnet Pure Hotels.
Foto: Guro Vollen / DølenEitt av dei var Morgedal hotell i Telemark. Til avisa Varden fortalde Moe at hotellet skulle inngå i ein ny hotellkjede han var i ferd med å bygge opp. Kjeda skulle få namnet Pure Hotels, og omfatta dei tradisjonelle hotella Mundal, Nigardsbreen og Tørvis i Sogn og Fjordane, samt Eidsbugarden i Oppland.
Då Ola Moe kjøpte Rondablikk Høgfjellshotell i august 2015, sa han til Gudbrandsdølen Dagningen at også dette hotellet skulle inn i den nye hotellkjeda.
Frå hotell til mottak
Seint i september fekk hotellsjef Marianne Grodås ein mistanke om at den nye eigaren kanskje ville noko anna med hotellet enn det han hadde fortalt. Grodås fortel at ho kom i prat med ein bussjåfør som kom med ei turistgruppe til Rondablikk. Han fortalde at Morgedal Hotell, eitt av dei andre hotella til Ola Moe, no var i ferd med å bli akuttmottak for asylsøkjarar.
For Grodås var dette som å få ein knyttneve i magen. Kom dette til å skje med Rondablikk også?
Ho kontakta Sparebank 1 Gudbrandsdal som framleis var arbeidsgjevaren hennar, og bad banken skaffe henne ei stadfesting frå Ola Moe om at han framleis ville drive hotell på Rondablikk. Det var viktig for henne dersom ho skulle jobbe der vidare. Å drive asylmottak kunne ho ingen ting om.
5. oktober 2015 fekk banken svar frå Ola Moe:
Hei,
Jeg kan avkrefte at vi ønsker å gjøre om Rondablikk til asylmottak.
Morgedal er som du refererer brukt av UDI som akuttinnkvartering på døgnbasis, hvor de betaler en pris tilsvarende bussturister. De bor på fullpensjon og er som vanlige gjester. En slik akuttsituasjon varer 2-4 måneder da de er i ferd med å få opp ordinære asylmottak. Det gir gode inntekter men ingen store problemer, UDI dekker skader etc.
Skulle UDI forespørre oss om mer i noen uker og det er ledig på Rondablikk får det bli en diskusjon med Marianne om kapasitet, men det er ikke tanken pt. Vi har andre hotell som i så fall går foran.
Med vennlig hilsen
Ola Moe
Ola Moe avkreftar altså at det skal bli asylmottak på Rondablikk, noko banken slår seg til ro med og formidlar vidare til Grodås. Men det er også det einaste ho får vite, seier ho.
Samstundes viser Moe til at det heller ikkje på Morgedal vart oppretta noko asylmottak, men at hotellet vart brukt av UDI som akuttinnkvartering på døgnbasis. Asylsøkjarane budde på fullpensjon som vanlege gjester. Denne typen innkvartering kallar UDI for akuttinnkvartering, ikkje asylmottak.
Moe utelukkar likevel ikkje at det kan bli akuttinnkvartering på Rondablikk, men at «...det er ikke tanken pt. Vi har andre hotell som i så fall går foran».
Men i følge Grodåas får ikkje ho vite noko om dette. Då ho reiser på ferie tidleg i oktober er det ski- og vintersesongen som er under planlegging.
Men alt dagen etter svaret til banken sender Ola Moe ein ny e-post, denne gongen til UDI:
Hei,
Jeg har et utkast til forslag. Vi er ute og reiser i morgen og torsdag, men er på telefonen
Leie som følger:
- Rondablikk fra mandag (cirka 180-190 plasser - må gå gjennom først)
- Morgedal fortsettelse etter eksisterende kontrakts utløp
- Vardåsen, Asker: 100 plasser, oppstart 01.11.15 (med et lite forbehold)
Avtale slik satt opp tidligere (foreslår at du lager en avtale per sted på to måneder og deretter en ny en ut 31.03), da er du kanskje innenfor regelverket?
Vi skal da klare et sted mellom 6 og 700 per natt for alt med en "ramme" på cirka 500 senger for perioden. Da klarer vi å bemanne mye bedre.
La oss snakke videre på telefon. Jeg legger ikke skjul på at vi er veldig innstilt på å få til noe. ettersom vinteren er en hard sesong å komme gjennom, så vi skal strekke oss så langt vi klarer.
Moe tilbyr altså umiddelbart å leige bort 700 plassar til UDI det neste halve året. Nesten 200 av desse plassane er på Rondablikk, dei andre i Morgedal og i Asker, der han har leigd eit stor bygg av Oslo kommune knytt til det psykiatriske sjukehuset Dikemark.
Kort tid etterpå er avtala mellom Ola Moe og UDI eit faktum.
Asylsjokket
Lars Domaas ristar på hovudet.
Han har tatt oss med opp på høgda ovanfor Rondablikk Høgfjellshotell for å vise fram Kvamsfjellet som betyr så mykje for han. Då han var liten var det besteforeldra som dreiv hotellet.
Sjølv har han jobba der i fleire periodar. Seinast hausten 2015.
No står hotellet tomt.
– Vi ville jo ta i mot alle som kom på hotellet, men det var ikkje dette vi kunne noko om.
MAKTESLAUSE: Den tidlegare hotellmedarbeidaren Lars Domaas fortel at dei tilsette kjende seg makteslause då dei brått fekk ansvaret for nesten to hundre asylsøkjarar.
Den tidlegare servitøren fortel ei historie om å kjenne seg makteslaus då Rondablikk gjekk frå å vere hotell til å bli akuttmottak i løpet av ei helg. Han fortel at jobbkvardagen vart totalt snudd på hovudet utan at han og dei andre tilsette fekk moglegheit til å førebu seg.
– Vi gjekk frå å legge til rette for glade turistar den eine dagen, til å få ansvar for traumatiserte asylsøkjarar den neste.
Domaas fortel at han kjende seg aleine og overlaten til seg sjølv, både av hotelleigaren og av UDI, i møte med fortvilte menneske han meinte fortente eit betre tilbod enn det dei tilsette ved hotellet var i stand til å gje dei.
– Vi ville så gjerne får meir informasjon og hjelp av UDI og eigarane. Men vi fekk det ikkje.
Hotellsjef Marianne Grodås kjende på det same.
– Teamet på Rondablikk var så samansveisa at vi hadde takla å ta i mot asylsøkjarar også, om vi hadde fått moglegheit til å førebu oss. Men vi fekk ikkje det.
Ei seng og tre måltid om dagen
Historia om korleis det eigentleg var på Rondablikk desse månedane i 2015, varierer noko frå kven ein spør. Avisa Dølen og NRK har snakka med ei rekkje kjelder som anten hadde arbeidsplassen sin på Rondablikk, eller som var der som asylsøkjarar.
Det dei fleste kjenner seg igjen i er akkurat denne kjensla av å vere overlatne til seg sjølve, langt inne på fjellet, utan støtte frå hotelleigaren eller UDI, i ein stadig meir uoversiktsikteleg situasjon.
– Det gjekk rykte om skabb og andre meir alvorlege sjukdommar, og vi frykta for smittefaren, seier Lars Domaas.
Maten vart ein kime til konflikt. Både tidspunkt, mengde og substans vart tema for diskusjonar.
Eit eksternt firma vart leigd inn av Ola Moe for å ta seg av matlaginga. Arild Haugen fekk kjøkkenansvaret på Rondablikk, og han forstår godt frustrasjonen.
KOKKEN: Arild Haugen fekk ansvaret for å lage mat på Rondablikk. Det angrar han på i dag.
Foto: Sigrid Gausen / Dølen– Det blei servert supper og gryter som langt på veg bestod av tjukningsmiddel. Eg hadde aldri gjort den jobben under dei tilhøva ein gong til, seier han i dag.
Han fortel at oppdraget var å lage tre måltid om dagen til ein samla kostnad av 60 kroner per dag per person.
– Som kokk ynskjer eg å lage mat eg er stolt av. Då eg jobba på Rondablikk laga eg mat eg ikkje kunne stå inne for. Eg gjekk på akkord med meg sjølv. Det var inga god kjensle, seier Haugen.
Asylsøkjarane hadde lite å ta seg til, og ute var det snø og kulde. Små ting kunne utarte til bråk. I alt var det seks politiutrykkingar til Rondablikk mens det var akuttmottak der.
Ingen kunne fortelje kva som skulle skje med asylsøkjarane på Rondablikk.
– Vi visste jo ikkje, seier Domaas. Vi hadde ingen svar å gje dei.
Han fortel at dei tilsette etterkvart kjende seg urolege, og at fleire var redde for å gå på jobb.
For å roe gemytta vart eit eksternt vaktselskap leigd inn. Men det berre forsterka kjensla av isolasjon og internering, fortel Turki Alturki som i dag bur i Kristiansand.
– Det føltes som om vi var i fengsel, seier han.
Gamle konflikter kom til overflata, fortel Turki. Folk frå ulike sider og med ulike syn på det som skjedde i Syria og Irak vart pressa saman på eit hotell i den norske fjellheimen. Mange kom rett frå krigen, og hadde behov for oppfølging.
Men på Rondablikk måtte dei berre vente, mens snøen heldt fram med å falle.
VONDE MINNER: Turki Ahmad Alturki frå Aleppo i Syria fortel om korleis det var å vere asylsøkjar på Rondablikk. Han bur i dag i Kristiansand.
Ny asylkrise?
– Vi ser auka ankomsttal i Hellas allereie. Faktisk opp på nivå med 2015 i enkelte veker, så eg trur asylkrisa har byrja å starte på nytt igjen.
Ein bekymra justisminister Jøran Kallmyr (Frp) vart intervjua av
då han besøkte UDI sitt nye mottakssenter i Råde i Østfold, 15. oktober i år.TELTINSPEKSJON: Justisminister Jøran Kallmyr i samtale med stadleg representant for UDI, Knut Jostein Berglyd på ankomstsenteret i Råde i Østfold, 15. oktober 2019.
Foto: Joakim Reigstad / NRKEtter Tyrkia sin invasjon i Syria hadde ei ny uro spredt seg mellom europeiske politikarar.
Kan president Erdogan komme til å gjere alvor av trusselen om å sende 3,6 millionar syriske flyktningar frå Tyrkia til Europa? Og kor klare vil vi då vere til å ta i mot dei som kjem?
I 2017 evaluerte UDI eiga beredskap i 2015. I evalueringsrapporten slo UDI sjølv fast at direktoratet ikkje var godt nok førebudd til å møte situasjonen som oppstod.
– Vi hadde jo aldri opplevd noko liknande, seier Siv Kjelstrup som er regionleiar for Region Indre-Østland.
I løpet av nokre månedar i 2015 busette UDI over 5000 asylsøkjarar berre i Hedmark og Oppland. Eit tal på storleik med folketalet i Søndre Land, heimkommunen til Kjelstrup.
– Vi hadde ikkje kapasitet til å følgje opp alle, og måtte tilsette fleire folk. Og det tok jo også tid. Det aller viktigaste var å skaffe tak over hovudet til alle som trong det. Og det klarte vi.
ASYLDIREKTØREN: Siv Kjelstrup er regiondirektør i UDI.
Foto: Arne Sørenes / nrkKjelstrup meinar UDI er betre rusta for å møte ein rask auke i talet på asylsøkjarar i dag enn i 2015 fordi direktoratet no har sovande akuttavtalar med ei rekkje aktørar som kan ta i mot folk på kort varsel.
Samstundes meinar ho at det er eit dilemma at talet på ordinære asylmottak no er kraftig redusert i takt med at det no kjem langt færre asylsøkjarar til Noreg enn i 2015.
– Vi må heile tida tilpasse oss behovet, og ikkje ha plassar ståande tomme. Derfor har vi mista fleire operatørar. Det er jo ei kjennsgjerning at det vil ta tid å bygge opp igjen kapasiteten vi no har lagt ned.
Konkurs og sal
Det som er sikkert er at UDI sin manglande beredskap i 2015 skapte eit handlingsrom for folk som ville tene raske pengar. Norske medier byrja å skrive om «asylbaronar», og Ola Moe var berre ein av fleire som havna i søkelyset.
– Det kan nok tenkjast at nokon strekte prisane så langt dei kunne, seier Siv Kjelstrup i dag. Ho understrekar at eigaren på Rondablikk ikkje skilde seg merkbart ut i så måte.
Alt i november 2015 avslørte
at Ola Moe sine selskap hadde ei inntening på 9,7 millionar kroner i månaden på å tilby 416 asylplassar i Morgedal Hotell og Rondablikk Høgfjellshotell. Vi har no ettergått alle kontraktane Ola Moe hadde med UDI i 2015 og 2016, og kan slå fast at han mottok totalt 44,9 millionar kroner for mottaksplassane.På Rondablikk vart akuttmotaket avslutta 12. desember 2015. Etter to turbulente månedar vart ikkje avtala forlenga av UDI.
– Det var vi som avslutta kontrakten på grunn av mykje uro, fortel Kjelstrup.
Ola Moe stengde hotellet for å pusse opp, og UDI stadfesta at dei ville betale 112 000 kroner tilbake for skader og slitasje.
I 2018 sel Ola Moe alle hotella sine til ekteparet Halstein og Marianne S. Sjølie frå Moss. Men oppgjeret for salet kjem aldri, og i november 2019 blir
sikta for grovt underslag.I dag er det mørkt i vindaugo på Rondablikk. Hotellet er stengt, men framleis eigd av Ola Moe. Både Rondablikk, Morgedal og dei andre hotella i det som skulle bli hotellkjeda Pure Hotels er til sals.
Samstundes er det fleire flyktningar på utsida av EU sine yttergrenser no enn i 2015. Og Europarådet sin kommisær for menneskerettar slår alarm om
Kanskje kan tanken på ei ny asylkrise pirre eventuelle kjøparar?
Epilog
Tysdag 26. november 2019 kan vi lese dette på NRK Innlandet sine nettsider:
«Det er åpnet konkurs i driftsselskapet til Rondablikk høyfjellshotell. Hotellsjef Sofie Kvåle begjærte konkurs etter at hun og tre andre ansatte ikke har fått lønn siden 20. august. Eier av driftsselskapet, Halstein Sjølie, har ingen kommentar».
STENGT: Heller ikkje i år blir det julebord på Rondablikk Høyfjellshotell.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK