Hopp til innhold

Det hastar med å vaksinere seg

FØRDE (NRK): Folkehelseinstituttet ser ein oppgang i influensasjuke dei siste vekene og seier det hastar med å vaksinere seg.

Vaksine

BØR VAKSINERAST: Utsette grupper bør vaksinerast snart, seier Folkehelseinstituttet.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Me forventar at mange kjem til å liggje sjuke i den verste julestria, seier Karoline Bragstad, seniorforskar ved avdelinga for influensa ved Folkehelseinstituttet.

Karoline Bragstad

BØR VAKSINERAST: – Dei risikogruppene må tenke på å vaksinere seg no, om dei skal nå det i tide, seier Bragstad.

Foto: Ingvild Baltzersen Sund / NRK

Folkehelseinstituttet (FHI) skriv kvar veke ein rapport om influensaovervaking og kva resultat dei ser. Dei siste vekene har kurvene gått bratt oppover, og FHI varslar no om at influensaen kan toppe seg rundt jul.

– Det verkar som influensasesongen kjem nokre månadar tidlegare enn normalt i år, men me veit rett og slett ikkje kvifor sesongen byrjar så tidleg, seier Bragstad.

Det hastar med å vaksinere seg

DET HASTAR: Folkehelseinstituttet skriv i ein rapport at talet på influensasjuke held fram med å stige.

Foto: Folkehelseinstituttet / Illustrasjon

Har delt ut nesten ein halv million vaksinar

– Det er sendt ut nesten 430 000 dosar vaksinar for å sikre dei som er i risikogruppene, seier Bragstad.

Risikogruppene ho talar om er menneske som er kronisk sjuke, eldre over 65 år, gravide, eller andre som har låg immunitet.

– Skal ein vaksinere seg, så må ein gjere det no, seier Bragstad.

Det tek om lag to veker for at ei vaksine skal fungere, så om ein ynskjer å vere sikker før jul, gjeld det å skunde seg, fortel seniorforskaren. For å vaksinere seg, kan ein kontakte fastlegen sin og spør om ein time. Dei fleste må rekne med å betale ein eigendel.

– Dette har folk vore gjennom før

– Influensaen er ikkje farleg eller ukjend for dei fleste, seier Reidar Hjetland, overlege i mikrobiologi i Helse Vest.

Reidar Hjetland

GOD HYGIENE ER VIKTIG: Overlege Reidar Hjetland understrekar at ein bør passe litt ekstra på og vaske seg ofte i influensasesongen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Sjukdommen kjem jo kvart einaste år, berre at han kjem noko tidlegare i år, seier Hjetland.

Han kan fortelje at influensautbrottet mest sannsynleg kjem frå Sør- eller Austlandet, og at dei på Helse Førde berre har hatt tre påviste pasientar med influensa hittil i år.

– Men dette vil nok auke når me nærmar oss jul, legg overlegen til.

Influensaen i år har ein større sjanse for å råke eldre, medan fjorårets sjukdom råka ungdom. Dette endrar seg frå år til år, fortel Hjetland.

– Elles er det dei vanlege hygieniske råda, med å vaske hendene ofte, halde seg heime om ein er sjuk og la vere å hoste eller nyse på andre, smiler Hjetland.

Influensaprøver

TESTAR: Ein tilsett ved Helse Førde syner fram arvestoffprøvar som er testa for influensa. Dei har so langt i år funnen tre positive testar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK