Hopp til innhold

Desse to gjer at færre droppar ut

FØRDE (NRK): Stryn vidaregåande skule har snudd høgt fråfall til at fleire fullførar opplæringa. Kamilla (19) og Lena (19) er to elevar som kan ta noko av æra for det.

Elevmentorar

ELEVMENTORAR: Kamilla Rake (t.v.) og Lena Vinsrygg (t.h.) er to av 15 elevmentorar ved Stryn vidaregåande skule.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Gjennom prosjektet Draumeskulen skapar vi eit betre miljø på skulen, der vi står på for at alle skal trivast. Trivsel er viktig for fullføring av vidaregåande skule, seier Kamilla Rake.

Ho og Lena Vinsrygg går begge i tredje klasse på Stryn vidaregåande skule. Sidan andre klasse har dei vore elevmentorar for andre elevar gjennom ei ordning som heiter Draumeskulen.

– Heile skulen har blitt meir samansveisa. Alle veit kven alle er, då trur eg ein vert mindre redd for å vere seg sjølv, meiner Rake.

Bekka Skaasheim

BRUKAR STRYN SOM EKSEMPEL: Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane, meiner Stryn vidaregåande skule er eit bra eksempel på eit godt læringsmiljø.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Elevane Rake og Vinsrygg var saman med lærar Oddny Grete Njøten på Samhandlingskonferansen i Førde. Dei var henta inn for å dele erfaringar.

– Stryn vidaregåande er ein av mange skular som jobbar godt med læringsmiljø, noko som bidrar til høgare grad av gjennomføring i vidaregåande opplæring, seier Skaasheim.

Fremme god psykisk helse

På tredje året har Draumeskulen vore ein sentral del av skulekvardagen til både lærarar og elevar i Stryn.

– Draumeskulen skal fremme god psykisk helse og eit godt læringsmiljø for elevane. Trivselen vert betre, noko som gjer at elevane vil lære meir og glede seg til skulen. God trivsel vil gje større lyst til å gjennomføre vidaregåande, fortel lærar Oddny Grete Njøten.

Oddny Grete Njøten

GODT VERKTØY: Oddny Grete Njøten er lærar ved Stryn vidaregåande skule og meiner Draumeskulen er eit godt verktøy for å fremme god psykisk helse.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

I starten av kvart skuleår samlast klassane, før det utover året er aktivitetar for at elevane skal knytte band med kvarandre.

– Kvar klasse får elevmentorar som saman med kontaktlærar har ulike aktivitetar for at elevane tidleg skal knyte band. Vi set mål for korleis klassen skal vere ein draumeklasse med tanke på skulemiljø, og korleis ein skal vere mot kvarandre i klassen. Etter nyttår ser vi om måla er nådd, eller om det er andre problem i klassen som må løysast, fortel elevmentor Lena Vinsrygg.

Trivsel for å hindre fråfall

Ho er sikker på at Draumeskulen er ein viktig faktor for at fleire gjennomfører skulegongen.

– Vidaregåande er eit ganske stort steg frå ungdomsskulen. Det er mange nye ansikt, noko som gjer at du kanskje kan føle deg litt aleine. Då er det viktig at vi kan hjelpe dei med å danne band mellom kvarandre, og er der for elevane om dei treng nokon dei kan snakke med.

Klar for føredrag

SAMARBEID: Kamilla Rake (t.v.) og Lena Vinsrygg (t.h.) samarbeider tett med ressursgruppa ved Stryn vidaregåande skule, der Oddny Grete Njøten sit.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

For Oddny Grete Njøten, lærar på Stryn vidaregåande skule, er elevmentorane ein stor del av trivselen.

– Det er veldig viktig. Eg trur det ofte kan vere lettare for ein elev å gå til ein medelev, heller enn ein lærar. Elevmentorare ser ting som vi lærarar ikkje ser.