Hopp til innhold

Her legg dei planane som skal gjere skulesuksessen endå betre

HØYANGER (NRK): To år med 1 til 13-skule har vore suksess. Det meiner i alle fall rektorane i Høyanger. Og no vil dei ha endå meir samarbeid.

Morten Rørvik og Torill Thorbjørnsen

LEGG PLANAR: Saman med rektoren frå andre sida av fotballbana i Høyanger, Torill Thorbjørnsen (t.h.), har Morten Rørvik brukt vinterferien til å leggje planar som skal gjere pilotprosjektet endå betre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Samarbeidet er eigentleg ganske bra. Vi har fått litt meir innblikk i kva som går føre seg i den vidaregåande skulen.

Eirill Kauppi Rørvik

POSITIVT: Eirill Kauppi Rørvik og medelevane i 10. klassen i Høyanger er meir enn andre jamaldringar på den vidaregåande skulen i kommunen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Orda kjem frå 10.-klassingen Eirill Kauppi Rørvik. Når 16-åringen om få månader tek til på vidaregåande skule, veit ho betre enn dei fleste kva ho går til.

Utvida samarbeid

For i staden for å bli nedlagde då fylkespolitikarane skulle spare pengar for to år sidan, vart skulen del av eit pilotprosjekt. Eit pilotprosjekt som inneber utvida fagleg samarbeid, utveksling av lærarkrefter, utvida hospitering for 10.-klassingane og fagdagar.

Onsdag blir fylkesutvalet for opplæring presentert for erfaringane så lang.

– No er vi ute av den «kva vil vi» og framtidsvyar. No er vi komne ned på detaljane på det pedagogiske arbeidet og drift. Det er det som er spennande, seier rektor ved Høyanger skule, Morten Rørvik.

Gode erfaringar

For samarbeidet med den vidaregåande skulen skal bli endå tettare.

– Tanken er å sjå to skular i eitt, seier Thorbjørnsen.

Ungdomsskulen i Høyanger, med Høyanger VGS i bakgrunnen.

NÆRME: Berre ei fotballbane skil ungdomsskulen og Høyanger vidaregåande skule (i bakgrunnen). Det gir store moglegheiter for samarbeid.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Pilotprosjektet i industribygda har kome langt på to år. I ein rapport til Utdanningsdirektoratet konkluderer oppvekstsjef Stig Engen at erfaringane etter to år er gode.

Smidige overgangar

Han meiner også at piloten i Høyanger kan bli viktig for liknande prosjekt kring om i landet. Det trur også grunnskulerektor Rørvik, som meiner målet må vere å hindre at elevar droppar ut av skulen.

– Fråfallet startar kanskje allereie i barneskulen, og vi ser nytte av at vi no ser heile den raude tråen frå 1. til 13. Vi ser veldig godt kvar vi bommar, seier han og legg til:

– Overgangane, om det er frå barneskule til ungdomsskule eller frå ungdomsskule til vidaregåande skule, er alltid den store utfordringa. Om vi ikkje gjer overgangane så smidige som mogleg, så mister vi elevar på vegen, seier han.

Vel lokal skule

Høyanger Vidaregåande skule

TETT: Høyanger vidaregåande skule stod på kuttlista, men vart berga av eit pilotprosjekt med grunnskulen i industribygda.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Thorbjørnsen ser også ein annan positiv effekt.

I større grad enn tidlegare ser 10.-klassingane i utkanten av kommunen ut til å søkje seg til den lokale vidaregåande skulen, framfor å reise vekk til større skular.

– Det har kanskje ikkje vore noko alternativ før, og har nok med at ungdomskullet i heile kommunen blir kjende med kvarandre gjennom samarbeidet, seier ho.

Kan tene mykje

Lise-May Sæle

NØGDE: – Vi ser at det er mange 10.-klassingar og fleire frå ungdomsskulen på Høyanger skule som er her borte. Dei har hatt ulike fordjupningsprosjekt, seier Lise-May Sæle.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Elevrådsleiar Lise-May Sæle ved Høyanger skule trur dei fleste elevane i prosjektet er nøgde.

Som oppvekstsjefen i kommunen trur ho mange andre skular kan lære av modellen.

– I alle fall burde ein sjekke moglegheita. Her er det to skular som ligg nær kvarandre, og som kan tene mykje på å dele på kompetansen dei har, avsluttar ho.